lørdag 9. februar 2013

God start på året


 
Det har vore stilt her på bloggen lenge no. Fleire har gitt meg tydeleg tibakemelding på det! Slik skal det være. At det er stilt på bloggen betyr ikkje at det ikkje skjer noko! Det er stor aktivitet i kommunen og det skjer mykje spennande.

 

For min del har eg vore travel med så mykje. Høgre sentralt har arrangert toppkandidatsamling for ”mulige nye og gamle” stortingskandidatar. Dette har eg fått deltatt på. Dette har vore både interessant og lærerikt. Her var det fokus på politikk, mediajobbing, debattrening etc etc. Sjølv om det er tideleg så legg me merke til at valkampen har i aller høgste grad starta. Det blir eit spennande år dette!

Det politiske arbeidet i kommunen og regionrådet er i full sving, Viktige tema som skulestruktur, samferdsel og kommunale tenester blir jobba med. Fjell har fått utarbeida sin skulebruksplan og den er no ute på høyring. Det skal bli spennande å sjå kva Fjell gjer med Tellnes skulen, og om det kan få konsekvensar for skulestrukturen i Sund. Dess fleire elevar me får til Sund- jo raskare kan me strata bygging av den 3.skulen i Spilda. Om me får til eit samarbeid med Fjell er for tidleg å sei, men me arbeider med det som mål.

Eg har fått fleire innspel frå innbyggara Fjell på at bygdene sør i Fjell ønskjer å flytta kommunegrensene – slik at dei blir ein del av Sund kommune.  Dette er spennande tankar! Og eit viktig innspel i debatten om kommunestruktur.

I regionrådet har me drøfta kommunesamanslåing. Regionrådet har samrøystes fatta vedtak om å invitera kommunestyra med i ein muligheitsstudie. Studien skal i tillegg til å sjå på kva tenester som er egna for ytterligare samarbeid for å henta synergi i form av rimeligare og/eller betre tenester på tvers av kommunegrensene, sjå på kva som er av realistiske muligheiter innan ei endring av kommunestrukturen i regionen. Eit tema som kunne vore serdeles interessant å studert i denne samanhengen var nettopp flytting/justering av kommunegrensene! Dersom dette er eit ønskje i søre Fjell meiner eg me må støtte dette. Dette kunne vore steg 1. i ein lengre strategi/mål om ein storkommune ein gong i framtida.

Sentralt så er det brei einigheit i at kommunestruktur og kommunegrenser må justerast. FRP vil leggja ned fylkeskommunen og overføre oppgåvene til færre og større kommunar. Høgre vil ha større og meir robuste kommunar der også fylkeskommunen blir nedlagt. Venstre vil ha større kommunar og KRF ser også nytten av at fleire kommunar slår seg saman. AP meiner det også er behov for ein kommunestruktur reform. SV det same. Det er såleis mykje som tyder på at det kjem ei endring i kommunestrukturen i Noreg i åra som kjem uavhengig av korleis resultata frå valet hausten 2013 blir.

Samferdsel er eit viktig tema for oss alle. Mange spør om status på ferje, hurtigbåt, nor - sør veg etc. Det blir arbeidd med alt! Planprogrammet for sambandet til Lerøy og Bjelkarøy skal behandlast Tysdag 13.februar i samferdselsutvalet. Når det gjelder Nord - Sør vegen på Sotra så er det slik at Fjell er redd konsekvensane dersom ein bompengesøknad skal innehalde meir enn sjølve Sotrasambandet. Me har hatt møter med vegstyresmakter, fylket, stortingsrepresentantar etc. Alle seier at det er fult mulig å inkludere dette i ein bompengesøknad utan at det skal få for negative konsekvensar.

På kommunehuset er det stor aktivitet med oppussing. Skal bli kjekt å få eit kontor med beint gulv så eg slepp å ha ”bremsane på” heile tida på stolen! Trekken rundt vindauga skal også vera utbetra. Nye kontor til våre nytilsette kommunalsjefar er det også blitt plass til. Dette blir bra! Har vore sjuk sist veka, så eg gleder meg til å kunne komme på kontoret att snart. Neste veke blir ei spennande. Då er det besøk på Stortinget mm.

 

Ha ei fin fin helg

Ove
 
Det berre å få på seg skoa og ta turen til Veten!
 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar