lørdag 17. mars 2012

Opning Biomega AS og ny utstilling på Nordsjøfartsmuseet


Ny spennande veke er over. Viktige hendingar som opning av ny bedrift på Skaganeset og opning av den nye hovudutstillinga på Nordsjøfartsmuseet kan du lese om i denne bloggen.


Det har vore travel i det siste. Førre helg rakk eg ikkje å skrive blogg. Det var årsmøte i Hordaland Høgre – og arbeidshelg på meg. Denne veka har det også vore stor aktivitet. 2 dagars samling med kommunestyret og tilsette på Panorama der me har hatt felles dialog om omdøme, sjukefråvær, kommunale planar etc. Både nyttig og kjekt å få eit godt samspel mellom politikk og administrasjonen i kommunen. Dette var 2 gode dagar i så måte.

Biomega AS
Onsdag 14 mars fekk me Fiskeri og Kystminister Lisbeth Berg-Hansen til Sund. Statsråden kom for å opna Biomega AS sin nye fabrikk på Skaganeset. Slike dagar er det sers kjekt å være ordførar. Det er ikkje kvar dag me får opne sin så stor, og viktig bedrift for heile vestlandsregionen her i Sund. Så dette er ein stor dag for oss alle.

Noreg har i dag ein unik råvarebase basert på marine ressursar og Noreg har eit enormt potensial for økt utnytting av marine råvarer frå havet. Noreg må ha som mål å være verdensleiane innan marin næring. Eg meiner Marin bioteknologi vil kunne bidra sterkt til at vi kan løyse store samfunnsutfordringar med ei slik utvikling – for eksempel innan dyr og fiske for- og mat til menneskjer.

Lenge før opninga av denne nye flotte fabrikken her -  har Biomega hatt stor betydning for utviklinga innan utnyttinga av rest ressursar eller lakseavfall. Dei har i leigde lokale drive si verksemd i 10 år. Deira satsing her på Skaganeset har skapt interesse og optimisme innafor den blå bioteknologien i heile bergensregionen.

Sund kommune er med i Business Region Bergen – der målsettinga er at Bergensregionen skal innan 2025 være leiande på kunnskapsbasert, bærekraftig næringsutvikling innan marin næring og sjømat. Den marine næringa i Bergensregionen og FoU-miljøet utgjer allereie eit internasjonalt tyngdepunkt.

Marine Bioprodukts (morselskapet) si satsing på Biomega her i Sund - har vore ei inspirasjonskjelde til at me her i Sund har eit prosjekt gåande saman med fylke, UIB, Business Region Bergen og marint næringsliv. Målet sett frå mi side er å få etablert eit nasjonalt pilotsenter for fôrteknologi og marint bioprosessering her på Skaganeset. Me er komt godt i gang og på opningsdagen informerte leiinga i Biomega om nye kontraktar og om vekstplanar. Dette ser lovande ut!

Morselskapet Marine Bioproducts arbeider mot bevegelig mål. Teknologien bringer kontinuerlig med seg nye problemstillingar og nye forretningsmogeligheiter som Biomega er blitt ein del av. Dette er teknologi med stort faglig spenn, der kunnskapsutviklinga skjer raskt og der økonomiske muligheiter er store. Sjømat næringa vil gjennomgå store kunnskapsinvestetingar – slik me ser i denne satsinga her. Vi går frå ressursbasert industriell produksjon til meir kunnskapsbasert tenesteyting og produksjon.

Marin Bioteknologi er – og vil i enda større grad bli – ein avgjørande bidragsytar innanfor ressursutnytting der me ser for oss nye og innovative prosessar. Der det blir framstilt kommersielle produkt som smaksstoff, modifiserte oljer, ulike pulver og marine mineral. Det er såleis viktig å stake ut ein kurs for norsk marin bioteknologi som gjer det mogeleg for slike selskap som Marin Bioprodukts å drive forsking og utvikling – noko som gjer nye produkt og ny verdiskapning på sikt for samfunnet.

Med denne nye fabrikken me no har fått har me fått eit godt grunnlag for vidare utvikling – så får me håpe at den nasjonale biostrategien gjer det mogelig – saman med verkemiddelapparatet - å få etablert eit nasjonalt pilotsenter for fôrteknologi og marint bioprosessering på Skaganeset.

