tirsdag 28. mars 2017

Lov om Nettolønn for sjømenn er vedtatt!


Tysdag 28.april vedtok Stortinget Lov om tilskott til sysselsetting av arbeidstakarar til sjøs. Lova blir med å sikra at tilskots ordninga som har utvikla seg over tid,  blir eit viktig verkemiddel for å bevare Norges posisjon som leiande maritim nasjon.



Maritim næring er svært viktig for heile nasjonen, og har betydd svært mykje for utviklinga også innan andre næringar, som for eksempel olje & gass. Første gongen FRP foreslo denne lova i Stortinget var i 2010, men forslaget blei då nedstemt av AP, SV og SP. Likevel kritiserte AP  regjeringa for at dei nesten har bruk 4 år å få på plass dette lovforslaget, som dei sjølve var imot!!.

Likevel, det var ein samla komité som meiner at sjømenn sin erfaring frå norske skip er ein verdifull og ein viktig ressurs for å bevare og vidareutvikla Norge som ein leiande maritim nasjon. Høgre legg også til grunn at ei konkurransedyktig tilskots ordning er ein føresetnad for å sikra norsk maritim kompetanse, rekruttering og maritim konkurransekraft.

Så er det slik at nokre alltid skal prøve å slå ein «politisk mynt», sjølv om det er brei einighet om sjølve lovforslaget som vi har behandla.

Denne gangen er det AP, SP og SV som nokk eingong har «bevega seg ut på gattisen» og prøver å ta ære for denne regjeringen sin politikk. Då dei sjølv sat i regjering fikk  dei fint lite til. Dette vart bekrefta av tidligare statsekreter frå SP Hege Solbakken då den raudgrøne regjeringa sitt siste budsjettframlegg blei lagt fram 13.oktober, der ho uttalte 14.oktober 2013 sa, sitat:

Maritimt Forum  meiner regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2014 ikke tar inn over seg utfordringane knytt til å vidareutvikle norsk maritim næring i ein knallhard internasjonal konkurranse. Maritim næring gir arbeid til 100 000 mennesker over heile landet, og treng ordningar som gjør norske sjøfolk konkurransedyktige for å utvikle næringen. - Sitat slutt.-

 Fasiten til AP og SP i regjering var altså:

Ingen lovfesting av nettolønns ordninga som dei lova, og heller ikkje noko utviding av nettolønnsordninga.

Også i ein anna merknad i dagens sak prøver opposisjonen å ta æra for at Regjeringa Solberg har endra forskrifta, og faktisk heva taket i nettolønnsordninga for skip i NOR. Det er altså ikkje stortinget med AP i spissen som gjer forskriftsendringar. Den æra skal regjeringa ha – såpass ærleg burde AP være, men det er dei ikkje.

Vidare viser også merknadane at AP har serdeles lite respekt for heilheten i Fartsområdeutvalet sin anbefaling.

Når regjeringa innfrir og følgjer opp sin del av Fartsområdeutvalet sine anbefalingar, med utviding av nettolønsordninga – så meiner AP i sitt fulle alvor at forutsetningane då blir endra, og dei andre partane i Fartsområdeutvalet då ikkje treng innfri sine delar av anbefalingane til Fartsområdeutvalet.

Dette vitnar om  at dei ikkje har skjønt mandatet til Fartsområdeutvalet.

Dette er lite seriøst av AP, og vitnar om at politikken er blitt enkel retorikk frå AP, og ikkje reell politikk. Det fortener ikkje den norske sjømann. Det fortener heller ikkje den maritime næringa.


Opposisjonen meiner også i merknadane at regjeringa må utgreia muligheitene for å stille norske krav om løns og arbeidsvilkår på norsk sokkel og langs Norskekysten. Dette har vært utgredd ei rekkje gongar. Heilt sidan NOU 1976: 40, har konklusjonen vært at forsyningsskip Nordsjøen fullt ut må følgje skipsfartens ordinære opplegg. Og, seinast når AP sist satt i regjering konkluderte dei med det same.

Sjå berre kva dei skreiv i om betydinga om å følgje Havrettskonvensjonen og flaggstatsprinsippet i St.meld nr 15 (2008 – 2009) om hovudlinjene i norsk utanrikspolitikk, sitat:

FNs havrettskonvensjon, EØS-avtalen og WTO-avtalen er med på å sikre norske økonomiske interesser og norsk velferd, direkte eller indirekte,

 - og vidare - president, skriver dei at:

Norge som har ein liten og open økonomi, bør det betraktas som vår primære og prioriterte utanrikspolitiske interesse å forhindre svekkelse av internasjonal rettsorden og multilaterale styringsystemer.

Regjeringa understrekar også betydninga av at dei grunnleggjande reglane i havrettskonvensjonen anerkjennes og følgjes lojalt av alle berørte statar.

  • Sitat slutt-
Eg lurar på kva som er endra seg så masse sidan ein vel å sjå vekk frå dei tidligare utgreiingane, og no tar til ordet for å utgreie noko som vil utfordre desse gode prinsippa? Desse partia vil altså sjå vekk frå grunnleggjande prinsipp i for eksempel Flaggstatsprinsippet – som seier at det er flaggstatens reglar som gjeld for løns og arbeidsvilkår. Ap har heilt rett i at vi er ein liten nasjon, med ein open økonomi. Det gjer jo at vi er heilt avhengig av internasjonal handel for å sikre eksport og skape jobbar,  som kan sikre vår velferd og trygghet i framtida.

Tiltak slik AP, SV og SP foreslår kan ikkje oppfattast enn noko anna enn proteksjonisme i praksis.

Å ha norske lønns og arbeidsvilkår på for eksempel eit utenlandsk fartøy som skal gjere ein jobb på norsk sokkel i nokre veker, så må ein altså:           

skifte bemanning ihht til norske reglar,

ein skal ha norsk HMS reglar,

og ein skal ha norsk løn- og arbeidsvilkår. 

Dette for å gjere ein jobb i nokre dagar. Dersom alle land vel å gjere dette så blir resultatet at ein skal skifte til eitkvart land sine egne lovar og reglar.Dette er inga god løysing. Dei fleste forstår det. Det bidrar heller ikkje til å skape ein einaste ny norsk stilling om bord på norske skip.

Heller ikkje om ein krev norsk løn for å frakte gods langs kysten for eksempel frå Oslo til Tromsø, vil skapa nokon nye norske arbeidsplassar. Tvert imot.

Dette vitnar om at eit lite land som Norge i praksis ikkje kan ty til proteksjonistiske reguleringar for å styrkje eigen konkurransekraft. Proteksjonisme har aldrig vært noko løysing som fremjar vekst og utvikling av  velferda vår her i landet, og det kjem heller aldrig til å bli det.

Det burde Ap forstå, sjølv om SP og SV slit med å forstå det.

I debatten ville ikkje AP diskutere konsekvensane av ein slik politikk med å krevje norsk- løns og arbeids vilkår på alle skip. AP ville også ha æra for utviklinga i nettolønnsordninga. Her manglar dei kunnskap som kunne vært utgredd! Nettolønsordninga er ei overslagsbevilling og det er det auka talet på sjømenn spesielt innan offshore som på grunn av rekordinvesteringar og stor aktivitet innan olje & gass som har medført økte budsjett til nettolønsordninga. Det er såleis ikkje AP sin politikk som i praksis sto stille som er orsaka, men investeringane i olje & gass sektoren.

 

Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar