lørdag 24. september 2011

Valresultatet - og vegen til styring og dei viktige posisjonar

Vestnytt har skreve mykje om valet og forhandlingane deretter. Det som er skreve er i det store og heile tilfelle, men avtalebrot har det ikkje vore slik enkelte hevdar - då er det iallefall ulikt syn på kva som var intensjonen med sjølve intensjonsavtala. Her følgjer ei oppsummering frå mi side.

Då er valet over og me politikkara har forhandla politikk og posisjonar og funne fram til samarbeidspartnara. Dette blei det også gjort eit forsøk på om valnatta. Tysdag etter valet medan eg var i Bergen i offisielle arrangement blei Høgre v/formann Nils Kåre Skoge kjent med at det blei arbeida med ein storkoalisjon der alle partia utan Høgre og Venstre gjekk saman for å ”kippe” Høgre ut av ordførarstolen og dei andre politisk viktige posisjonane. Forhandlingsteamet til Høgre med Nils Kåre Skoge i spissen meinte at dette måtte stoppes. Det er lite truleg at denne koalisjonen ville blitt velfungerande til det beste for kommunen og innbyggarane, men eit valteknisk samarbeid kunne dei fått til.

Høgre sin forhandlingsleiar tok kontakt med SP og FRP men desse partia var i utgangspunktet lojal mot AP og SP sin strategi, men FRP gav uttrykk for at dei aller helst ville samarbeide med Høgre. Vår forhandlingsleiar foreslo då at me skulle kontakta AP og her måtte eg svelgje ”kamelar og hjortar”. Dette var mitt siste ønske reint politisk.

AP ønskte eit møte - og me sette oss ned med AP og drøfta oss fram til ein intensjons om vidare samarbeid dersom våre parti aksepterte dette. Eg rådførte meg med ”gamle trava” både i Høgre og AP som framsnakka og fortalte om det gode samarbeidet som hadde vore opp gjennom åra mellom Høgre og AP. Dei hadde ei litt anna erfaring enn det me nye har hatt dei siste 4-5 åra. Me i Høgre jobba målretta og systematisk for at dette alternativet skulle kunne realiserast. Det er slik at skal eit alternativ være realistisk så må ein ha tru på det sjølv. Difor jobba me målretta for å få dette til.
Då det blei kjent at AP og Høgre ville samarbeide kom det mange reaksjonar frå Høgre medlemmar, og velgara, og ikkje minst frå andre parti. Dette falt ikkje i god gjord blant mange!
Fleire skildrar AP og SP sin strategi som ugreit - og at det såleis er vanskeleg å samarbeide med dei. Tilbakemeldingane peikar på politiske skilnader og politiske motiv, samt AP sin iver etter makt. Då storkoalisjonen sprakk starta alle parti å ta kontakt med Høgre. Høgre kom igjen i ein posisjon der ein kunne ”velgje og vrake” blant partia. Også SP meldte seg!  

Motstanden i Høgre mot vidare drøftingar med AP auka og medlemmane i Høgre ønskte då stopp i arbeidet med AP. Høgre fekk såleis ALDRIG den gode og nødvendige forankringa av intensjonsavata i Høgre - og som var ein forutsetning for vidare drøftingar med AP. Intensjonsavtala inneheldt nokre politiske stikkord og nokre namn til ulike verv og det var heilt klart for begge partar at denne intensjonen skulle forankrast i begge parti. Etter mitt syn har det såleis ikkje vore noko avtalebrot.  
Sidan Venstre inviterte til dialog, og sidan dei har opptredd veldig lojalt i både valkamp og påfølgande drøftingar valnatta takka Høgre ja til det. Her kom vi fort i mål med både Venstre og KRF.
Konklusjon:
H fekk det slik me opphavleg ynskte valnatta! - grunna AP og SP sin framgangsmåte og ikkje grunna avtalebrot frå Høgre si side.

Fordelane med å inngå eit forpliktande samarbeid med Venstre og KRF er at dette er borgarlige parti, og eit samarbeid med desse vil gje eit nødvendig fleirtal i kommunestyret. FRP vil truleg støtte borgarleg politikk, men av ideologiske grunnar ønskjer ikkje Venstre å samarbeide med FRP, men det er gode eksemplar på at FRP arbeidar konstruktivt. Det var feks. dei som fann inndekning i budsjettet og fekk fleirtall for å vidareføre ordninga med dagsenter for demente.

Høgre er tilfreds med Venstre og ønskjer ikkje å ”kippe” dei ut til fordel for eit samarbeid med FRP. Me kan også stå ”skulder mot skulder” med Venstre og andre borgarlege parti i kommande valperiodar – difor er det ein stor fordel å samarbeide med dei borgarlege partia framfor AP og SP som tilsynelatande vil prøve å ”kippe ut” Høgre ved fyrste korsveg.

Me må ikkje bli historielause og sjå vekk frå dei 4-5 siste åra når me skal ”staka ut kursen” for framtida - til det beste for innbyggarane!

Ha ei fin fin helg
Ove



1 kommentar:

  1. Kjære Ordførar!

    Du og politisk redaktør i VestNytt gjer Arbeidarpartiet og truleg fleire parti stor urett med konspirasjonsteorien dykkar. Eg, som leiar av det nest største partiet i Sund, møtte fleire andre til ein samtale om den politiske situasjonen tysdag 13.09. Møtet fann stad hos Varaordføraren og varte i ein og ein halv time. Som samfunnsengasjert borgar vil eg alltid kjenne meg fri til å samtale med andre som har tilsvarande interesser. Her stoppar det hos meg personleg og hos Arbeidarpartiet. Resten kjenner du sjølv.

    Som gruppeleiar i kommunestyret må eg gjere den jobben som er venta av meg. Det inneber å påpeike politiske skilnader og manglar på vegne av innbyggjarane. Det inneber å søkje fleirtal for det mitt parti meinar er rett. Det ville derfor vera svært blygt og unaturleg at det nest største partiet i Sund ikkje ønskte å vera med og styra kommunen.

    Eg opptrer profesjonelt i den politiske delen av livet mitt. Personleg har eg ingen rett til å mislika andre menneske sjølv om vi har ulik oppfatning. Eg tek avstand frå påstandar om at eg personleg mislikar andre politiske leiarar. Også dei gjer jobben sin profesjonelt.

    Det som har stått på trykk den siste tida har råka den personlege delen av livet mitt sterkt. Det rører ved dei grunnleggjande verdiane eg står for som menneske. Også eg er ein innbyggjar med familie og vener. Eg er ingen maskin. Dette er svært tungt.

    Med venleg helsing Nina Glesnes

    SvarSlett