Marine Bioproducts og Biomega har vist at dei bidrar aktivt – er innovative – har kompetanse – skapar økonomiske resultat - og har visjonar! Eg føler meg trygg på at den nye fabrikken her vil bidra til vidareutvikling av Bergensregionen og Noreg som havnasjon!

Eg nytta også mogeligheita til å takke statsråden for at ho kom på opninga. Eg gav ho boka "Frå Tyssøy til Tekslo". Dette er ei flott bok med mange bilete og historiar frå kyst og fiskarlivet i Sund. her kan ein lese om Torskekrigen på 1700 talet og om korleis forskar og Sundsokningen Gunnleiv Sangolt i 1972 berga sildestammen. Då han oppdaga at silda som var att i havet og som fiskarane var i ferd med å fiske opp var av feilt årsklasse og av lite omfang reiste han seint ein lørdagkveld heim til fiskeriminister Trygve Olsen. Han hadde selskap lørdagskvelden , men han tok imot Sundsokningen. Då han forstod alvoret i det sundsokningen fortalte - reiste ministeren til Oslo om søndagen. mandag morgon vart silda freda!. Me kjenner historia - silda er kommen att og fiskarane langs heile kysten fiskar like mykje sild no som i dei beste sildeåra!
- eg kunne ikkje dy meg så eg sa til ministeren:
så kjem da ein sundsokning å banka på døra di så er det god grunn for ministeren til å lytte!


Nordsjøfartsmuseet
Torsdag var det opning av den nye utstillinga ipå Nordsjøfartsmuseet.

Dette er ein stor dag for oss alle – for krigsveteranar – historikara – og for samfunnet elles – Flott å sjå at det var mangen som blei med oss på ein slik stor dag. Dette er ein historisk dag for Sund kommune - for Nordsjøfartsmuseet - og for innbyggarane i Telavåg.

Telavåg står i ei særstilling i Norsk okkupasjonshistorie.
Ein norsk agent og 2 tyske Gestapo offiserar vart drepne her i Telavåg. Hevnet var grusomt – heile bygda blei jamna med jorda. Menn blei sendt til Tyskland og kvinner til internering her i landet. 34 av bygdas menn vart borte – 31 i tysk fangeskap – 1 på Trandum og 2 i marinen. Såra var store og smertene tunge. Me kjenner alle historia.

Telavåg fekk att bygda si, men bygda vart aldrig den same.

Formidlinga av denne dramatiske historia – starta i ei krigsminnesamling i ei sjøbu. Då initiativtakarane ville lage film om historia – meinte sjefen på Haakonsvern at det måtte også lagast eit museum. og  Museum fekk me i 1998. Historia frå 2. verdskrig har Nordsjøfartsmuseet formidla til tusenvis av besøkjande på ein framifrå og god måte gjennom mange år. Elevar, sambygdingar, tilreisande og turistar har hatt stort utbytte av å besøkja museet og her har ein fått god innsikt i historia gjennom åra.

Nordsjøfartsmuseet har såleis vore eit viktig fyrtårn – for Sund kommune når dei har formidla deler av den omfattande historia på ein svært god måte. Historia er dramatisk, mange vart råka og det er eit utal av skjebnar og historier som til no ikkje har vore formidla her – men som den nye utstillinga vil vise oss. At museet no har fått ei gåve som gjer det mogelig å få til ei heilt ny utstilling her som kan formidla meir av den viktige historia er fantastisk.

Gjennom bruk av nye moderne formidlingsmetodar skal vi no få betre kunnskap om Nordsjøfarten og motstandsfolket sitt arbeid og ikkje minst om gjennreisningstida – og det er svært gledeleg. Det er viktig at vi tar vare på og formidlar dei opplevingane vi har frå okkuppasjonshistoria - og fører historia vidare til framtidige generasjonar

Eg håpar alle besøkjer den nye utstillinga. Den er gripande og formidlar historia på ein heilt ny måte ved bruk av bilete og tekst - saman med gjennstander. Takk etil alle som har bidratt til å realisere denne nye utstillinga.



Ha ei fin fin helg!
Ove




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar