søndag 30. september 2012

Reise til Bosnia Herzegovina, Konjic kommune.

No var tida komen for at eg burde reisa til Bosnia Herzegovina for å sjå og følgje opp det gode arbeidet Sund kommune saman med andre samarbeidspartnara har fått gjort gjennom mange år. Bakgrunnen for prosjektet var at det etter krigen på Balkan så skulle Noreg bidra til demokratiseringsprosessen på Balkan. I Sund kommune budde det mange flyktningar frå Balkan under krigen. Då då Dayton avtala var signert i desember 1995 var det naturlig for Noreg og Sund kommune å engasjere seg i gjenreisinga av landet.

tirsdag 25. september 2012

Tid for endring i barnevernet

Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.

lørdag 22. september 2012

Leige av Strandahallen 2012/2013

Leige av Strandahallen 2012/2013

Søkjarar som ønskjer tildeling i Strandahallen haust 2012 og vår 2013 må sende inn ein skrifteleg søknad.

• Strandahallen, treningstid kvardagar 17.00 – 22.00
• Strandahallen, treningstider laurdag og sundagar utanom terminfesta kampar og arrangement.


Skal med dette sende søknad til:
Sund kommune
Drifts- og utbyggingseininga
Postboks 23
5371 Skogsvåg

Søkjarane må gje informasjon om:
Lag, grupper/alderstrinn, kontaktperson og telefonnummer.

Søknadsfrist 30. September 2012.
Opplysningar på tlf: 958 55 910 eller e-post: rune.samsonsen@sund.kommune.no

tirsdag 18. september 2012

søndag 2. september 2012

Det nermar seg haust

 No er sommaren ferdig. Skulane har starta og dei aller fleste har fått avvikla ferien. Det er tid for å oppdatera bloggen!