torsdag 29. september 2011

LYST TIL Å VERA MED Å STARTA NYE LOKALE TURLAG I REGIONEN?

Sotra – Øygarden turlag, Nordsjøløypegruppa ”Ut mot havet” og andre entusiastar har i mange år stått på for å rusta opp stinettet i regionen vår, og samstundes inspirert til å ta dei i bruk. Det vart vist til ei solid satsing lokalt i ein søknad til Gjensidigestiftelsen, som resulterte  i at vi har fått fleire hundre tusen kroner til skilting og gradering av Nordsjøløypa og andre stiar. Kr 200.000 skal gå til ei padleløype frå sør i Sund til nord i Øygarden.



Grupper er i gang med arbeidet i felten, men vi treng fleire folk. Vi er heilt avhengige av å ha ei sterk lokal mobilisering og ny motivasjon.

Dette arbeidet med tilrettelegging, har også stor verdi for folkehelsa. Vi veit at fysisk aktivitet gjer godt for kropp og sjel. Å fremja folkehelsa er eit samfunnsoppdrag, og arbeidet lukkast best i ei felles satsing og godt samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor.

Bergen Turlag står for oss som ein regional partnar. Dei kan tilby oss den kompetansen og nettverket vi treng dei neste åra for å nå måla våre om eit aktivt friluftsliv. Bergen Turlag er ein del av turistforeininga (DNT). Både Bergen Turlag og DNT har retta blikket mot kysten.

IKKUS (InterKommunaltKUlturSamarbeid) inviterer alle friluftsinteresserte og turglade til møte på Knappskog skule torsdag 6.oktober kl 18.00 – 20.00.

Mål:

  • Etablera nye lokale turlag med eigne avdelingar for barn og ungdom
  • Medlemsskap og tett samarbeid med Bergen Turlag (og DNT)
  • Fokus på å etablera, ta vare på og opplysa om løypenettet i kommunen.
  • Skapa entusiasme og motivera til bruk av løypene.

Vi håper du vil vera med i denne nye satsinga i regionen!

Vel møtt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar