lørdag 2. juli 2011

Heile Hordaland står imot Fylkesmannen

Det er mykje oppstyr rundt opphevinga av budsjettet til Bergen kommune. På måndag kunne vi lesa i BA at seks av ti bergensarar meiner at Lars Sponheim blandar seg for mykje inn i lokalpolitikken. Kritikken av Fylkesmannen si innblanding i lokalpolitikken strekkjer seg langt utanfor bygrensene til Bergen.



Media har framstilt dette som ein strid mellom dei folkevalde og personen Lars Sponheim. Saka si kjerne handlar om den kommunale sjølvråderetten og dei folkevalde sin rett til å styra i sin kommune til innbyggjarane sitt beste, utan innblanding og overprøving ifrå Fylkesmannsembetet.

Det har vore eit taktskifte etter at Sponheim vart utnemnd til Fylkesmann. Ein opplever at å kome i dialog med Fylkesmannen har vore vanskeligare, som igjen gjer da vanskelig å finna dei gode lokale løysingane. Fylkesmannen må bli meir samarbeidsvillig og mindre kantete.

Frank Aarebrot seier han er einig i at Sponheim har etablert seg om ein kverulerande fylkesmann med ein politisk agenda. Han bommer derimot når han seier at bergensarane ikkje er begeistra for å verta overstyrt av ein stril. For strilane er nemleg ikkje meir begeistra for Fylkesmannen enn kva bergensarane er.

Det har gått for mykje politikk inn i Fylkesmannen sitt embete. Om dette er eit resultat av kven som er Fylkesmann, eller den raudgrøne regjeringa sine politiske føringar er uvisst. Faktum er at no må denne praksisen ta slutt og vi oppfordrar Fylkesmannen til verta meir imøtekommande til dei folkevalde som er valt av folket til å styra kommunane sine budsjett og forvalte areala.

Vi går eit kommuneval i møte, men mykje av arbeidet ein gjer som folkevald, vil verte forgjeve dersom vi skal måtta slita med ein Fylkesmann som overstyrer vedtak fatta på demokratiske prosessar i dei neste fire åra.

Her i Sund har me i vår hatt kommuneplanen som er under revisjon ute på offentleg høyring. Me har motteke mange innspel. Frå Hordaland Fylkeskommune og frå Fylkesmannen fekk meg me frå begge instansar fleire motsegn. Fleire av motsegna var felles/lik frå begge instansar, men ikkje alle.

Lundaneset har vi i kommuneplanen i ein tidligare revisjon hatt inne som industriområde. I den siste perioden var ikkje dette industriområdet med. I kommande rullering ønskte vi at dette industriområdet måtte takast med av fleire orsakar. Vi har blant anna hatt interessentar som ønskjer 1000 mål industriområde ved sjø. Difor er det viktig for regionen og vestlandet at vi har tilstrekkeleg med industriareal ved sjø slik at næringslivet kan få utvikla seg. Vi meinte Sund kommune hadde gode forutsetningar for å tilby attraktivt industriområde ved sjø – berre ein halvtime frå Noregs nest største by!

I Hordaland Fylkeskommune gjekk det greitt å få dette til via ein god dialog. Me tok omsyn til kulturminna på Lundaneset og såleis kunne Hordaland Fylkeskommune trekkje motsegna. Fylkesmannen derimot ville ikkje diskutere, og Sund kommune må såleis klage til Miljøverndepartementet. Det hjelpte lite at området i tidligare kommuneplanar var akseptert og godkjent som industriområde av tidligare Fylkesmann.

Dette er etter min oppfatning eit døme på at Fylkesmannen grip inn i lokaldemokratiet og den lokale sjølvråderetten. Det er ikkje noko nytt i saka som skulle tilseie at Fylkesmannen har større faglig rett til å hindre at Lundaneset blir industriområde i kommuneplanen no enn i den førre kommuneplanen.


Havørn!
No tek eg nokre veker feire!
Ha ein fin fin sommar!
Ove

1 kommentar:

  1. "bergensarane ikkje er begeistra for å verta overstyrt av ein stril"
    Det hadde gått greit med ein stril, men ein brautande østlending med Hardangeralibi???

    SvarSlett