Om meg

Om meg


Som ny ordførar i Sund kommune så er det ikkje alle som kjenner meg. Eg bur på Tofterøy saman med familien min. Eg er gift og har 4 søner. Eg er glad i kystkulturen og trives godt i naustet og i båten. Eg vart vald inn i kommunestyret for Sund Høgre ved valet i 2007.

I mi yrkeskarriere fram til no har eg i hovudsak arbeidt i Sjøforsvaret. Der starta eg som vernepliktig kokk på U-båt i 1985. Eg utdanna meg som siviløkonom på Handelshøgskulen og offiser på Sjøkrigsskulen i den tida eg var i Forsvaret. I hovudsak jobba eg innan forpleiing, logistikk og forvaltning i dei 25 åra eg arbeidde i Sjøforsvaret. Det siste prosjektet eg var engasjert i  var bygging av dei nye fregattane i Spania. I 2005 slutta eg i Sjøforsvaret og starta i BKK AS der eg leidde eit innkjøpssamarbeid mellom energiverka på Vestlandet. Eg arbeidde med dette fram til eg vart vald som ordførar på kommunestyret 8.november 2010.

I mitt politiske arbeid i Sund kommune har eg leia administrasjonsutvalet i kommunen og vore styreleiar i Sotra Brannvern IKS. Som ordførar ønskjer eg å arbeida for at tenesteproduksjonen og kostnadane våre er i samsvar med inntekta til kommunen. Målet er å ha dei beste tenestene som er mogeleg innafor den økonomiske ramma vi har. For å få dette til må det til ei prioritering og eit godt samarbeid med alle. Eg har som mål å vera ein god ordførar for alle politiske parti, tilsette og samfunnet. Eg er godt motivert for jobben og er ein engasjert person. Eg har stor tru på Sund kommune, og vi har mange viktige sakar å arbeide for.

Her kan du bli betre kjent med meg:
http://valg.tv2.no/velgerguiden/2011/kandidater/hordaland/sund/hoeyre-sund/ove-bernt-trellevik/

Med helsing
Ove Trellevik