torsdag 15. mars 2012

Oppstart Felles Ansvar «Kick off» 7.3.12 på Fjell festning.

Det heile starta med Initiativ frå førebyggande avsnitt ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt i 2009.
Spørsmålet var - Kan vi samla offentlege, frivillige og private aktørar til eit nytt samarbeid for å hindre at ungdom i vår region havnar ut i rus og kriminalitet?

Med å byggja på eit felles verdigrunnlag som byggjer på prinsipp om likheit, respekt og inkluderande fellesskap var målet å få til ein form for for Sosialt entreprenørskap!
Utgangspunktet er at dei som ser behova kan få hjelp av felles ansvar til å få bistand frå frivillige – og fagleg støtte frå kommunane.
Eg opplevde at det var politisk vilje frå kommunane til å få noko til, og saman med kommuneadministrasjonane har me i Regionrådet Vest måtta bruka litt tid for å avklare korleis dette skulle realiserast på best mogeleg vis – det har vore drøfta ulike organisasjonsmodeller i ulikt omfang på eit slikt godt tiltak.
No er modellen klår og det er stifta ein forening.
Kommunane har eit omfattande ansvar for og leggje til rette for barn, unge og foreldre. Både dei allmenne tenestene som helse, barnehage og skule, kultur m.m, og ulike hjelpetenester som barnevern, sosialtenester, psykiatri m.m.. Alle desse skal også førebyggje og hindre at barn og unge får vanskar.
Kommunane har såleis ansvar for å :
·         førebyggje generelt (for alle unge)
·         førebyggje for dei som er i faresonen
·         førebyggje for at dei som alt har vanskar ikkje skal få det verre.
Mi erfaring er at det er kanskje er grenser for kva kommunen skal ta på seg, eller bli best på – eller er det slik at det er kommunane som har dei beste forutsetningane for å lykkast med forebyggjande tiltak?
Lag og organisasjonar innan idretten, ideelle organisasjonar og frivilligelag har lenge vore bærebjelken i det lokale førebyggjande arbeidet for barn og unge både i regionen her, men også generelt i samfunnet.
At Felles Ansvar no tek mål av seg til og har lukkast med å engasjere kommunane, lag og organisasjonar og private næringsdrivande i regionen i eit nytt og spennande spleiselag er kjempe flott!
At frivillige lag og organisasjonar også vel å jobbe med målgruppa utsette unge, handlar om at ein fører vidare ein lang tradisjon på å ta sosialt ansvar og framtidsretta samfunnsansvar.
Med ei slik utvikling innan sosialt ansvar er det naturleg å finne nye måtar å handle på. Felles Ansvar skal bli ein ny og god måte å samhandle handle på.
Eg håper at Felles Ansvar finn sin naturlege plass som eit godt tiltak til god hjelp for dei unge ein skal ha med i aktivitetane, og til ein stimulans for dei andre som driv frivillig arbeid og ikkje minst for oss i kommunane.
Takk for initiativet – takk til dei som har dreve prosjektet fram !

Helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar