torsdag 1. september 2011

Status for Vegprosjekta i Sund kommune

I denne bloggen gjer eg ein oversikt over dei største vegprosjekta me har i arbeid der Hordaland Fylkeskommune er involvert. Her kan du lese den siste statusen i dei aktuelle prosjekta. Dei minste prosjekta som berre gjeld kommunale vegar blir ikkje omtala her.
Prosjekta som blir omtala her er ikkje rangert etter ei prioritering og eg arbeider såleis for å realisere alle.


FV 555 HAMMERSLAND – KØRELEN 0,9 km (+ avløp ytterligere 1,5 km)
Dette prosjektet er ferdig prosjektert og tilnærma klart for anbodsinnhenting. Grunnavtaler er inngått med gunneigara langs vegen. Med omsyn til sikkerheit i vassforsyninga må VA-anlegget gjennomføres med det første. Det er dette prosjektet som har 1.prioritet hos Sund Vatten og Avlaup (SVA). Me har vore i dialog med Vegsjefen og  Samferdselssjefen og deia folk om mogeligheita for å få til eit fellesprosjekt der me også kan få realisert Gang/Sykkelst langs vegen. Både vegvesenet og samferdselssjefen opplever eg til å være positiv til eit slikt samordningsprosjekt. Utfordringa er som alltid knytt til økonomi. Slik planen no er så vil Sund kommune få attende i 2013 den forskotteringa som Sund kommune forskotterte ved veg utbetringa på Høyland. Det gjer oss ein mogeligheit til kanskje å kunne vidareføre forskotteringsmodellen og dei forskotterte midlane til dette prosjektet. Eg oppfattar vegstyresmaktene til å vera så positiv at det er grunnlag for å fremje ei forskotteringssak til kommunestyret i Sund. Blir ei slik sak vedtatt i kommunestyret ila hausten så går saka til Fylkestinget for endeleg vedtak i desember 2011. Vi må omprosjektere og gå utan gang/sykkelsti alternativet dersom det i verste fall ikkje lar seg gjere å samordne utbygginga med vegtiltak pga manglande finansiering eller negativt vedtak i kommunestyret i Sund eller i Fylkestinget. Her er nokre argument for å realisere dette prosjektet:

-         Behov for økt dimensjon på vassleidning. ”Flaskehals” i vassforsyning mot nordre deler av Sund, søre deler av Fjell og vasskrevjande industri på Skaganeset.
-         Behov for nytt avløpsanlegg på strekninga og vidare mot nord og aust. Byggestopp på Hammarsland området pga stopp i nye tilknytingar til eksisterande offentlig avløpsnett.
-         Behov for å redusere risiko for forureining av vasskilde frå dagens avløpsløysing som går gjennom Kørilen.
-         Manglar gang / sykkelveg på strekninga, (skuleveg)
-         Behov for trafikksikring og omlegging av avkjørsler etc.
-         Skader på veg etter vinter 2010. Mulig å samordne reparasjonstiltak ?
-         Ådt 4600 og 7 % lange kjøretøy (info pr. mars 09). Lagt til grunn S1 hovudveg med ådt < 4000  pga framtidig ny veg i tunnel langs Kørilen. 3+0,75 m. bredde. Bør eventuelt vurdere Sa2 samleveg 2,75m + 0,5m dvs 1m smalare vei? (kostnadsreduksjon ca 1,5 mill) Dette må Vegvesenet avgjere.
-         Nye veglys og kablar
-         Lengde ca 900 m. Kostnad veganlegg ca 16 mill.
-         Kostnad VA anlegg Hammersland – Kørelen ca 10 mill + kostnad avløp vidare mot nord og øst til Sauafjellet.


FV 555 KØRELEN – EIDE  1 km
Her er det avklart med vegstyresmaktene at det skal utarbeidast skisseprosjekt for ny gang og sykkelveg, for blant anna å vurdere spesielle løysingar (gitterrister og liknande) på deler av strekninga. Sund Vatten og Avlaup (SVA) er byggherre i planfasen. Statens Vegvesen (SV) og Sund Kommune (SK) deltar i prosjektgruppa. SV bidrar med kr 100’ til konsulenttenester.
Skisseprosjekt planlagt utarbeida hausten 2011/viter 2012.

Løysninga er basert på behov for samanhengjande sykkelveg Skogsvåg – Klokkarvik via Stranda skule, mens veg på strekninga behaldes som smal veg med framtidige restriksjonar på gjennomkjøring når ny nord/sør veg er på plass i tunnel langs Kørelen.



FV 555 VORLAND – KRYSS FV 199 FORLAND 3,7 km
Det er i tidligare møter avklart at vidare planarbeid vert organisert på same måte som for parsell Eide - Vorland. SVA er byggherre i planfasen og forskotterer planarbeidet. SV og SK deltar i planarbeidet. Dette prosjektet oppfattar eg vegstyresmaktene til å prioritere høgt i konkurransen med andre. I Transportplanen for 2013 – 2017 som snart skal på høyring er det viktig å prøve å få dette prosjektet så høgt som mogeleg i prioriteringslista i både administrasjonen i Fylket og hos Fylkespolitikkarane.

For dei første 250 m er det utført utfylling med overskotsmassar frå førre parsell (Eide – Vorland). Det er her utarbeida arbeidsteikningar og inngått grunnavtaler.
For resten av strekninga har det i regi av SV vært kontakt med alle grunneigarar for å avklare og førebu for grunnavtaler i forkant av vidare planlegging. I denne forbindelse har det vært utarbeider skisser til veg-planer på deler av strekninga.

Nokre argument for at dette prosjektet:
Parsellen ender med skuleområde på Stranda. Her er det barnehage,  Ungdomskule med ca 300 elever og me arbeider med utviding av barneskulen. Det nye hotellet Panorama Konferansehotell er opna. Sett i samanheng med sykkelvegane som inngår i Hammersland – Kørelen og Kørelen – Eide (0,9 + 1 km), blir det då
-         Samanhengande sykkelveg langs FV 555 mot sør til Klokkarvik ca 6,5 km
-         Samanhengande sykkelveg langs FV 555 mot nord til Skogsvåg- området ca 10 km


FV 555 – RASTEPLASS VORLAND
Det er inngått grunnavtale der SK etter avklaring med SV har kjøpt et område på to mål godt egna for rasteplass. Arealet har god utsikt mot vest og mot Marsteinen. Det er utarbeidet en skisse til opparbeiding av plassen med oppstilling for buss og vindskjerming av sitteplassar etc. Det er gitt byggjeløyve for tiltaket.

Prosjektet er klart for vidare planlegging og gjennomføring straks tiltaket er finansiert av Fylket. Kostnad avhengig av standard på tiltak etc. vegstyresmaktene har ein liten pott til slike tiltak som er på sida av dei ordinere veg/trafikksikringstiltaka. Det er få slike prosjekt i Hordaland og det er såleis grunn til å håpe på ein god rangering når planane for 2013 – 2017 skal lagast.



FV 555 – FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY OG BJELKARØY
Her har det ikkje vore noko framdrift i sommar. Siste møtet me hadde med Bergen var i Mai. Det var eit godt møte der me hadde ambisjonar om politisk behandling av planprogrammet i Byrådet og kommunestyret før sommarferien. Slik blei det ikkje. Her i Sund avventar me politisk vedtak i byrådet i bergen først. Sund kommune har vedtatt reguleringsplan over og mellom Lerøy og Bjelkarøy, utarbeida planprogram frå Bjelkarøy og fram til ulike tilknytingspunkt i Bergen. Innstilling frå prosjektgruppa om planprogram og regulering av eit alternativ som er vippebru over Åleknappsundet er oversendt frå prosjektgruppe for vidare politisk behandling i kommunane.

Etter min oppfatning er orsaka til at dette har drege ut i tid er at Bergen ynskjer også at det blir laga reguleringsplan for det lengste tunnel alternativet i tillegg til vippebru. Vi lyt då lage to reguleringsplanar ein for bru og ein for tunnel. Ein utset såles det endelege trasevalet til det er skaffa finansiering til eit av tiltaka. Det skal bli spanande å sjå kva vedtak byrådet legg opp til no i haust.

FV 202 – EIDE - SPILDEPOLLEN 1,6 km
Det er i tidligare møter med vegstyresmaktene avklart at planarbeidet skal organiserast med SVA som byggherre og at SV og SK deltar i prosjektgruppa.
Planarbeidet ble starta opp våren 2009 med et orienteringsmøte for interessentane langs vegen. Det ligg føre skisser til løysning. Framdrifta har vore stoppa grunna kapasitet på sakshandsamingssida. Oppstartfasen viste ulike interesser i forhold til planarbeidet og tanken om å gå rett på detaljplan er forlate. Det er behov for behandling oppstartmelding av en reguleringsplan i kommunestyret, der det blir gjeve nokre føringar for planprosessen. (opprusting av eksisterande veg? – ikkje ny veg? ,bru eller ikkje bru over Eidesund ??)
Ådt i 2008  = 2600. Lagt til grunn Sa2, kjørebane 2,75m, skulder 0,5m og fortau 2,5 m
I dette prosjektet skal det leggjast vatten og avlaup frå Spilda til skulen.


FV 198 SKAGANESET
Her er det starta eit reguleringsplan arbeid. Tilbakemeldingane frå Vegvesenet gjer at tiltaket blir omfattande dersom det skal gjennomførast. Krava frå vegvesenet inneber at naust og hus må rivast. Det kan såleis være aktuelt å berre lage mindre trafikksikringstiltak utan å auke bredda i vegbana og heller planleggje med ny veg til Skaganeset industriområde. Dei mindre trafikksikringstiltaka som kan vere aktuelt er smalare veg med einvegskøyring og lysregulering.


FV 199 FORLAND  opprusting
Her er det eit privat initiativ til å få økt vegbredda ifm eit rekkeføljekrav i forbindelse med realisering av eit nytt bustadfelt. I løyvet til å utbyggje bustadfeltet er utbyggar pålagt å lage gang/sykkelsti frå Forlandsvåg og opp til Forlandskrysset (Butikken). Utbyggar ønskjer også å utvida vegen når fortau/sykkelsti skal lagast. Innbyggarane på Forland har vist velvilje til å bidra til å finne gode løysingar langs vegen. I den forbindelse har eg fått med næringsliv og Fylket med i eit spleiselag slik at vegen også blir utvida ifm bygging av gang/sykkelsti. Forventa oppstart her er haust 2011.

AUSTEFJORDEN - AUSTEVOLL Ferjesamband
Eg har i fleire høve drøfta eit ønskje om å få ferjesambandet mellom Sund og Austevoll opp att. Fleire i Austevoll støttar meg her, og ordførar i Austevoll helga Andre Njåstad tar til ordet for at dette må vi få til i forbindelse med neste utlysing av ferje anbodet om nokre år. Dette har eg drøfta med vegsjefen og Samferdselssjefen og deira folk. Dei uttrykker positiv holdning og me har vore på synfaring i Austefjorden. I vår så foreslo eg for dette fora at B ferga mellom Krokeide og Hufthamar kanskje kunne gå til Austefjorden av og til. Denne ideen likte vegstyresmaktene, og driftsavdelinga til Samferdselssjefen ser no på denne mogeligheita. Denne mogeligheita kan kanskje realiserast før nye ferje anbod skal utlysast i følgje vegvesenet og samferdselssjefen.


SOTRASAMBANDET og Nord-Sør veg
Her i denne saka er eg uroa over framdrifta. Vi frå Sund kommune hadde eit møte med representantar frå Fjell kommune i vår. Der blei vi einige om at vi skulle arbeide tverrpolitisk ovafor Bergen slik at Bergen ville vedta å legge saka om delt planprogram ut på høring. Dette fylgde vi frå Sund kommune opp. Eg og andre frå Sund hadde møter og samtaler med bergenspolitikkara. Når saka deretter blei lagt ut på høring av Bergen forventa eg at vi skulle ha nye møter. Eg har purra fleire gongar munnleg og har bede skriftleg om møte før sommarferien, men den politiske leiinga i Fjell er stum. Høyringsfristen gjekk ut 16 august utan at Fjell og Sund gav noko felles uttale, noko vi kanskje burde ha gjort for å styrkje saka ved å vise at me står saman. Dette er ingen ny strategi frå Fjell si side. Albrigt hadde dei same utfordringane.

Eg er eigentleg svært overraska over kor lite handlekraft det er i den politiske leiinga i Fjell i denne saka. Fine ord, men det skjer lite og ingenting i samhandling med Sund. Slik saka står her i Sund er det etter mi oppfatning uråd å få fleirtal for saka i kommunestyret. Fjell kommune si handtering av denne saka ovafor Sund er eit høgt risikospel. Eg har gjeve samferdselsministeren beskjed om at me lokalt ikkje er einige om verken løysing eller traseval. For å verta einige må det dialog til, og den dialogen ser det ut til at Fjell vil unngå i det lengste i håp om at Sund vedtar - det Fjell vedtar - for å ”berge Sotrasambandet”. Det trur eg ikkje kjem til å skje til tross for dei negative konsekvensar det vil få om Sotrasambandet vert utsett. Politikkarane i Sund er oppgitt over den politiske leiinga i Fjell. Når vi no får høyre på ”folkemunne” at Fjell vil bruke bompengar frå Sotrasambandet til å utbetre vestsida av Fjell på bekostning av Nord/Sør trase til Sund er det fleire som oppfattar dette som ”spikeren i kista” i denne saka. Vi kan vel alle vere einige i at vegane på vestsida av Sotra må utbetrast, men det er ei utfording å forstå logikken i at dette skal bli på bekostning av Nord/Sør trase til Sund.

Eg forstår det slik at det er fleire av dei politiske partia i Fjell som ønskjer ei løysing også i sør slik at vi får ein ringveg slik som Albrigt tok til ordet for. Det  skal bli spennande og sjå kva som skjer etter valet.

 Ha ein fin fin dag!
Ove

Bilde frå vegopninga Eide - Vorland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar