lørdag 21. april 2012

NTP, marin næring og Skulestruktur i fokus

Ei intens og arbeidsintensiv veke går mot helg. Mange viktige saker på dagsorden for innbyggarane og andre interessentar denne veka. Variert har det vore med mange møter innan kultur, marin næring og kommunestyret. Dei sakene som er viktigast blir Skulebruksplanen og arbeidet innan marin næring og NTP. Det kan du lese meir om i denne bloggen.

NTP
I dagens Vestnytt kan du lese om regionrådet Vest sitt forsøk på å få utarbeida ein felles uttale til Hordaland fylkeskommune (HFK) om innspel til nasjonal transportplan (NTP).  Fjell støttar tydelegvis ikkje framlegget likevel. Fylke har oppmoda regionråda om å uttala seg – og oppmodinga om utsatt frist fekk me ikkje innfridd, men HFK vil besøkje det enkelte regionråd for å drøfte innspelet. Fylkesvegnettet er ein stor kostnad for samfunnet og som er HFK sitt ansvar. Dei har bede om argument/prosjekt som er viktige for at etterslepet på investeringar og vedlikehald blir synliggjort Regional Transportplan (RTP).  For alle er det viktig at NTPèn tar høgde for etterslepet på fylkesvegnettet, og HFK vil nytte slik eg forstår behovet i RTP – som grunnlag for uttala til NTP. I tillegg er det viktig at alle vegar som er fylkeskommunale – og som er/blir tilførselsvegar til Sotra sambandet blir løfta fram. Dette er serdeles viktig når stortingskomiteen arbeider med sine merknader i forbindelse med Sotrasambandet.  Dette har leiar i samferdselskomiteen presisert.  For dei som har lest NTPèn vil ein kunne forstå at NTPèn inneheld mykje av staten sine investeringar i samferdsel. Her er Statlege vegar lista, fylkeskommunal ras sikring er nemnd, etterslepet på fylkesvegnettet er nemnd, jernbane investeringar, kystverket sine behov til fiskerihamner, Avinor sitt behov kjem fram – ja like til spenninga i Vatlestraumen er ein del av gjeldande NTP. Ikkje rart at innspelet kan opplevast som eit «samsurium» når NTPèn er omfattande. Eg les artikkelen i Vestnytt som at problemet er truleg at innspelet inneheld meir enn Fjell sitt behov.


Marin næring
Vestlandet har ein unik posisjon innan den marine næringa. Regionen står for ca 60%av all forsking innan denne næringa og næringslivet innan denne sektoren står for godt og vel 60% av Norges totale eksportverdi. For å styrkje og bevare denne posisjonen og dei mogeligheitene som ligg i denne framtidsretta næringa må det innovative gode næringsliv samhandle med forskningsmiljø og myndigheiter.
Norge produserer 33 mill porsjonar sjømat kvar dag og eksportverdien er over 50 mld. Store tal – og det ligg eit betydeleg potensiale i utnytting av restråstoff. Produksjonen innan oppdrett kan aukast betydeleg dersom me får ein meir berekraftig  forproduksjon og ei betre fiskehelse. Dette kan me klare om me ser framover og handlar langsiktig. Tysdag var der samrådsmøte med fiskeriministeren og mange tilhøyrarar på det flotte ny opna «Norsk Sjømatsenter» i Bergen.  Fleire inspirerande innlegg og ein engasjert fiskeriminister vitnar om at Bergensregionen ønskjer å behalde og forsterke sin posisjon som Norges marine hovudstad. 
Fredag va det eit samrådsmøte på Skaganeset.  På dagsorden sto «Skaganeset MarineBiopark». Her var det samla leiarar og FOU representantar frå næringsliv, Nofima, og UiB m fleire. Samrådsmøtet konkluderte tydeleg med at det er behov for eit «pilot anlegg» for marin bioprosessering. 
Eit slikt anlegg e blir navet i ei marin bioklynge. Eit slikt pilotanlegg kan nyttast av fleire ulike selskap og ulike forskningsmiljø og bidra til økt satsing og utprøving i større skala enn ein kan få til i eit laboratorium.  Fokuset framover no blir å identifisera kritiske suksefaktorar for å få dette til. Med så mange positive interessentar meiner eg dette lar seg realisere. Dette er eit kjempespennande prosjekt å arbeide med saman med grunneigaren på Skaganeset og mange andre engasjerte og kunnskapsrike personar.

Skulestruktur
I fleire kommunar står nedlegging av grendeskular på dagsorden i desse dagar – også her i Sund kommune. Nokre stader kjem debatten haust etter haust i samband med rådmannen sitt framlegg til budsjett for neste år. Det skapar ikkje tryggleik for dei som bur i skulekrinsane. Eg har sjølv opplevd dette på Tofterøy mange gangar – år etter år - og eg har sjølv vore ein ihuga motstandar av å endra skulestrukturen.
Kommunestyret er samrøystes i at skulestrukturen no er moden for endring. Spørsmålet er kva for skulestruktur skal me ha. Alle ønskjer sjølvsagt det aller beste pedagogiske tilbodet for borna sine. Best mogleg kvalitet i undervisninga krev også eit stort, robust og engasjert fagmiljø, og då tenkjer vi ikkje berre for pedagogar, men også for andre yrkesgrupper som er inne i skulen, til dømes PPT.
Å endre skulestrukturen er noko lokalpolitikarane avgjer. Nokre stader kan det kanskje vere riktig å leggje ned ein skule – ein skule kan bli for liten til å gi eit godt pedagogisk tilbod. Men mange stader er grendeskulen sjølve hjartet i bygda. Ei har ein følelse av at det vil ramme lokalsamfunnet hardt om skulen forsvinn. Dei følelsane kjenner eg godt. Eg har hatt dei og eg merkar at det er mange som har det slik no.  Eg ser «skuffelsen» når eg møter Sundsokningar som har vist meg tillit meir enn ein gong. Eg har forståing for det er enkelte som har det slik. Mangen har vanskar med å sjå dei positive sidene ved å endra skulestrukturen. I tillegg kan elevane få ein for lang veg til skulen. «Det må vere ei grense for kor langt born skal vere nøydde til å reise for å gå på skule» – seier mange til meg. Normene seier 45 minutt kvar veg for ein 1.klassing. Sund framstår som eit eventyrland i så måte!
Det må være kvaliteten i skulen pr krone som avgjer skulestrukturen. Spørsmålet er kva som er kvalitet – og kven skal definere den? Og kor mange kroner skal ein leggje i skule? Me er ulike menneskjer med ulike behov og verdiar – og såleis har me eit ulikt syn.
Når kommunane legg ned skuler, får fylkeskommunen ei auka rekning for skuleskyss. Fleire vil truleg hevde at det vil vere marginalt for det offentlege å spare på skulenedleggingar – fordi skuleskyssutgiftene aukar og det kan bli oppretta privatskule i staden som gjer at kommunane mister inntekter. Dette er i prinsippet rett og det er mange som meiner det er viktig å få fram meir kunnskap om heile regnestykka. Det er i og for seg riktig tenkt, men ikkje nødvendigvis viktig eller avgjerande for val av skulestruktur. Det som er heilt uomtvisteleg er at det rimeligaste for Sund hadde vore å drifta ein nedbetalt skule framfor 7 nedbetalte skular i framtida.
Berre ein skule er ikkje noko tema. Dette fordi at dagens skulestruktur er basert på ei tid utan bil og buss! - og me lyt såleis ta hensyn til nokre av dei eksisterande bygg. Etter mi meining når eg no ser heilheta i kommuneøkonomien er at ettertida har vist at det har vore gjort dyre feilinvesteringar i skulebygg, tilbygg og rehabiliteringar som gjer at vi i dag har ein tungdriven skulestruktur – med skular av ulik kvalitet og standard. Dette er ei tung belastning for ein svak kommuneøkonomi og ei utfordring for framtidsretta investeringar.  
Det er ekstremt enkelt å dokumentere usikkerhet i alle tal  når det gjeld investeringar i nye bygg for framtida. Kva med ei endring i renta? Uansett kva tal nokon legg fram i debatten kan det påvisast feil eller manglar i regnestykket.
Utfordringa i dag er med 7 «nedbetalte skular» og «brukar alt på drift» - er at ein såleis ikkje har mykje att til å betale rente/avdrag på nye investeringar for framtida. Vetet er likt fordelt i dette landet og Sundsokingane er kloke - og alle forstår at gevinsten kjem ein gang i framtida – avhengig av framtidig renteutvikling!
Dette gjer at me lokalpolitikarane i Sund må ha ein god dialog med innbyggjarane og finne framtidsretta løysingar. me må også ha mot til å gjere val som gjer at borna får eit best mogleg tilbod og som sikrar ei rasjonell drift med sunn økonomi. Me lyt såleis ta høgde for «nokre feilinvesteringar» frå tidligare må me leva vidare og nyttast i den framtidige skulestrukturen. Det er lagt fram ein skulebruksplan med ein anbefaling på 2 skular i ein framtidig struktur.
Heilt isolert (eige personlege syn) meiner eg at det beste for ein så liten kommune for Sund hadde vore å sentralisert all undervisning til eit skulesenter. Hadde det ikkje vore ein einaste skule i Sund frå før ville eg gjort det slik. Då hadde barneskular, ungdomsskule og vidaregåande vore lokalisert til eit område. Då kunne me for alvor ha utnytta alle fordelane. Store flotte anlegg innan svømming, idrett, undervisning og spesialrom innan naturfag, musikk, ernæring etc etc. Vi hadde då kunne hatt ressursar til store klassar der det er eit føremonn, mindre grupper i fag der det er bruk for fleire lerara pr elev og heilt ned til 1 til 1 undervisning der det er behov for det -  alt etter den enkelte elev sitt behov. Men dette er berre min draum – eg gjekk sjølv på ein skule med 3 delt undervisning i 2 klasserom og fekk ein grei skulegang, men serleg framtidsretta i dagens samfunn er det ikkje i det heile. Difor har eg endra syn på dette med skulestruktur – til etter mitt syn det beste for framtidas Sundsokningar!


Ha ei fin fin helg
Ove


Tofterøy skule.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar