lørdag 31. mars 2012

NY NÆRING I GAMLE SJØHUS I STRANDSONA - Løypemelding

Dei fire kystkommunane Austevoll, Bømlo, Radøy og Sund har sett i gang eit prosjekt i samarbeid med Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune for å sikre kystkulturarven gjennom å leggje til rette for ny bruk i gamle kystbygningar. Det gjeld moglegheitene for ny bruk i eksisterande bygningar og å hindre forfall av desse. Det er i hovudsak bygningar for fiske og for kystbonden knytt opp mot fiske, fangst og jordbruk, slike som naust, sjøbuer, saltebuer, nothengjer, båtbyggjeri, lager og kai anlegg. Det kan også gjelde anna næringsverksemd som m.a. gamle handelsstader. Bygningane ligg i 100-metersbeltet til sjø.



I Sund kommune er det registrert ca 500 naust og sjøbuer, og fleire av desse bygga er i ein slik tilstand at det trengs strakstiltak for å sikre bygga.  Sund kommune har teke initiativ til ”Ny næring i gamle bygg i strandsona” saman med ei lokal arbeidsgruppe med representantar frå naust- og sjøbueigarar, reiselivsaktørar og kommunen. Arbeidsgruppe var opphavleg leia av  Gode Sirklar AS, det regionale utviklingsselskapet som Sund kommune er medeigar av. Denne gruppa er godt etablert og i arbeid, og er vorten ein god modell for organiseringa av dei andre arbeidsgruppene i kommunane.

Landbruksdepartementet og jordbruksorganisasjonane har tatt tak i utfordringane som ligg i den ledige bygningsmassen i landbruket. Fylkesmannen i Hordaland held og på med planar for gjenbruk av ledig bygningsmasse av bygningar frå nausta og sjøbuene i fjæresteinane, inn på gardstuna og heilt til stølane i fjellheimen.
Prosessen resulterte i at kommunane Austevoll, Bømlo, Radøy og Sund gjekk saman om prosjektet ”Næring i gamle bygg i strandsona”.  Desse kommunane har dei same utfordringane og representerer den same kystkulturen, og geografisk er kommunane godt fordelt frå nord til sør i fylket.

I desse fire kommunane vil talet på naust og andre sjøbygg omfatta eit tusentals bygg, og dei representerer ein viktig kulturarvressurs og eit potensial for ny næringsaktivitet på kysten. Prosjektet vil og kunna bli eit positivt samvirke mellom forvaltninga av arealdelen i strandsona, kulturminneforvaltninga, for lokalsamfunnet og eigarane av bygget.  Dette kan utviklast positivt og resultera i gode praktiske ordningar på korleis gamle bygg i strandsona kan verta ein ny ressurs for næringsaktivitet, og ha god overføringsverdi og kunna gi retningsliner for framtidig planlegging og forvaltning av strandsona i dei andre Hordalandskommunane. Prosjektet starta opp i august 2011, og skal etter planen verta ferdig i september 2013.

Mål og forventningar til prosjektet er såleis å sikra bygga og skapa nye næringar utan å missa særpreget til bygningsmassen. Den største kritiske suksessfaktoren i prosjektet er ei juridiske avklaring vedkommande praktiseringa av regelverk, og få på plass ein mal for framtidig praktisering av dette. Det er etablert ei utgreiingsgruppe som er sett saman av fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane. Prosjektet har lagt opp til eit positivt samvirke mellom forvaltninga av arealdelen i strandsona, kulturminneforvaltninga, for lokalsamfunnet og eigarane av bygget.  Målsetjinga er å oppnå gode og praktiske ordningar som kan resultera i nye retningsliner for framtidig planlegging og forvaltning av strandsona. Det er knytt store forventningar til at måla for prosjektet om at iverksetjing av inntil 20 byggpilotprosjekt skal nås. Det er ingen garanti for at pilotprosjekta får dei nødvendige løyvingar. Pilot prosjekta har ikkje vore vurdert opp mot gjeldande regelverk for «siling», og dei er spleis alle viktige då dei er med i prosjektet og i praksis vil setje «grenser».

Mykje av bygningsmassen langs strandsona er kulturminner i desse kystkommunane. I generasjonar har våre forfedre drive fiske og fangst. Denne næringa har vore svært omstillingsdyktig og i dag nytter ein heilt andre fangstmetodar og konserveringsmetodar. Dette gjer at fleire av desse eldre bygningane knytt til denne næringa ikkje er funksjonell til fortsatt gjere nytte for seg innan fiske og fangst. Fleire av bygga framstår såleis som kulturminner som ikkje kan fornyast, men kan dersom ein tek vare på dei nyttast som ressurs for opplæring, kunnskap og verdiskaping. Det er kanskje eit regimeskifte også i Norge når det gjeld kulturminne forvaltning og interesse. Ein går frå monument som må vernast til vern av kulturmiljø. Eit døme på dette er Bryggen i Bergen. Der bygga er teken i vare på og husar i dag heilt andre næringsverksemder enn i tidligare tider. Med ein slik bruk gjer samfunnet sitt for at kulturminner kan takast ivareta i ei samfunnsutvikling og til verdiskaping.

Kulturminner har ulik verdi – for ulike menneskjer. I det offentlige kan kulturminne ha nasjonal kulturminneverdi, regional verdi og lokal verdi. Det seier seg sjølv at kulturminner med nasjonal verdi må forvaltast betre enn kulturminner med berre lokal verdi. I strandsons i dei fire kommunane kan det være spesielle objekt med nasjonal og regional verdi – men det meste av bygga våre i strandsona vil vere av regional og lokal kulturminneverdi.

Utfordringane i prosjektet er fleire. Me har plan og bygningslov, kulturminnelov, kommuneplanar etc etc . Alle slike faktorar påverkar tiltak.

Det er difor også trong for å lage eit rettleiingsmateriale etter regelverket, m.a. plan- og bygningslova, for kommunar og den einskilde grunneigar og andre som ønskjer å setje i gang utviklingstiltak knytt til eksisterande bygningar som nemnd innan 100-metersbeltet. Det vil vere utbetring av eksisterande bygg og næringsutvikling knytt til desse. Det er difor satt ned ei arbeidsgruppe som må særleg sjå på kva moglegheiter som ligg i regelverket, men også peike på dei avgrensingane som ligg der.

Kva seier regelverket for 100-metersbeltet og strandsoneforvaltninga om å ta i bruk eksisterande bygg til næringsutvikling – moglegheiter og avgrensingar?

-          Under dette m.a.:

  • Kva må kommunane gjere med kommuneplanane for å leggje til rette for ny bruk i eksisterande bygg?

  • Kan ein få samtykke til bruksendring av bygg som ligg i LNF og eventuelt korleis?

  • Kva med kulturhistoriske bygg/bygningsmiljø? Er det m.a. særlege reglar for å ivareta desse betre enn andre bygg? Er det særlege reglar som gjer det lettare å få ny bruk i desse bygningane?


Arbeidsgruppa som har jobba med dette er representert med fagfolk frå Fylkesmannen, Fylkeskommune og kommunar.

Dei ulike oppgåvene er delt mellom medlemmene etter deira arbeidsfelt og kunnskapsområde. Dette gjeld kulturhistoriske tilhøva, reglar, - og diskutert tiltaka opp mot plandelen i plan- og bygningsloven og den statlege strandsonepolitikken.

Arbeidsgruppa har ikkje vurdert døme på bygg eller tiltak som kan vere aktuelle jfr. pilotprosjekta våre, men dei gamle og etablerte naustmiljø i Sund kommune er på mange måtar representative for den kulturhistoriske epoke ein ønskjer å bevare med å tillate ny næring i gamle bygg i strandsona.  

Vurdering etter plan- og bygningslova samt at tiltaket må vere i samsvar med kommunens arealplan:       Vi talar om ;

Eksisterande bygg.
Det er gjerne bygg som treng vedlikehald, men det kan ikkje vere bygg der forfallet er kome for langt. Då blir det nybygg og tiltaket må vurderast som det.

Gamle bygg.
Det er ikkje nye eller nyare bygg. Dei er bygget for mange år tilbake og har hatt ein funksjon som nemnt i mandatet knytt til sjønæring eller landbruket.

Gamle kulturbygg
Det er bygg som det ut frå kulturomsyn er verd å ta vare på. Det er ikkje alle dei 500 gamle sjøhusa som verken har nasjonal, regional eller lokal kulturminneverdi.

Å nytte bygga til næringsverksemd.
Det er ikkje tale om eige, privat bruk for eigar, slik som til bustad eller hytte eller eige fritidsbruk. Då er det ikkje næringsverksemd.

Å sette bygga i stand:
I utgangspunktet er det ikkje tale om å byggje om eller byggje på i vesentleg grad utover å sette bygga i stand og utbetre dei til den bruk som er aktuell. Vi ser ikkje på vesentlege arbeider i terreng m.m.

Det skal i utgangspunktet vere ei positiv haldning til både å sette i stand slike bygg slik det er nemnt ovanfor, samt å gi samtykke til næringsdrift i bygga. Det er ikkje grunnlag til å handsame det ulikt uansett kva for sone i Hordaland som kommunen er i etter dei statlege planretningslinene for strandsoneforvaltninga.

Det er ikkje særlege reglar for desse tilfella. Dei skal handsamast på vanleg måte etter det ordinære regelverket etter plan- og bygningslova. Tiltakshavar og kommunen kan inntil me får eventuelt utarbeide eigne retningslinjer følgje dei vanlege rettleiarane etter plan- og bygningslova og m.a. slik dette er presentert i handboka «Ny bruk av ledige landbruksbygg». 

Andre tiltak knytt til byggjet som veg fram, parkeringsplass, til- og påbygg m.m. må vurderast som tilsvarande tiltak i det aktuelle området. Dette er meir restriktivt. Andre bygg skal til dømes plasserast lengre frå sjø. Tilbygg skal eventuelt skje på den sida av bygget som vender frå sjø m.m. Terrenginngrepa skal vere så små som mogeleg og ferdsla i strandsonen skal ivaretakast. Dei vanlege reglane for tiltak i strandsonen skal ivaretakast for slike tilleggstiltak.

Tiltak som dette skal ikkje gjerast om til bustad eller hytte for eigar, hans slekt eller familie. Det gjeld sjølv om næringstiltaket ikkje ber seg økonomisk. Det er ikkje kurrant å endre bruken igjen. Det skal det særs mykje til. Når tiltaket er regulert i arealplan til næring, vil planformålet vere eit hinder for å nytte bygget som eige privat bustad eller hytte eller eige fritidsformål.

Dersom ein endrar bruken av bygget og med det mister ein nødvendig funksjon på eigedomen, til dømes eit naust, skal ikkje det gi grunnlag for samtykke til å byggje nytt naust. Vi presiserer at dersom ein vil ha endra bruken av bygget, er det eit val som ein gjer, og gir ikkje grunnlag for å få oppført anna bygg for det som ein tar bort.

Kommunen må ta stilling til om tomt for bygget og tiltaket skal kunne skiljast ut frå resteigedomen.

Bruken av dei aktuelle bygga må vere i samsvar med planformålet i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Bygga kan liggje i område med ulike planformål etter arealplanen. Det kan vere samsvar mellom den bruken ein tenkjer seg i bygget og planformålet. Då er dette i orden. Dersom det ikkje er tilfellet, må eigar søkje om planendring.

Mange av bygga ligg nok i LNF-område (landbruk-, natur og friluftsliv). Då vil det oftast vere nødvendig å endre formålet til næring. Bygget kan inngå i eit næringsområde eller som spreitt næring i LNF.

Utgangspunktet er at tiltak som ikkje er knytt til landbruksdrift treng endring av planformålet frå LNF. Kort summert opp kan ein seie at dersom tiltaket ligg på ein landbrukseigedom som ikkje er i sjølvstendig drift, vil tiltaket krevje reguleringsplan eller endring av kommuneplanen. For at tiltaket skal gå inn under LNF-kategorien må det vere knytt til produksjon på garden eller garden sin trong for varer og tenester. For eksempel kan serveringsverksemd bygd på garden sine produkt, reknast som tiltak under landbruksomgrepet. Rein turist- eller utleigeverksemd går ikkje inn under LNF-omgrepet. Det er næringsformål.

Rettleiaren ”Plan- og bygningslova og Landbruk Pluss” syner døme på kva som går inn under landbruksomgrepet (såkalla stadbunden næring) og kva som ikkje gjer det.

I samband med prosjekt "Ny næring i gamle bygg i strandsona" vil ein møta nokre utfordringar i høve brannsikringstiltak. Det er i hovudsak bygningar som naust, sjøbuer, saltbuer, nothengjer, båtbyggjeri, lager og gamle handelsstadar. Ein har teke utgangspunkt i tre ulike bruksområde for slike bygg: 

Forsamlingslokale:

Ved endring av bruk til dette føremålet vil det vera svært vanskeleg å oppnå tilfredstillande brannkrav i høve til nye krav i TEK 10. Dette gjeld bygg som ein ynskjer å ta vare på det eksisterande bygningsinteriøret og såleis ikkje kle igjen eller utføre minimale endringar i høve til brannskiljande konstruksjonar/overflate treverk. I slike tilfelle lyt ein sjå på kompenserande tiltak som sprinkling eller andre alternative løysingar for å ivareta spreiingsfare for brann mellom byggverk.

Næringslokale: 

Ved endring av bruk til dette føremålet vil det vera lettare å oppnå tilfredstillande brannkrav i høve til nye krav i TEK 10. Det vil i disse tilfella ofte vera lettare å få utført tiltak i form av isolasjon, paneling eller andre tiltak som vil tilfredstilla nødvendige brannkrav.

Bustadføremål: 

Ved endring av bruk til dette føremålet vil det vera lettare å oppnå tilfredstillande brannkrav i forhold til nye krav i TEK 10. Det vil i disse tilfella ofte bli lettare å få utført tiltak i form av isolasjon, paneling eller andre tiltak som vil tilfredstilla nødvendige brannkrav.

Større byggverk over fleire etasjar kan såleis få utfordringar i høve til at bygningen lyt ha tilfredstillande krav til evakuering ved brann.

Bruksendring i slike saker er søknadspliktige etter § 20 – 1 i Plan – og bygningslova:

Når det gjeld bruksendringar i slike saker lyt tiltakshavar ta kontakt med føretak som kan stå ansvarleg for prosjektering/kontroll av tiltaket/bruksendringa. Ein vil såleis kunne ivareta alle disse tilhøva som gjeld ulike krav vedkomande branntilhøve/konstruksjon, evakuering ved brann eller ei vurdering av andre kompenserande tiltak der det vert vanskeleg å ivareta krava etter TEK 10. Ved prosjektering av slike bygg lyt ein ta omsyn til mellom anna:
"Risikoklasse – Brannklasse – Bæreevne og stabilitet – Sikkerhet mot brannspredning -  Etasjeantall – Rømningsforhold m.m."

Det er ikkje særlege reglar for denne typen bygg etter Kulturminnelova. Det gjeld dersom bygga er yngre enn 1850.

Vegen vidare
Det er peika ut eller valt ut ulike pilot prosjekt i dei 4 kommunane. Det er grunn til å tru at ikkje alle desse blir realisert slik eigar har ambisjonar om. I fleire av kommunane er det pilotprosjekta som ikkje kan handterast utan å søkje om dispensasjons ihht kommuneplanen. I Sund kommune er me no klar til å starte sakshandsaminga av pilot prosjekta. Frå mi side er det ønskjeleg at arbeidet og erfaringane kan resultere i at me startar eit arbeid med å lage ein kommunedelplan for næring i naust. Dette for å få ein samla oversikt i Sund kommune. Det gjer søknadsprosessen for nausteigarane også lettare då ein slepp å søkje dispensasjon dersom me har ein vedtatt kommunedelplan for dette temaet.
Vidare må det avklarast kva "nivå" ein skal leggje seg på i spørsmålet om kva som er Gamle Kulturbygg. Deretter er det tid for oppsummering og opplæring av både nausteigara som ønskjer tiltak og tilsette som skal saksbehandle søknader.

Det er slik at dette prosjektet ikkje har mandat til å endre regelverket, men heller å beskrive korleis ein skal nå fram for å ivareta kulturminna langs kysten samt å skape ny næring i desse bygga.
Jektanaustet i Trellevik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar