lørdag 19. november 2011

Veke 46. Ei krevjande veke går mot helg

Dette har vore ei krevjande veke. Barnedødsfall - på ein slik måte me har opplevde her i Sund er heldigvis uvanleg. Kommunen har hjelpt dei som er mest ramma av denne tragedien etter behov og evne. Søndag blir det ei minnemarkering. Det har også vor stor aktivitet på andre områder – som vanleg.



Ordførarsamling og møte med Stortingsbenken
Måndag og Tysdag arrangerte KS (Kommunanes sentralforbund) ei samling for ordførarane. Her var det foredrag og val av representantar til KS sitt fylkesstyre med meir. Det var også eit møte med Hordaland sine stortingsrepresentantar – det er alltid nyttig og kjekt å treffe dei. Her tok eg opp viktigheita av at regjeringas forslag til statsbudsjett ikkje inneheld midlar til bioteknologisk utvikling slik me hadde vente. Dette kan prosjekta innan marin næring i Sund lide av. Det er også viktig å få på plass orninga med forsterkningsmidlar ifm forskingsprosjekt. På vegne av klimarådet i Hordaland formidla eg vårt einstemming tilråding i at det må arbeidast for å realisere ny tog tunnel Bergen – Arna, samt at El avgifta ifm landstrømsprosjektet i hamner i Noreg. Svenskane har ikkje El avgift på landstrøm til fartøy. Slik må det også bli i Noreg dersom me skal få reiarlaga til å nytte landstrøm i Norska hamner. Sjå berre på ”lokket” som ligg over sentrum i desse dagar. Dette er eit viktig miljøprosjekt.

Formannskapsmøte
Tysdag var det også formannskapsmøte. Tema var budsjett 2012. Tala rådmannen presenterte gjer utfordringar. For å vidareføra drifta trengs 9,6 mill. I tillegg var det mange budsjett innspel på tiltak som krev friske midlar på minst 3 mill. Då seier det seg sjølv at ikkje alle får det som dei vil. Utfordringane er store og me måtte vedta å ha eit ekstra formannskapsmøte for å jobbe med tala. Kommunestyret i desember må såleis flyttast ei veke, frå den 13.des til 20.des. Dette fordi at budsjettet skal liggje ute til offentleg ettersyn i minst 14 dagar frå den tid Formannskapet legg det fram. 

Sotra Sportsklubb
Onsdag var det eit møte i lokala til Hald. Tema var vegen vidare for dei gode ideane som Sotra Sportsklubb har for framtida. På møtet stilte representantar frå idrettsråd, kommunen og Hald. Me vart einige om ein vidare strategi og prosess for å realisere eit kjempespennande prosjekt om å tilby eit breiare tilbod enn berre sport og idrett på fritida. Haldhuset kan vera ein ideell møteplass også for uorganisert ungdom. Det er  eit uttalt behov for ein slik stad, der aktive og mindre aktive ungdomar kan møtast i sosialt fellesskap sentralt i kommunen. Dei kan samlast om litt mat, spel, lekser og prat, og foreldre kan sleppa å transportera ungdommane sine fram og tilbake mellom heim og trening. I staden kan dei t.d. skifta på å hjelpa til med matlaging og lekser. Ei  aktuell opningstid er mellom kl 14.45 og 17.00. Ungdom skal styra tiltaket sjølv, men vil ha behov for hjelp av nokre foreldre.
Hald er positiv til å organisera tilbodet og opna Haldhuset for alle mellom 13 og 19 år. Idrettsrådet og kommunen vil støtta tiltaket og ser fram til  å få eit godt tilbod for ungdom.

Helsehus
Torsdag var det møte med legane. Målet var å komme vidare med å få på plass ei intensjonsavtale som kan forleggjast kommunestyret som viser fordeling av areal og kostnader. Me hadde eit sers godt og positivt møte – dette skal me få til. Me vart einige om dei viktigaste punkta som skal inn i avtala som me no kan laga eit utkast til.

Haustkonferansen
Kvar haust arrangerer administrasjonen ein konferanse der fokuset ofte er tverrfaglege tema eller tema som heile organisasjonen arbeider med. Tema i år var Helse i alt vi gjer. Bakgrunnen for temaet og dette fokuset er den nye folkehelselova som seier at samfunnet skal arbeide med folkehelse i alle ledd. Dvs i barnehage, skule, omsorg, fritid, kulturarbeid, idrett – ja alt me gjer. Eg hadde ein innbyggar på besøk på kontoret ein dag, han sa – du skal ha god helse for å møta det norske helsevesen! Dette illustrerer kor viktig dette temaet er.

Seminaret opna med flott song og spel av 2 flotte ungdommar frå kulturskulen vår. Deretter blei det presentert mange gode innlegg. Første tema var sjølve lova – og gode refleksjonar om kor viktig det er å få dette temaet inn i planarbeidet i kommunen. Her gjorde Anne Grete Hareide ein god jobb. Deretter presenterte Sverre Bungum nokre refleksjonar kring folkehelse på ein glimrande måte. Deretter fekk me eit sers godt fagleg innlegg av psykolog Ragnhild Inderhaug frå Helse-Bergen. Fagleg sterk og god presentasjon og for meg og sikkert fleira av tilhøyrarane – sers lærerik. Frå Øygarden blei det presentert konseptet ”Aktiv Skule og korleis få dette til”. Til slutt på programmet var ein presentasjon om helsefremjande barnehagar og skular med gode dømer frå eigen kommune.

Korleis Erobre Havrommet
Fredag var det også ein konferanse om mari/maretim/offchore næringa. Temaet var Korleis erobre havrommet. Dette var et eit SINTEF arrangement. Det er fyrste gangen SINTEF held slike konferansar utanfor Oslo. Dette var ein spennande konferanse og vitar om at det er uana mogeligheiter i havet. På store djup er det enorme mineral ressursar som enno ikkje er funne teknologi for å utvinne. Innan marin næring blei det presentert mogeligheiter innan bioteknologi. Oppdrett av tang og anna proteinrike plantar og organismar som lev i havet kan gje mange spennande mogeligheiter i framtida.

Helg
No er det Laurdag morgon og står på farten og skal til Oslo, Det er ordførarsamling i 2 dagar for Høgre ordførara. Det skal bli kjekt å treffe kollegaer. Eg kjem heim att Sundag til minnestunda Søndag kveld kl 18:00. Der det blir tenning av lys og ei markering saman med det Litauiske miljøet på oppsida av kommunehuset. Arrangementet er ope for alle som ynskjer å vise medkjensle.



Helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar