fredag 19. august 2011

Veke 33. oppstart politiske møter

Då er det blitt litt trykk i sakene att. Denne veka har det vore formannskapsmøte der me blant anna har fordelt resurskoplingsmidlane som var på 174000.- til ulike gode formål. Det har også vore ei veke med fleire andre viktige møter. 


Sund sokneråd
Måndag var det møte med Sund sokneråd. Begge kyrkjene våre står framfor vedlikehald og investeringsbehov. I Kausland kyrkje trengs det noko ny kledning, oppgraderingar ifm krav frå brannvernet, nytt lydanlegg. Ved installasjon av varmepumper så kan ein også få redusert energibehovet slik at også det er på lista over ønskte investeringar. Sund kyrkje treng målararbeid på klokketårnet og oppgradering av lydanlegget er også naudsynt her. Det er også ønskjeleg å oppgradere ute areala samt innkjøp av ein ny traktor. Dei økonomiske overføringane kyrkja får i dag strekk ikkje til desse tiltaka – og overføringane dekkjer knapt lønskostnadane. Etter mi meining så er vi ikkje i posisjon til å imøtekoma krava ”på ståande fot”, men me må ta desse innspela med oss inn i arbeidet med budsjetta for dei nærmaste åra då summen av desse tiltaka kjem opp i godt over 1 mill.

Organisasjonsutvikling
Denne veka starta dei politiske møta att. Tysdag var det møte i styringsgruppa for organisasjonsutviklings arbeidet. Vi drøfta ein prosessplan som skal munne ut i endeleg vedtak i kommunestyret i desember. Ei endring i organiseringa for å betre styring og leiing for å nå mål er viktig. Vi har også som målsetning å styrka den økonomiske balansen ved å redusere/effektivisere drifta. Dette får også innverknad på organisasjonsarbeidet. Prosessane for organisering og prioritering av aktivitetar vil gå parallelt utover hausten. KS Konsulent som har utarbeidd ein rapport for oss er tenkt brukt som rådgjevar på noko av arbeidet.

Formannskapsmøte
I Tysdagens formannskapsmøte blei årets Ressurskoplingsmidlar fordelte. Potten i år var på 174000.-. den vart fordelt slik: Songbok Johannes Kleppevik 15000. Nordsjøløypegruppe namneskilt 25000.- Skogsvåg Skulemusikk 20000.- Sund Kystlag 18000.- Sund sokneråd 20000.- Telavåg IL 28000.- Telavåg skule 27000.- Tofterøy bedehuslag 21000.-

Det blei også vedtatt lokale retningslinjer for finansiering av ikkje – kommunale barnehagar. Vi legg opp til å følgje dei nasjonale retningslinjene. For små barn er kostnaden 163219.- pr år og for store barn 83353.- barnehage er såleis ei stor utgift for kommunen enden det er privat drivne eller offentlege barnehagar.

Vi hadde også ei sak om Sund bygdemuseum som er lokalisert på Berge. Her er det behov for vedlikehald av huset. Administrasjonen legg opp til at elevar frå Sotra Vidaregåande skule skal utføre det praktiske tømrar arbeidet - og det er flott!, kommunen bidreg med materialar etc for ca 230000.- og sogelaget og naboar vil hjelpe til med museums formidlinga. Dette kan vere ei grei løysing og formannskapet vedtok tilrådinga frå administrasjonen. Utfordringane og drøftingane i formannskapet viser at dette mest sannsynleg ikkje er ei varig løysing. Samlinga i Sund bygdemuseum burde kanskje vore overteken av Museum Vest og knytt opp til Nordsjøfartsmuseet, Kystmuseet eller eit av dei andre musea. Då kunne tomta på Berge blitt seld, og vi hadde sikra at museumsgjenstandane blei forsvarleg oppbevara og formidla på ein god måte. Det skal bli spanande å sjå kva kommunestyret meiner.

Ikkje uventa støtta formannskapet løysinga for å sikra økonomi til Sund skulemusikk slik at dei har dirigent. Eg trur dei kan trygt starte opp øvingane att, men det er kommunestyret som har det siste ordet Tysdag 23 august. Eg har liten tru på at kommunestyret ikkje føl innstillinga frå Formannskapet. Administrasjonen og korpset vil også sjå på samarbeidsformer som sikrar både kvalitet og tilgjengelegheit på korpset.

Formannskapet drøfta også utfordringane knytt til at alt areal på Skaganes industriområde som ikkje kan nyttast til industriformål som tenkt. Formannskapet meiner det er rimeleg at Sund kommune kjøper attende dette arealet som kommunen selde og som ikkje kan nyttast til tiltenkt formål. Formannskapet gav ordførar og rådmann i oppgåve å forhandla fram ei løysing med økonomisk ramme som kan aksepterast av kommunestyret.

Valnemnd
Vi hadde også eit møte i valnemnda denne veka. Nokre av dei som har fått roller ifm røysteavviklinga i dei ulike valkrinsane har meld forfall grunna arbeid etc og vi har no fått på plass erstatningar.

Det er no opna for førehandsrøysting på servicekontoret på Sund Senter måndag til fredag kl 0800 – 1530. Det er utvida opningstid følgjande dagar:
1.september og torsdag 8.september kl 1530 – 1900
Laurdag 3.september kl 1000 – 1400
Tysdag 6.september kl 1530 – 1900

Det blir også arrangert val på Solhaug sjukeheim tysdag 6.september og på Sundheimen 7.september. Frist for søknad om heimestemming er onsdag 7 september kl 1500.
  
Saksgruppe levekår og nærmiljø
På møtet til denne saksgruppa so temaet ”Trafikk farlege skulevegar”. Med bakgrunn i synfaring, uttale frå Trygg Trafikk og Statens Vegvesen, er saksgruppa sin konklusjon at det, med eitt unntak, ikkje er skulevegar i Sund som kan definerast som ”særleg farlege”. Skulevegen Hammersland – Pollen vert framleis vurdert som ”særleg farleg” og fortset med fri skuleskyss. Kommunestyrevedtaket om fri skuleskyss på skulevegen Berge – Stranda skule står ved lag fram til 31.12.2011.
Plan og vedtekter for SFO blei også drøfta. Det blei utarbeida framlegg til vedtekter for SFO skal godkjennast av kommunestyret.

Kystmuseet i Øygarden 15 år
Onsdag kveld var det ei markering i Øygarden i samband med at Kystmuseet er 15 år. Her var det inviterte gjestar frå næring og samfunnsliv. Gode kulturinnslag og gode ord til Kystmuseet.
Kystmuseet er på mange måtar eit fyrtårn – både i Museum Vest samanheng, men også i miljøet i regionen her vest i havet med sin utstilling i Ovågen.
Her formidlast kunnskapen om korleis menneska i regionen her vest i havet har brukt naturen rundt seg til å skapa seg eit livsgrunnlag og danne levedyktige samfunn gjennom tusenvis av år  - og korleis dagleglivet i dette vêrharde stroket av vestlandskysten har endra seg opp igjennom tidene.
Kystmuseet tek vare på kulturminne i sitt opphavlege miljø og er på mange måtar eit fyrtårn. Her nede ved hamna ligg sjøbruksmiljø med over 20 ulike sjøhus og naust med båtar og reiskap. På kaien står det ei stor saltebu frå den tida då sildefisket framleis var rikt. Kystmuseet og Øygarden kommune har planar om kai og småbåthamn. Dette vil utan tvil styrkje museet og den maretime opplevinga.


Dette bildet er tatt i Sund kommune, men veit du kor det er?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar