lørdag 16. februar 2013

Fylkes saker i fokus denne veka


I denne bloggen kan du lese om status på sambandet til Lerøy/Bjelkarøy, samt status på fylket sitt arbeid med den vidaregåande skulen i Sund.
 



Ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad

Bergen kommune og Sund kommune har tidligare vedtatt planprogram for nytt samband til øyane. Det blei vedtatt 2 alternativ. Det eine var tunnel ut til Bjelkarøy og det andre var oppgradering av ferjetilbodet. Saka om fastlandssambandet og vidare framdrift blei behandla i samferdselsutvalet 13.februar. Administrasjonen i fylket innstilte på at ein berre skulle gå vidare med områdereguleringsplanar for eit alternativ med oppjustert ferjetilbod. Politikkarane vedtok dette med eit tilleggspunkt om at fastlandssambandet skal vurderast på nytt i neste rullering av Regional Transportplan som er om ca 4 år. Det vil sei at det framleis er politisk vilje til å byggja sambandet ein gong i framtida, men politikkarane fann ikkje økonomi til å prioritera dette sambandet hausten 2012 då Regional Transportplan og tilhøyrande handlingsprogram blei vedtatt.

Slik saka står, har eg liten tru på at det er lettare å få prioritert dette sambandet allereie ved neste rullering av transportplanen heller. Dei tilbakemeldingane eg får frå politikkarane er at sambandet er krevjande reint økonomisk, det er for få menneskjer som får nytten av det sett opp mot investeringsbehov, og sist men ikkje minst så har sambandet liten eller ingen regional nytte/betydning slik det er planlagt. Det handlar om å være realist blir eg fortalt. Det kan så være, men det burde vore mogeleg å få dette til om ein vil. Med ferjeavløysingsmidlar og økonomisk bidrag frå grunneigara og utbyggara kunne dette vore mogeleg. Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå innbyggarane på øyane på at dette kunne vore ei interessant løysing. Det er ikkje sikkert at meirkostnaden for Fylket hadde blitt så veldig mykje større enn kva eit oppgradert ferjetilbod ville ha kosta.

Sidan eg overtok som ordførar hausten 2010 har dette sambandet vore tema, og sjølvsagt eit sers viktig tema for dei som bur på øyane Lerøy og Bjelkarøy. Utfordringa har vore å visa nytten og behovet for sambandet slik at det når opp og fram i konkurransen med alle dei andre prosjekta og trafikksikringstiltaka i fylket. Me har peika på nytten for eksisterande busetnad,  utbyggings muligheiter på øyane, muligheiter for helikopterbase, samt og mogeligheitene for økt regional nytte med å styrkja eit fastlandssamband med vidare ferjedrift mellom Lerøy og Klokkarvik slik at sambandet kan få ei regional betyding for andre reisande til/frå Sotra - Bergen.  Eg har ikkje møtt nokon som direkte er imot eit fastlandssamband, men eg har heller ikkje møtt serlig mange som har vore villig til å prioritere økonomiske ressursar til dette.   Dette viste seg i behandlinga av regional transportplan og handlingsprogrammet som blei vedtatt i haust, og no i behandlinga av planprogrammet i samferdselsutvalet. Saka skal behandlast av Fylkesutvalet 20.februar.

Når det gjeld ferjedrifta er det framleis dreven med ferja MF Fjordbas. Dette er ei ferje som ikkje tilfredstiller krava i anbodsdokumenta og kan såleis berre nyttast 21 dagar årleg. Erfaringa vår er at det er denne ferja som er nytta i all hovudsak sidan oppstarten. Ferja er for stor. Den øydelegg kaiane. Seinast denne veka rasa 8 kubikk med stein ut frå kaien på Lerøy. Vi måtte rekvirere båt og grabb for å få fjerna massane slik at ferja kan anløpe Lerøy. Dette er andre gangen det skjer. Årsaka til at det skjer er at MF Fjordbas er ei stor pendelferje med propell i begge ender. Den lagar betydeleg med propellvatten og undersjøiske sterke straumar som gjer at steinmassar blir gravd ut. Kaiane på Bjelkaøy og Lerøy er ikkje dimensjonert for ei slik stor ferje som er nesten dobbelt så stor som gamleferja MF Fjordgard.

Ferja som eigentleg skulle betene dette sambandet MF Sundferja har blitt liggjande på verkstad stort sett heile tida sidan reiarlaget overtok ferga. Dei ventar på delar frå Tyskland. Dei ventar at ferja skal setjast i drift i mars.
                                                                               

Sotra Vidaregåande skule avd.Sund

I Vestnytt kan me lese at den vidaregåande skulen i kommunen blir planlagt med fortatt drift. Det blir ikkje ein sjølvstendig skule slik me i Sund ønskjer, men det blir likevel noko styrking i forhold til det som først blei lagt ut på høyring. Slik fleirtalet i opplæringsutvalet har konkludert meiner eg det vil gå magen år før det blir aktuelt å få til noko samlokalisering med skulen på Bildøy. Vedtaket er vagt, men det kan sjåast på som eit signal om at fylkespolitikkarane ønskjer samlokalisering på sikt på Bildøy/Straume.


Slik lyder vedtaket:

Sotra vidaregåande skule
Sotra vgs vert vidareført, med fagtilbod og dimensjonering som vist i saksutgreiinga. Skolen held fram med to avdelingar som i dag. Utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk (BA), design og handverk (DH), elektrofag (EL), helse- og oppvekstfag (HO), idrettsfag (ID), restaurant og matfag (RM), teknikk og industriell produksjon (TIP), studiespesialiserande (ST), studiespesialiserande med formgjeving (ST-FO), og TO-tilbod ved skolen vert vidareført. HO, TIP og ST får noko auka kapasitet, medan BA, EL og DH får noko redusert kapasitet. Service og samferdsel (SS) og påbygg (PÅ) vert lagt ned. Avdelinga på Bildøy vert rehabilitert og litt utvida for å få tilfredsstillande areal. På sikt vert skulen samlokalisert på Bildøy/Straume.

Denne innstillinga frå opplærings- og helseutvalet går vidare til fylkesutvalet sitt møte i Odda torsdag 21. februar. Endeleg vedtak skjer i fylkestinget i Bergen tysdag 12. og onsdag 13. mars.


Ha ei fin fin helg
Ove







Frå Hjellestad kai.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar