lørdag 4. januar 2014

Næringslivet hovudtema på Nyårsmøtet 2014

Næringslivet og kommunane  i Hordaland sine utsikter og forventningar til 2014 var hovudtemaa på fylkesordføraren sitt Nyårsmøtet 2014 i Bergen fredag 3. januar. Dette er eit årleg møte der fylkesordførar inviterar stortingsrepresentantar for Hordaland, fylkespolitikarar, ordførarane i hordalandskommunane, representantar for næringsliv, organisasjonar, næringsliv, høgare utdanningsinstitusjonar m.fl.




Målet er å gje oss stortingsrepresentantar eit godt innblikk i kor ”skoen trykker”. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen innleier om kva forventningar og utsikter næringslivet i fylket har til året.

Global Center of Expertise
Næringsminister Monica Mæland orienterte om regjeringa sin næringspolitikk. Etter statsråden sitt innlegg blei det presentasjon av to GCE-kandidatar frå vår region: Marin GCE og GCE Subsea. Begge kandidatane representerar det beste av forsking og utvikling og innovative vekstbedrifter innan sine respektive fag.
Eg sat att med ein følelse av at det er Marin GCE som kanskje har minst konkurranse frå andre miljø i landet. Bergen har noko av verdas fremste forskingsmiljø innan marin forsking. I Bergen er både for Fiskeridirektorat og Havforskingsinstituttet lokalisert. I tillegg er det en rekke hovudkontor for relevante selskap i byen. 60% av verdens lakseproduksjon er styrt frå Bergensregionen. GCE Subsea har også store muligheiter med erfaringane og kompetansen som er bygd opp i NCE Subsea. Selskapa som er med her er verdsleiande i sine fag og klynga er internasjonalt sertifisert, og er allereie blant de fremste i verdssamanheng. Selskapa som er med i klynga har allereie ca 50% av verdas Subsea marknad og opererer over heile verda. Dei møter likevel konkurranse frå andre miljø i Noreg. Her er det gode miljø blant anna i Stavanger, Sørlandet og på Kongsberg. Noreg står såleis sterkt i verdssamanheng når det gjeld Subsesa teknologi.
Det som til sjuande og sist bør vi viktigast når GCE kandidatane skal veljast er den muligheita dei har for verkeleg å bli eit GCE og bringe næringa representerer til nye høgder internasjonalt sett – til det beste for Noreg. Dersom ikkje det blir ”distriktspolitikk” av dette, så burde begge kandidatane kanskje vunne fram basert på objektive kriterium som kan etterprøvast.

Andre aktørar – og forventningar til Stortinget
Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes, NAV Hordaland, og direktør Nina Broch Mathisen, Innovasjon Noreg Hordaland følgje opp debatten med innlegg frå sine ståstader. Det er eit alvorleg samfunnsproblem at så mykje som 20% av dei som kunne vore i arbeid -  fell utanfor arbeidslivet. Dette må det gjerast noko med.
Byrådsleiar i Bergen, Ragnhild Stolt-Nielsen, ordførar John Opdal i Odda og Hans-Inge Algrøy frå FHL presenterte sine forventningar til Hordalandsbenken og Stortinget for kommande år. Hordaland har ulike utfordringar. I kommunane langs kysten går det godt mens innerst i fylket er det meir usikkerheit knytt til dei store industriselskapa sine vilkår. Alle er opptatt av betre samferdsel. Dette må være nr 1 – av utfordringar som  må følgjast opp. Mange prosjekt ble nemnt. Bl.a E39 og ny terminal på Flesland. Det er også eit behov for å styrkja sivilingeniør utdanninga i Bergen med ca 50 plassar. I tillegg trengs det nokre ressursar til meir infrastruktur. Regionen har også eit behov for snarleg å få etablert eit servicesenter for utanlandske arbeidstakara. Hordaland som er Noregs viktigaste eksportfylke er svært sårbar på kompetent arbeidskraft. For havbruksnæringa er marknadstilgang og nye områder/lokaliteter viktig for framtidig vekst. I debatten kom det også fram at fokuset på to-delinga av Norsk økonimi er viktig, MEN; olje & gass er på ingen måte en næring i ”solnedgang”. Olje & gass næringa kommer til å bli viktig for Hordaland i mange generasjonar framover.
Administrerande direktør Bergen Næringsråd, Marit Wrancke, orienterte om «Ny kartlegging om næringslivet sine utfordringar og forventningar i 2014, og vidare dei neste 20 år.»  Dette er basert på ein marknadsundersøking.
Næringslivet i Hordaland har noko mindre tru på året som kjem enn kva dei hadde for eitt år sida. At få vil investere, vitnar om ein usikker marknad. Dei fleste ventar likevel at 2014 blir om lag som 2013.
Bedriftsundersøking som er gjennomført viser korleis næringslivet vurderer utsiktene for 2014.
  • Lågare forventingar enn i januar 2013
  • Låg investeringsvilje
  • Dei fleste næringar ventar likevel vekst i talet på tilsette i 2014
  • Lærlingebedriftene middels nøgd med lærlingane
Bedriftsundersøkinga viser at næringslivet i fylket er blitt noko meir pessimistiske samanlikna med i fjor på same tid. Samleindeksen har gått ned frå 21 poeng i januar 2013 til 15 poeng i januar 2014. Den største andelen som ventar nedgang finn vi i landbruket. Dei som driv med fiske og havbruk har størst tru på oppgang neste år.

Situasjonen er ikkje dramatisk, men signaliserer truleg at den reduserte veksten i norsk økonomi kan å ha nådd Hordaland – og då visse næringar kraftigare enn andre.

Her kan du lese meir om næringsbarometeret:

Møte med Bergen Kommune
Etter nyttårsmøtet med Fylkesordførar & Co, fortsette Hordalandsbenken mete med Bergen kommune. Har var tema utfordringane Bergen har som ”vertsby” for Hordaland og korleis vi kan få til eit best mogeleg samarbeid mellom benken og regionen. Tema som blei drøfta her var helse og rus utfordringar, barnehage økonomi sett i lys av at de private barnehagane ikkje har dei same pensjonsutgiftene som dei kommunale barnehagane. I tillegg blei det presentert regionale planar for ulike etableringar som symjehall etc som også kan få status som nasjonalt anlegg. Vei og bane var også tema! Møte dagen blei avslutta med eit framifrå Torskemåltid!

Kvelden blei for min del avslutta i Grieghallen på den årlige nyttårskonserten til Bergens Tidende. Ein fantastisk oppleving. Bergen Filharmoniske orkester med sin historie helt frå 1765 var glimrande. Så også dei andre som Sigvart Dagsland, Karoline Kruger og Gunnar Staalesen med fleire. Her var det rom for fornying og eksperiment, nye samspillformer og en kanskje meir uhøgtidelig konsertform. Nytt og gammalt møttes på senen, og Mathea-Mari Glittenberg og Balder Hella Mikkelsen gav publikum ei heilt spesiell oppleving tass sine unge alder.

mvh
Ove
Får vi eit framtidig GCE på Ågotnes?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar