tirsdag 12. desember 2017

AP og SP si merkelege haldning til fylkes og regionsutvikling


Omkampene si tid er forbi. Opposisjonen med AP og SP i spissen, tapte omkampen om kommune- og regionreforma 7.desember. Vedtaket om samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane var eit demokratisk og frivillig fatta vedtak i begge fylkestinga. Likevel klarte AP og SP på Stortinget å fremja forslag  om å reversere denne og fleire andre samanslåingar no i haust. Dette til tross for at dei sjølve har hatt store ambisjonar om ei regionreform. Det er langt mellom liv og lære.



To år med informasjonsmøte, høyringar, forhandlingar og debattar kunne endeleg avsluttast med ei intensjonsavtalane i februar i år. Saka vart vedteken i Stortinget i 8.juni. Opposisjonen gav seg ikkje og 7.november sa Stortinget endeleg sitt. Mageplasket til opposisjonen var eit faktum. Ikkje rart, få held veljarane for narr slik AP og SP gjer.  i Glåmdalen 26. oktober 2005 kunne vi lese:

«Regionreformen er en storstilt demokratireform, intet mindre», uttalte daværende kommunalminister og leder i Senterpartiet, Åslaug Haga.

I Aftenposten den 9. mars 2006 kunne vi lese kronikken til SP`s Trygve Slagsvold Vedum og AP`s Dag Terje Andersen, med tittelen: "Sterke regioner for fremtiden», der stod det:

«Det er mange som har synspunkter på hvordan vi best skal utforme nye, sterke og robuste regioner. Rådslaget vårt inviterer alle engasjerte mennesker til å delta i en bred demokratisk debatt rundt den viktigste demokratireformen i Norge på lenge!»

Den raudgrøne regjeringa fekk det altså ikkje til, og derfor måtte jo sjølvsagt heller ikkje regjeringa Solberg få det til. Panikken i AP og SP steig.  Valkampen stod for døra, og kort tid før Stortinget skulle fatta vedtak om regioninndelinga, vart AP imot. No skulle eit to år langt arbeid reverserast. Lokale partifeller og trufaste AP -veljarar stod att noko forvirra. Her skulle dei omstille seg frå entusiasme til pessimisme i rekordfart. Partiet sentralt hadde talt.

Senterpartiet samla ein liten flokk inne i Sogn, der representanten Liv Signe Navarsete med ein «brennande fakkel i handa» forkynte følgjande om reforma: «Det er så ille at det skulle vore straffbart». Å svinge partipisken var viktigare i SP enn å lytta til innbyggarane og fylkestinget si vilje.

Navarsete si haldning stod i sterk kontrast til den offensive og konstruktive tilnærminga til den same reforma som partikollegaen hennar, fylkesordføraren Jenny Følling  hadde. Ho hadde integritet til å seie at ein må «sjå opp og framover», og tok ei positiv tilnærming til reforma. Det same gjorde fylkesvaraordførar, Åshild Kjelsnes, frå AP.

AP og SP på Stortinget har vist at det er langt mellom liv å lære, og viser i all si kraft at dei ikkje vil lytta til heimfylka sine eige ønskjer.

 

Frida Melvær

Stortingsrepresentant (H). Sogn- og fjordane

 

Ove Trellevik

Stortingsrepresentant (H). Hordaland


Her er ein liten knakande morrosom film frå
kommunesammanslåinga i vest:  Storkommunen Øygarden , ha lyd på og les teksten..:-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar