lørdag 24. mars 2012

Planstrategiar

Mykje spennande denne veka også. Det har vore eigarmøte i BIR AS og Gode Sirklar AS, møte i Ungdomsrådet, formmanskapet og saksgruppene. Stor politisk aktivitet i Sund. I tillegg har det vore møte i arbeidsgruppa for «Ny næring i gamle naust» Eg kjem tilbake seinare med ein eigen statusblogg på dette arbeidet. Tysdag var det seminar i Bergen om Planstrategiar for Hordaland.
I denne bloggen kan du lese meir om dette viktige arbeidet.


Regional planstrategi blei innført som eit nytt planverktøy i plan- og bygningsloven av 2008, og er no det einaste obligatoriske elementet for planlegging på regionalt nivå. Det er fylkeskommunen som er
regionalt planmynde og som har ansvaret for og leiinga av arbeidet med regional planstrategi. Eg er peika ut av Bergensalliansen til å delta i styringsgruppa for arbeidet med regional planstrategi.

Planstrategien skal utarbeidast for kvar valperiode, og skal vedtakast av fylkestinget. Planstrategien skal deretter bli godkjent av regjeringa.
Etter krava i Plan- og bygningslova skal planstrategien gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsmoglegheiter, og ta stilling til kva for spørsmål som skal
takast opp gjennom vidare regional planlegging. Me har også starta tilsvarande arbeid lokalt i kommunen. Kommunane skal også han lokal planstrategi – og ha ein plan for kva palar ein skal prioritere å arbeide med og kvifor ein vel å prioritere dei planane.

Planstrategi er eit verkemiddel for å få ein politisk diskusjon
om framtidig utvikling av både kommunen og fylket. Ved å ta utgangspunkt i utfordringar og utviklingsmoglegheiter, legg det eit grunnlag for ein politisk prosess om framtidig utviklingsretning, og korleis dette skal følgjast opp gjennom planlegging. Såleis vil planstrategien representere ein prosess der ein også kan få fram for nytenking rundt utviklingsarbeidet.

Det er det viktig at ny planstrategi blir eit overordna dokument som angir ei utviklingsretning der ein ser ut over sektorgrensene og forvaltningsnivå. Den skal ta utgangspunkt i utviklingstrekk og peike ut utfordringar og moglegheiter.
Innføring av regional planstrategi skal m.a. føre til sterkare politisk forankring av planarbeidet samt. skape ein meir bevisst haldning til kva for planar som skal lagast, samt til forholdet mellom planane.

Dei nasjonale utfordringane gjeld også Hordaland. Me blir stadig fleire eldre og om nokre år er det 10 gangar fleire 90 åringar enn i dag. Me får også fleire innvandrarar. Sentraliseringa fortsett generelt i landet og me ser at sysselsettinga aukar mest i kunnskapsbaserte næringar. Arbeidsintensive næringar flaggar ut or landet. Dette er ikkje noko nytt og er ofte knytt til vårt kostnadsnivå. Næringslivet og industrien flyttar dit der dei har komparative eller konkurransemessige fortrinn. Me ser også at utslapp av klimagassar aukar og trafikkveksten er aukande. Dette er nokre av dei nasjonale utfordringane som får konsekvensar regionalt og lokalt.

På fylkesnivå ser me at indre Hardanger har utfordringar knytt til fråflytting, mens kommunane her vest mot havet har vekst. Det er berekna at folketalet i Bergens regionen vil veksa med 160 000 innbyggarar fram mot 2030. Dette gjer oss utfordringar knytt til å ha gode bustadplanar, planar for næringsareal, vegar samt levekår og oppvekstmiljø for å nemna noko.

Sund kommune er ein av dei kommunane som opplever vekst og me lyt også ha gode planar for korleis me skal handtere utviklinga. I Sund vil me starta med ein gjennomgang av samfunnsdelen av kommuneplanen. Deretter prioritere kva planar me skal arbeide vidare med når me har fått beskrive utviklingstrekk og definert mål for utvikling. Mykje godt arbeid i vente - både lokalt og regionalt!

Ha ei fin fin helg
Ove


Vår i lufta! Snart tid for båtpuss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar