lørdag 4. februar 2012

Veke 5. Kommuneplan mekling hos fylkesmann og kommunestyre

Mykje spennande denne veka, men har ikkje dei store utgreiingane om alle sakene. Fokuset denne veka har vore kommunestyre og på meklingsmøte med Fylkesmannen.

Kommunestyret
I kommunestyret var det fleire saker knytt til samhandlingsreforma. I regionen her vest er me godt førebudd – og har eit omfattande interkommunalt samarbeid på gang. Samhandlingsreforma skal me få til. Me hadde også ei drøfting kring fri skuleskyss på Stranda – og det blei drøfta om me skulle ta opp at denne saka. Kommunestyre vedtok at me i denne saka skal avvente Fylkesmannen sin behandling av klagene som me har mottatt før me evt drøfter saka att. Ei anna sak som sat følingane i sving var ei sak om nam på ulike stader i kommunen. Denne saka er kommen opp på initiativ og ønskje frå bygdebok nemnda. Kommunestyret valde å endra på nokre av namna bygdeboknemnda innstilte på, for eksempel Kleppevik og Øvretveit skal skrivast slik utan a ending, dersom ein ikkje hadde endra ville tilfelle blitt Kleppevika og Øvretveita slik innstillinga frå bygdeboknemnda var. Vedlagt saka låg det også ei opplisting av namn som tidligare er endra og mange kjenner seg ikkje igjen i fleire av måtane ein no skal skrive stadnamn på. Personleg så meiner eg at skrivemåten ikkje har noko med uttalen å gjere då uttalen har med dialekt å gjere. Slik sett burde dette aldrig ha vore ei sak i det heile. Rådmannen har varsla ønskje om avløysing og kommunestyret vedtok at ein skal nytte eit rekrutteringsbyrå. Det blei valt eit tilsetningsutval beståande av ordførar, varaordførar og Kjell Arve Vorland (SP). Formannskapet har valt firmaet Kommunal rekruttering til å bistå i arbeidet med å rekruttere ny rådmann.

Meklingsmøte hos Fylkesmannen
Veka blei avslutta med forhandlingar om kommuneplanen sin arealdel. Her har me fått motsegn på fleire av næringsareala våre både frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen. Forhandlingane var konstruktive og løysningsorienterte. For industriområdet på Vorland og i Austefjorden fann me løysning ved at nøringsareala blir endra litt i størleik/plassering for å betre ivareta kulturminna og landskapet i nærleiken. Resultatet blei heilt OK for begge partar. Verre var det med Lundaneset. Her er det mange kulturminne frå steinalderen som må ivaretakast. For fylkeskonservatoren si side er det OK med næringsareal, men stiller krav ifm reguleringsplan arbeidet. Dette kan bety at me risikerer det same som vi har gjort på Skaganeset – at riksantikvar og miljøverndepartement seier nei. Fylkesmannen meiner i tillegg at området ligg for tett opp i bl.a Tyssøy og dei kvalitetar som er knytt til friluftsinteresser med meir. Her vil ikkje dei fjerne motsegna – alternativet vårt da er å fremme saka til miljøverndepartementet. Sidan det er knytt stor risiko til kulturminna i området og at me såleis kan ende opp på same måte som me i si tid gjorde på delar av Skaganeset vil me trulig akseptere Fylkesmannen si motsegn og såleis ikkje fremje saka til departementet.

På slutten drøfta me reguleringsplanen i Porsvika. Her fråfell Fylkesmannen sine motsegn og me får nytta all areal i strandsona slik me ønskjer. Det som gjenstår no i Porsvika er ei avklåring frå riksantikvaren på frigjeving av nokre kulturminne. Fylkeskonservatoren har anbefalt dette. Me håpar såleis at dette skal gå bra. Alt i alt så gjekk dette meklingsmøte bra – sett frå vår side.

Elles denne veka så har det vore styremøte i Kystsogevekene, kurs i krisekommunikasjon og seminar med Fylkesmannen. Seminaret med Fylkesmannen var lærerikt. Her blei det fokusert på viktige tema som gjer at me ”nye politikkara” får betre føresetnadar for samhandling med Fylkesmannsnivået og Fylkeskommunen. Me fekk ei orientering om plansystemet, nasjonale interesser, regional utvikling og kommune planlegging. Eg blir meir og meir overtydd om at det er viktig med gode planer å styre kommunane etter. I eit samfunn som veks er det viktig med politisk styring. Skal me få det til må me har gode planer – også regionalt for å ”hindre sub optimalisering” i den enkelte kommune eller i den enkelte bygd. Det handlar til sjuande og sist om regionens og samfunnets beste og då lyt me prioritere og sjå lenge fram ”enn vår eiga nasetipp”.

Brøyting
Fredag morgon vakna me opp til snø – og mange meinte brøytinga var dårlig. Frå mi side er det viktig at brøytemannskapa føl kontraktane sine og gjer det dei skal ihht desse avtalane. At avtalane er for dårlege eller at krava ikkje er gode nokk blir drøfta med vegstyresmaktene, men det er vanskeleg å få samfunnet til å prioritere meir ressursar på dette – sett opp mot andre behov. Me må såleis akseptera at det kan ta noko tid frå snøen dalar til den er fjerna – alle ressursar vert nytta men dei fl ei prioriteringsliste av vegar, offentlege områder og kommunale vegar og gang/sykkelstiar. Gang og sykkelstiar har lågast prioritet.

Standard bar veg – Strekningen Eide - Bergen

På disse vegene aksepteres det opp til 6 cm snø under snøvær. Forebyggende tiltak inkluderer strøing med salt. Normalt skal det ikke ligge snø eller is på disse vegene unntatt under og en viss tid etter snøfall. Skulle det oppstå værforhold som gjør at en ikke kan drifte vegen etter denne standarden, vil vegen midlertidig bli driftet etter standarden for vinterveg.

Standard vinterveg – Resten av det fylkeskommunale og kommunale vegnettet i sund

På disse vegene aksepteres det opp til 15 cm snø under snøvær avhengig av trafikkmengde. Under snøværet skal det brøytes så ofte at kravene blir overholdt. På disse vegene er det akseptabelt med snø- og/eller isdekke hele eller deler av vinteren. Forebyggende tiltak kan inkludere strøing med salt ved fare for rimfrost. På snø og isdekke blir det benyttet sand som strømiddel for å øke friksjonen på vanskelige partier.
Her kan du lese meir om brøytestandard:




Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar