torsdag 22. desember 2011

Vegen vidare for Sotrasambandet

Eit framtidig vegnett i regionen
Bakgrunn
Denne blogg byggjer på Sund kommune sin visjon og høyringsuttale til KVUèn samt det faktum at kapasiteten på vestre innfartsåre Sotra – Bergen er sprengt. Det er dagleg lange køar og næringslivet lir store tap grunna den dårlige trafikkavviklinga. Det er såleis viktig å finne ei løysing snarast som løyser dagens trafikkutfordringar.

Bergen kommune har godkjent reguleringsplan for kollektivfelt frå Sotrabrua til krysset til Breivik og finansiering er på plass. Dette er ein god start. Det er viktig å få realisert dette samtidig som det på Sotrasida blir satt fortgang i arbeidet med kollektivfelt og anna strakstiltak langs eksisterande rv555. Desse tiltaka vil betre trafikkavviklinga og dei store utfordringane med kø vil bli løyst.  

Byrådet i Bergen har vedtok planprogrammet Tysdag 20.desember og det skal no utarbeidast kommunedelplanar og løysingar og traseear skal velgjast.

Ei pakkeløysing til det beste for Sotra og Bergen
Denne pakkeløysing inneheld kompromiss som skal gjere fleire partar med dels motstridande interesser nøgde. Det vi skal beskrive i det neste er ei pakkeløying for samferdsleutfordringane på Sotra og Bergen vest.

Vår Sundpakke

-         sparer tungt belasta vegar i Bergen vest for fleire bilar
-         er mest klimavennlig og bidrar til at klimapolitiske mål kan nåast
-         er den billigaste og raskast realiserbare løysinga
-         gjev folk på Sotra og Bergen mest for pengane
-         betrar framkome for næringstrafikken og bilistane
-         gjer det mogleg å byggje bybane til Sotra
-     opnar for ei framtidsretta fastlandsamband sør på Sotra på lengre sikt
-         betrar trafikktryggleiken
-         er best for fotgjengarar og syklistar
-         er god for kollektivtrafikken

Vår Sundpakke er den mest framtidsretta samferdsleløysinga for regionen og kan vera starten på ei ny og annleis samferdslestrategi for Bergensregionen.

Kva inneheld Sundpakken?
  1. Ei ny Sotrabru på to felt parallelt med eksisterande bru, med plass til syklistar og fotgjengarar. Brua kan bli dimensjonert for framidig bybane.
  2. Nye 2 + felt og sykkelvegar frå Kolltveit i vest til Storavatnet i aust.
  3. Opprusting av dei dårlegaste vegstrekningane nord og sør for Kolltveitkrysset.
  4. Prosjektet kan realiserast mykje fortare enn løysinga med ny 4-felts bru i høgspent traseen.
  5. Ei løysing som gjer framtidig fastlandsforbindelse sør på Sotra mot Bergen/Flesland realistisk på litt lengre sikt.

Kva kostar Sundpakken?
Byggjer vi på tala får vegkontoret, vil ei 2 felts bru med 2 + felt mellom Kolltveit og Storavatnet kosta rundt to milliardar kroner.
Opprusting av vegnettet nord og sør for Kolltveitkrysset er kostnadsrekna til to milliardar kroner.
Alternativet med ny 4-felts bru ca er 8-10 mld avhengig av kven som tek rekninga for flytting av høgspent trase og veg mellom Storavattenet – Liavattenet og det nye krysset der. I desse berekningane er heller ikkje effekttapet til BKK og noverdien av dette tatt med i berekningane ved bygging av 4 felt bru i høgspent traseen.

Kven skal betale?
Sotrasambandet har rekna på inntektene på hovudsambandet og meiner ein gjennomsnitts pris per kryssing på 35 kroner skal gje nær fire milliardar kroner i inntekter i en bompengeperiode på 18 år. (i dette regne stykkje er ikkje kostnadane med flytting av høgspent trase og effekttapet BKK tapar, strekninga Storavatten – Liavatten og kryss ved Liavatten medrekna).

I tillegg kjem bompengar for nor – sør akse.
Det betyr bomstasjonar like nord og sør for Kolltveitkrysset i tillegg til stasjonane på brua. I tillegg er det bompengar i Bergen.

Best for fotgjengarar og syklistar
Gjennom Sundpakken skal det byggjast eigna gang- og sykkelfelt frå Sotra mot Bergen. Fotgjengarar og syklistar får eigne felt på den nye 2-feltsbrua.

God for kollektivtrafikken
Kollektivtrafikken får på den nye strekninga (2+ løysing) – slik dei andre innfartsårene til Bergen. Dermed aukar ikkje kapasiteten på vegnettet i så stort omfang, slik ein får om ein vel ei ny fire felts bru som totalt gjer 6 felt frå Sotra til Storavattenet.

Slik kollektiv satsing, kombinert med bompengar, vil føra til auka bruk av buss/bane. Nokre døme:
  1. Berre takstfrys aleine har auka kollektivbruken med 10 prosent i Bergen.
  2. Røynslene frå London, viser at kollektivtrafikken i same periode har auka med over 30 prosent.
  3. I Kristiansand, som i år har greidd å betra kollektivtrafikk, syner store overgangar frå biltrafikk til kollektivtrafikk. Biltrafikken får ein nedgang på 15 prosent medan kollektivtrafikken aukar med 37 prosent.
Ein skal heller ikkje sjå vekk frå symbolverknaden. Kollektivtrafikken vert oppgradert og framstår ikkje som eit litt mindreverdig alternativ. Det hevar statusen til kollektivtrafikken.

Gjer det mogleg å byggja bybane
Bybane til Sotra er framtidsmusikk, og prisen for å leggje skinner til Straume vert høg – fleire milliardar kroner. Det skal byggjast bybane både til Flesland, Åsane, Fyllingsdalen og Loddefjord før det er aktuelt å byggje bane til Sotra. Truleg er det mest realistisk med ein bane til Storavatnet med matebussar frå strategisk plassert innfartsparkering i nærleiken av trafikknutepunkt i regionen. Samstundes er den forventa veksten i folketal og arbeidsplassar i Fjell, Sund og Øygarden så stor at det kan gje grunnlag for ei bane i framtida.

Er mest klimavenleg
Kommunedelplanen for Sotrasambandet som Statens Vegvesen har utarbeidd har sett på kva for tiltak som gjev størst klimautslepp:

”Dei to alternativa innan Prinsipp 1 der tiltaket gjeld betring for kollektivtrafikken aleine og utan ny vegkapasitet, gir lågaste samla trafikk og dermed minst utslepp av CO2. Utsleppa er om lag som ved nullalternativet. Dersom det i tillegg vert innført bompengar eller rushtidsavgift på dagens bru, vil utsleppa bli enda mindre.
Alle alternativ med auka kapasitet for biltrafikk, gir auka CO2-utslepp.
Auken varierer mellom 10 og 57 prosent.”

Betrar framkome for næringstrafikken – eit framtidig fastlandssamband i syd
Eit av dei viktigaste måla med eit nytt Sotrasamband er å betre framkome for næringstrafikken. I dag står bilane i kø på veg inn til byen om morgonen og på veg ut av byen om ettermiddag.

Dette kjem til å endre seg mykje om det vert bygd nytt samband. Å bygga ei ny 2-felts bru som kanskje også kan bli konstruert for å tole framtidig bybane, men som i dei første åra bli nytta til buss og 2 + felt slik Bergen kommune har fremja på alle innfartsårene vil gje tilstrekkeleg kapasitet til/frå Sotra i fleire ”10 år” framover.

Veksten i trafikken må ein i framtida løysa med eit samband sør på Sotra. Hadde ”det nye Sotrasambandet” vi i dag arbeider med blitt lokalisert sør ville 1/3 av dagens trafikk valt den sørlege traseen. Dvs ein ådt på 9000. Ein kan då rekne med at det ville gått kort tid før trafikken ville fordelt seg 50/50 når me ser den veksten me har i dag. Dette ville spart Bergen vest for ca 20000 ådt i 2030. Eit slikt ringvegsystem ville vore sers teneleg for næringslivet.

Det vert innvenda at levetida for dagens bru er så kort at det gjev dårleg butikk på lang sikt å ikkje byggje fire felt. Levetida til ei ny bru er normalt lengre enn levetida til ei gamal bru. Men om dette argumentet skal leggjast vekt på, må det liggja føre rapportar som seier nok om at levetida til dagens bru ikkje er akseptabel. Det gjer det ikkje. Derimot har dagens bru ei lang levetid og inngår i planane for ”lokal veg” mellom Sotra og Bergen i 4 felts bru alternativet. Det er ingeniørar som hevdar den gamle brua kan vare i minst 100 år til om ho vert vedlikehalde.

Betrar trafikktryggleiken
”Det har vore mange, og alvorlege ulukker i Sotrasambandet. Dagens transportsystem er lite
utvikla og lite trafikksikkert i høve til den trafikkmengda som er på vegane.” heiter det i kommunedelplanen. Sambandet sørover frå Kolltveitkrysset er den strekninga som har flest ulukker i høve til trafikktala.

Det er fleire forhold som verkar inn på ulukkesnivået. Nye vegar har betre standard enn gamle og gjev færre ulykker. Samstundes gjev auka trafikk fleire ulukker, medan redusert trafikk gjev færre ulukker. Sundpakken gjev:
        betre gang- og sykkelvegar noko som reduserer kontaktpunkta mellom mjuke og harde  trafikkantar.
        gjev betre vegkvalitet på fleire ulukkesutsette strekningar sør og nord for Kolltveitkrysset.
        strategisk plassert innfartsparkering i nærleiken av trafikknutepunkt i regionen

Sparer tungt belasta vegar i Bergen for fleire bilar
Trafikken på vegane inn til Bergen aukar og prognosane tilseier ei vidare auke i åra som kjem. Inn til Storavattnet vil det i 2030 kome nær 20.000 fleire bilar i døgnet enn det gjer i dag viser Transportmodellen for Bergensområdet og prognosane aukar år for år. Det vil gje alvorlege avviklingsproblem for alle vegar mot Bergen.

Men Bergen har også problem med trafikkvekst vidare mot sentrum. Dette fordi prognosane tilseier ein trafikkvekst frå nord på 50 prosent og frå sør på 40 prosent. Ein slik vekst inn mot krysset på Nygårdstangen vil sprengje kapasiteten til krysset og køane vil forplante seg over hele Bergensområdet. Det er bakgrunnen slik me oppfattar det- for følgjande formulering i kommuneplanen for Bergen 2006-2019:

”Dagens trender tilsier at det i årene som kommer vil bli økende trengsel på hovedvegene mellom sentrum og bydelsentrene og videre mot nabokommunene. Dette skaper behov for å dempe det trafikale presset på sentrum av hensyn til miljø og luftkvalitet, arealforbruk og effektiv transportavvikling. I det sentrale byområdet er det lite rom for nye arealkrevende transportløsninger. Dette medfører at byen må satse på et effektivt og miljøvennlig transportsystem mellom sentrum og bydelene og videre mot regionsentrene.”

Og til planane for utgreiing av Sotrasambandet uttalte byrådet:

”Innenfor samarbeidet "Framtidens byer" er det lagt stor vekt på kollektivtransport, bruk av sykkel, gange, sammen med andre virkemidler for å begrense bilbruken. Det er videre et mål å styrke og samordne arealbruk og transport innenfor hele den funksjonelle regionen. Det er derfor viktig å utrede alternativer for Sotrasambandet som på en best mulig måte kan imøtekomme disse overordnede målene for samfunnsutviklingen.”

Og om kollektivtrafikken i same utgreiing:

”All erfaring viser at økt og forbedret vegkapasitet fører til større biltrafikk. Utredningsarbeidet må derfor klarlegge hva som skal til for å etablere et kapasitetssterkt kollektivtilbud som er mest mulig konkurransedyktig i forhold til personbilen. Det er av avgjørende betydning at det etableres reelle alternativer, slik at kollektivtransporten kan bli så attraktiv som mulig.”

Byråd sak 70/10:

Altrnativene skal ikke føre til økte kapasitetsproblemer på vegsystemet fra Storavatn mot Loddefjord, ringveg vest og Sentrum. Alternativene i kommunedelplanen skal vise miljømessige akseptable løsninger og dessuten bidra til at klimagassene reduseres.

Byråd sak 1557/11
Byrådsvedtak 20.desember 2012

Sotrasambandet - fastsetting av planprogram for kommunedelplan med
konsekvensutredning. PlanId 19920000 og PlanId 61800000.

Byrådet behandlet saken i møtet 201211 sak 1557-11 og fattet følgende vedtak:
1. I medhold av plan- og bygningslovens § 11-13, jfr. § 4.1 fastsettes felles planprogram
datert 27.01.2011, revidert 12.09.2011, for følgende to planer:

a. Laksevåg bydel, Kommunedelplan med konsekvensutredning for
fastlandssambandet Sotra-Bergen, del I: strekningen Kolltveit - Storavatnet.
Plan Id 19920000.

b. Laksevåg bydel, Kommunedelplan med konsekvensutredning for
fastlandssambandet Sotra- Bergen, del II: strekningen Storavatnet - Liavatnet.
Plan Id 61800000.

2. Planprogrammet med konsekvensutredningsprogram vedtas med følgende
endringer/suppleringer:

a. Prinsipp 1 legges til grunn for planprosessen, slik at planområdet Kolltveit -
Liavatnet blir delt i to kommunedelplaner. Kryssområdet ved Storavatnet skal
inngå i delplan 1, Kolltveit - Storavatnet, jfr bystyrevedtak i sak 98-11.

b. Begge kommunedelplanene må behandles politisk før kommunen avgir uttale til
Nasjonal transportplan (2014-2023).

c. Kollektivtransporten skal styrkes framfor personbiltransport mellom Sotra og
Bergen sentrum. Planarbeidet må tilrettelegge for kollektivtransport med buss på
egen trasé mellom Storavatnet og Liavatnet, som alternativ løsning til mulig
framtidig bybane fra Storavatnet.

d. Det skal også i alternativ C7 utredes gang-/sykkelvei langs dagens rv 555 fram til
Storavatnet, dvs. sykkeltunell gjennom Harafjellet og Kiplehaugen.

3. Bergen kommune ber om at det utarbeides plan for finansiering av hele strekningen
Kolltveit - Liavatnet.

Ny 2 felt bru er etter min oppfatning det alternativet som best kjem ønskja frå Bergen i møte. Vegkapasiteten vert ikkje auka vesentleg og kollektivtrafikken vert prioritert.

Den billigaste løysinga
Ei ny 2 felts bru som og kan ta vekta av bybanen vil saman med 2 + felt frå Kolltveit til Storavatnet koste maksimalt 2 milliardar kroner. Ei 4 felts bru eksklusiv kostnader for flytting og verdien av effekt tapet for BKK sine eigara samt kostnadar for strekninga Storavatten – Liavatten vil bli meir enn dobbelt så kostnadskrevjande å realisere.

Kven skal dekke kostnadane for flytting av høgspent trase og effekttapet til BKK?
Kven skal betale for vegstrekninga Storavatten – Liavatten med nytt kryss og nye vegtrasear mot Bergen?

I kommunedelplanen har Vegvesenet rekna på den såkalla netto nytteverdien av tiltaket. Dette er eit uttrykk for kva nytte samfunnet totalt sett har av tiltaket når også kostnadene vert rekna med. 2 felts bru alternativet kjem ut med høgast nytte fordi det har lågaste kostnader.
Det same gjer klimakostnadene.
Betrar tilhøva for nærmiljøet
Det er ikkje råd å lage eit fullgodt kollektivsystem utan å leggje forholda betre til rette for kollektivtrafikken. Vegkontoret har i si utgreiing lagt vekt på dette i sine tilrådingar og føreslår eigne kollektivfelt på ei firefelts bru. Brua vert 30 meter brei, og saman med den nye vegbana til og frå brua vil dette krevja riving av hus langs traseen.

Også ei 2-felts bru vil påføre nærmiljøet ulemper. Sjølv om denne brua og vegbana vert smalare, vil også denne løysninga krevje riving av hus.

Samstundes må det vere lov å peike på at dette ikkje er ei sak berre om husvære på begge sider av Sotrabrua. Det handlar om å finne ei trafikkløysing som er best og mest framtidsretta for ein del av Vestlandet med ein folketals- og arbeidsplassvekst mellom dei høgaste i landet. Då kan ein ikkje alltid ta omsyn til alle.

Vegkontoret si vurdering
Trass i alle desse kvalitetane til 2 felts bru alternativet har Statens Vegvesen i sin vurdering kome fram til at dette alternativet ikkje er godt nok. Dette skuldast etter vår oppfatning at ein ikkje har sett 2 – felts bru alternativet i samanheng med eit framtidig fastlandsforbindelse syd på Sotra til Bergen.

2 felts bru alternativet løyser næringslivets transportbehov på både kort og lang sikt. Det gjev robuste, vekstkraftige og ikkje minst berekraftige bu- og arbeidsmarknader.

I høve til mål for Sotrasambandet
1. Om å sikre god og effektiv kommunikasjon mellom Sotra og Bergen skriv vegevesenet om 2 felts bru alternativet:  ”Uvisst fordi det krev nødvendig trafikkdemping. Fare for redusert framkomst og forutsigbarhet”

Etter vår oppfatning er dette fordi kapasiteten på vegnettet ikkje tolar ukontrollert trafikkvekst. Det vil og vere viktig også for trafikken til og frå Sotra.
Ei løysing med 2+ felt slik det blir på dei andre innfartsårene til Bergen må være tilstrekkeleg. Veksten må komme i eit samband sør på Sotra.

2. Om å sikre god vekst og verdiskapning lokalt, samt vidare utvikling av Bergensregionen heiter det om 2 felts bru alternativet: ”Avviklingsproblem eller nødvendig trafikkdemping avgrensar kontakten mot Bergensregionen.”

Det er ei vurdering som har fleire sider. Her er ikkje ei framtidig løysing i sør inkludert. Kva veit vegkontoret om dei trendbrot vi kan møte i framtida pga klimasituasjonen? Klimasituasjonen for Bergen sentrum er ein faktor vegvesenet ikkje fullt ut har teke inn over seg i sine framlegg til vegplanar.

3. Om nullvisjonen, som handlar om trafikktryggleik heiter det om 2 felts bru alternativet:
”Lite samsvar. Stor trafikk på dagens vegnett.”

Det er ikkje rett at det vert stor trafikk på dagens vegnett. Trafikken vert halvert ved ei framtidig løysing i sør kombinert med ny 2-felts bru i nord, og den manglande tryggleiken kan løysast ved å setje opp midtdelarar der slike ikkje finst i dag. Karakteristikken  ”Lite samsvar” er ikkje dekkjande for 2 felts bru alternativet i høve til nullvisjonen.

For dei øvrige punkta under ”Mål for Sotrasambandet” oppnår 2 felts bru best karakter. Det gjeld:
-         Ikkje føre til store negative konsekvensar på total kapasitet for transportnettet i Bergen
-         Attraktiv og effektiv kollektivtransport, med minst like god framkomst som anna trafikk.
-         Sikre eit attraktivt gang- og sykkelvegnett.

Avslutning
Vår Sundpakke er den mest framtidsretta samferdsleløysinga for regionen og kan vera starten på ei ny og annleis samferdslestrategi for Bergensregionen. Om Bergensregionen skal makte å møte dei strenge krava til reduserte klimagassutslepp som Noreg har forplikta seg til i dei komande åra må me tenkja nytt og framtidsretta. Det gjer me ikkje med ei ny 4 felts bru.

Jamvel om Vegkontoret i andre runde har følgd oppfordringa frå Bergen kommune om å gje betre vilkår for kollektivtrafikken, så er satsinga halvhjerta. Framleis er det slik at bilen skal få meir plass mellom Sotra og Bergen, og alle røynsler frå transportplanlegging syner at betre vegar avlar meir trafikk. Dersom løysinga Storavattenet – Liavattenet ikkje vert realisert til rett tid er det stor fare for trafikale utfordringar i det ny krysset ved Storavattenet.

For Bergensregionen er det viktigare enn nokon gong å tenkje nytt. Det kjem ein armada av biltrafikk både frå Sotra, Askøy, Fana/Os og Nordhordland/Åsane om ikkje hovudmåla i trafikkplanlegginga vert endra frå å vera bil orientert losa gjennom dei sentrumsnære stroka. Veksten i trafikken til/frå Sotra må komma i eit framtidig sørlig fastlandsalternativ som leiar trafikken vekk frå dei sentrumsnære stroka.

I følgje rikspolitiske retningsliner for areal og transportplanlegging skal det utgreiast tiltakspakker. Det gjeld mellom anna regulering av trafikk og kollektivsatsing, slik at ein nyttar alle transportformer og oppnår god nok transportkapasitet utan å auke vegkapasiteten.

Sundpakken er ein tiltakspakke som lojalt følgjer dei rikspolitiske retningslinene og difor det alternativet som best løyser dei samla transportutfordringane for vegtransport på Sotra og Bergen vest.

I 2012 må alternativa kostnads reknast, og det må det velgast mellom 2 eller 4 felt bru og tilhøyrande trasear. Etter mi oppfatning så er ei ny 2 felt bru den beste løysinga – og som er den minst kostnadskrevjande for den enkelte bilist og næringslivet. Dette alternativet lar seg også realisere mykje fortare enn alternativet med 4 felt bru i høgspent traseen.

Me går eit spennande år i møte!
mvh
Ove

Ei ny 2 felt bru parrallelt med den gan\mle er etter min oppfatning den beste, raskaste og billigaste laysinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar