lørdag 6. august 2011

Veke 31. Ferietida er forbi!

Då er det tilbake på jobb for fullt att etter nokre veker med ferie og redusert aktivitet. Ferien i år var å mala hus, men litt tid til nokre korte båtturar blei det!


Vi er alle prega av den ufattelege tragedien på Utøya og Oslo.
Arbeidet mitt den første arbeidsveka blei også prega av denne hendinga.

Det er mange som har spørsmål og mange som vil ha sver. Både private enkeltpersonar, andre offentlege etatar og journalistar. Det er gjeve statlege føringar for korleis kommunane skal handtere den tragiske hendinga. Det involverar fleire av dei tilsette i kommunen. Eg er imponert over den vilje alle viser til å bistå i ei vanskeleg tid for at kommunen handterer dette på best mogeleg måte for alle – pårørande, ungdommar og barn i samfunnet vårt.
Begavelsen til Monica Iselin Didriksen finn stad i Fana kyrkje onsdag 10.auguat kl.1200.
I samband med gravferda er det satt opp 2 bussar frå Sund kommune med avreise:
       kl. 09.20 frå Eide om Steinsland og Klokkarvik
       kl. 10.00 frå Skogsskiftet terminal til Fana.
Bussane er ei støtteerklæring frå Tide og er gratis å reisa med.


Sund kommune har no lagt ut kondolanseprotokoll i servicekontoret på kommunehuset. I protokollen kan alle få høve til å gje uttrykk for sorg og medkjensle.


Marsteinen Fyr og Panorama Konferansehotell
Eg sit i styret for stiftinga Marsteinen Fyr. Fyret treng aktivitet og inntekter for å kunne ha drift og naudsynt vedlikehald. I den forbindelse har eg teke initiativ til at Marsteinen Fyr og Panorama Konferansehotell kanskje kan samarbeide om å få noko til. Onsdag var vi (Torunn Stangeland, Marius Løbø Fimland, Alf Holm Andersen og Ole Martin Opitz og meg) samla for omvisning på Panorama Konferansehotell og tur med omvisning på Marsteinen Fyr. Dette var ein kjekk dag og partane gav tydeleg utrykk for at dette var nyttig og dei såg for seg at eit samarbeid kunne tene begge partar. Det skal bli spennande å sjå kva vi kan få til i framtida. Som styremedlem i stiftinga for Marsteinen Fyr vil eg arbeide for å få økt aktivitet, omdøme og betra økonomi for Marsteinen Fyr, men det er også viktig at det er stor og god aktivitet ved vårt nye hotell i Austefjorden!

Fyrmester Marius Løbø Fimland på Marsteinen Fyr saman med
salgssjef Ole Martin Opitz frå Panorama Konferansehotell


Skogsvåg Skulemusikk
Torsdag var det møte med representantar frå Skogsvåg Skulemusikk. Dei er i ein situasjon der dei ikkje har økonomi til dirigent. Saka har vore drøfta i formannskapet og eg har fått eit mandat til å finna ei løysing. Ei løysing er funne for skuleåret 2011 – 2012 og rådmannen arbeider vidare med ei løysing som gjer at vi kan innarbeide fast støtte i budsjettet voneleg frå 2012. Vi har no ein god dialog med skulemusikken og dei var tilfreds med at dei kan starte med musikkøvingar som planlagt ved skulestart no i august.

Heising Ove


 
Dersom nokon ønskjer det kan ein få kontakt med kriseteamet i kommunen ved å ringja sokneprest Helge Unneland tlf. 91123612 eller psykriatisk sjukepleiar Anja Slåtten tlf. 94155560.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar