lørdag 18. februar 2012

Veke 7. Sotrasambandet i fokus

Mykje spennande denne veka. Tinget i Vest, Formannskapsmøte og dialogmøte om Sotrasambandet.


Tinget i Vest
Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest. Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting. Dette er ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje føreteke avrøysting eller avgjerder i dette organet. Agendaen denne gongen var Regionalt samarbeid. Fylkesrådmann Paul Nilsen innleia med temaet “Kvifor regionalt samarbeid?”. Eg innleia med bakgrunnen for oppstarten av Regionrådet og forventningane me hadde då. Rådmann i Sund Gerhard Inge Storebø og Fjell-rådmann Steinar Nesse skal snakka om samhandlingsreforma og andre samarbeidsprosjekt i regionen.
Du kan lese meir om Tinget i Vest her:
http://www.regionradetvest.no/bruk-strategiske-vener


Formannskapet
Tysdag var det formannskapsmøte. Me hadde samtalar med leiar og nestleiar i Ungdomsrådet om deira aktivitet og korleis me i saman kan bidra til at Ungdomsrådet blir eit godt organ for kommunestyret og innbyggarane i Sund.
Me drøfta også gravplassen på Kausland. Dei har tidligare varsla kostnadsoverskriding, men fekk då i oppdrag og sjå nærmare på kostnadsreduserande tiltak. Dei presenterte ei løysing som tek høgd for ca 1 mill i kostnadsreduksjon. Formannskapet var nøgd med framlegget.
Me drøfta også arbeidet med utvidinga avstranda skule. I kontrakten har me nokre opsjonar på utviding. Kommunestyret har starta arbeidet med ny Skulebruksplan og me forventar ei endring i skulestrukturen - det er det politisk fleirtal for. Spørsmålet er i kva omfang. Me veit ikkje kor mange skular me skal ha, men kommunestyret har tidligare peika på at Skogsvåg skule og Stranda Skule er satsingsområde. Det er difor aktuelt å vurdere opsjonane i kontrakten og ei eventuell utviding av omfanget på Stranda Skule så tidleg som mogeleg for å få utført arbeidet til lågast mogeleg kostnad. Formannskapet bad rådmannen komma attende med ei sak på dette.

Dialogmøte om Sotrasambandet
Fredag var det dialogmøte om Sotrasambandet med leiar i Transportkommiteen Knut Arild Hareide. Kommunane fekk leggja fram sit syn – og me fekk råd om vegen vidare.

På vegne av Sund kommune hadde eg ein presentasjon som i grove trekk baserer seg på følgjande framstilling:
Vi ønskjer alle ei løysning som ivareteke samfunnet sine behov for transporteffektive løysningar til ein lågast mogeleg kostnad for dei reisande, næringslivet og det offentlige. Dei løysingar me får presentert måndag 20 februar er i hovudsak to konsept der det eine er både visjonært og kostnadskrevjande med ny 4-felts bru, og ei 2-felst bru alternativ som utpekar seg som rimelegare.

Det er gjennomført ein ekstern konsulentvurdering  (Haug og Blom- Bakke AS (2008). Sotrasambandet, ny Sotra bru, aktuelle løysningar.)
Der blir det konkludert med at bæreevne og teknisk tilstand av dagens bru kan med forholdsvis enkle tiltak forlenge levetida og auke bruksverdien av brua.
Det er også gjennomført samfunnsøkonomiske berekningar av departementet som syner at 2 felts bru er det beste alternativet. Men eg forstår dei som meiner at dette er ei gamal bru – og at den har begrensa levetid. Det har jo alle bruer. Eg forstår også dei som ønskjer 6 felt frå Straume til by sida og at me må tenkja langsiktig og visjonært - og at det er her på Straume den største veksten kjem. Sund ønskjer både ei regionssenter utvikling og Kystby velkommen. Det må det ikkje være tvil om.

Ei løysing i dagens trase er raskare å realisere og gjer lågast bompengesats. Ein fordel for mange. Ein kan gå i gang med strakstiltak med ein gang og desse tiltaka kan nyttast i framtida – eit døme på dette er det gode arbeidet Bergen gjer på Bysida med kollektiv felt frå Sotrabrua mot tunnelane i Godvik.

I høgspent traseen er det fleire utfordringar. Linja Mongstad – Modalen må også på plass dersom ein ikkje får ein avtale med Statoil på lastuttak, og ikkje berre Mongstad – Kollsnes som har vore nemnt til no. Dette gjer at realiseringa av Sotrasambandet ligg 10 – 15 år fram i tid om alt går ok. I tillegg er kabel over sundet lite fleksibelt mhp ending i forbruksmønsteret – det beste er nytt luftspenn og ikkje kabel. Det er også det rimeligare å nytte luftspenn framfor kabel - både i investering og drift. Ei ny luftlinje trase er heler ikkje konfliktfri. Det er ikkje søkt konsesjon og begge alternativa får negative konsekvensar for bebuarane på begge sider av sundet. Heile høgspent traseen er eit dåleg alternativ etter min oppfatning som også fordyrar prosjektet med fleire hundrede mill.

Konsept J: Fire-felts veg i dagens trasé og ei ny tofelts bru er den klart rimelegaste løysninga. Ein kan løyse dagens trafikk utfordringar raskt og gjenbruka straksløysingar. Denne løysinga har god kapasitet og løyser behovet vårt i mange 10 år framover.
Er at ein slepp å vente i årevis på ny løysing som betrar trafikk tilhøva. Vi får då er eit vegsystem som er godt tilrettelagt for dagens og morgondagens behov, og er ei løysing som er dimensjonert og egna til å møte dei trafikkreduserande tiltak me vil sjå i Bergen i åra som kjem.

I Sund så meiner me at eit framtidig ringvegsystem som inkludert ei løysing sør på Sotra kan ta veksten etter 2050 – og lede trafikken vekk frå dei sentrumsnære stroka i Bergen – som allereie i dag har miljø utfordringar og for stor trafikk. Tør vi gå ein slik framtidsretta løysing på sikt vil våre etterkommer omtale oss som framsynte og ansvarlege beslutningstakere, som ikkje set kortsiktig veg gevinst i høgsetet,  men hadde evne til å sjå heilheta i Bergensregionens sitt behov for tenelege trafikkløysingar både på kort og lang sikt.

Askøy kommune og Bergen kommune fokuserte mykje på trafikkutfordringane på vestre innfartsåre som følgje av eit nytt samband - og ser såleis mange poeng i Sund sitt syn.

Øygarden, Fjell og Fylkeskommunen er opptatt av at prosjektet held framdriftsplanen.

Eg oppfattar alle kommunane til å være opptatt av strakstiltak.

Tidligare stortingsrepresentant og samferdselspolitikkar Magnus Stangeland har fleire gongar nemnd for meg at me må arbeide for å få på plass eit fastlandssamband i sør og seier at Transportkomminteen må kunna seia noko om det i sin behandling av saka om Sotrasambandet.

Knut Arild Hareide antyda at det er mogeleg. Han ser poenget med eit ringvegsystem som kan lede trafikken vekk frå dei sentrumsnære stroka i Bergen. For alle kommunane er det viktig at dette ikkje er til hinder for Sotrasambandet, men er ei forlenging av dette på sikt. Hareide meiner me må spele på lag med Vegvesenet og deira anbefalingar om traseval og bru alternativ. Det kompliserar prosessen om me vel noko anna. Me må også opptre samla.

Som ordførar frå Sund er det mi soleklare plikt å fremje Sund sine interesser fram til avgjersla om traseval og bru alternativ er tatt. Det handlar om min lojalitet til Sund. Men når avgjersla om traseval og bru alternativ er valt meiner eg at det er viktig at alle følgjer vedtaket lojalt. Difor er det då viktig for Sund og verta einige om kva me ønskjer skal inn som merknader i komiteen si handssaming av prosjektet dersom Sund også skal støtta eit alternativ med ny 4 felt bru i høgspent traseen. Her er det fleire viktige moment som strekninga Storavatten – Liavatten, nord-sør på Sotra, og ei framtidig løysning i sør på Sotra til Bergen som må drøftast. Hadde me kunne fått dette med i innspelet til Stortingsbehandlinga av saka ville det vore mykje lettare for regionen å stå samla i saka. Byråd Fillip Rygg ønskjer å ta initiativ til eit møte for å drøfte dette.

Det er von i hengjande snøre!

Ha ei fin fin helg
Ove


Knut Aril Hareide. Leiar i Transprt kommiteen.

2 kommentarer:

  1. Det er vel og bra med Sotrasamband, men for noen er Lerøy/Bjelkarøysambandet viktigere. Er dette prosjektet parkert for godt? Hva gjøres i Sund kommune for å få det på agendaen igjen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei,
      Prosjektet er ikkje parkert, men prosjektgruppa har gjort sitt arbeid med å arbeida fram ulike trasear og framlegg til kommunedelplanar. Prosjektgruppa er såleis ferdig. Kommunedelplanane er så detaljerte og godt gjennomarbeida at dei er nærmast som reguleringsplanar.

      I Sund er me ferdige med reguleringsplanane mellom øyane. No er det opp til Bergen kommune å fatte vedtak om traseval for sjølve fastlandssambandet. Det vil sei val mellom lågbru over Åleknappsundet eller eit av tunnel alternativa.

      Det er håp om at Bergen fattar dette vedtaket ila feb/mars.

      Når det er gjort vil me fatta likelydande vedtak i Sund. Deretter må det fattast reguleringsplan vedtak for valt trase. Deretter startar arbeidet med å framskaffe finansiering av prosjektet. Dette prosjektet ligg ikkje inne i Fylkeskommunen sine planar endå.

      Helsing
      Ove

      Slett