fredag 17. juni 2011

Veke 24. Samferdselsminister og vegopning, kommunestyre og Klimarådet

Kort veke - berre 4 arbeidsdagar - men det har vore lange dagar og seine kveldar heile veka. Tysdag med vegopning og kommunestyre om kvelden, Onsdag med kontordag og generalforsamling i Sund vatten og Avlaup om ettermiddagen og Torsdagskvelden på informasjonsmøte på Stranda skule om den nye skulen og anleggsperioden. No er det Fredag og eg skal til Stord på Hordakyststemne! Ha ei fin fin helg!


Vegopning Eide - Vorland
Dagen starta med møte på kommunehuset med samferdselsminister. Vi hadde kort tid fram til vegopninga , men vi rakk å presentera Sund kommune sine vegprosjekt og utfordringane vi i Sund opplever med omsyn på Nord – Sør aksen ifm Sotrasambandet. Vi fekk ingen lovnader, men statsråden presiserte at lokal enigheit om trasear måtte på plass!

Du kan lesa om sjølve vegopninga i eigen blogg.

SOMMAROPEN SFO
Det vert gjeve tilbod om sommarope SFO slik:
• 23. juni - 1. juli pris kr. 1120,-
• 8. august - 17. august pris kr. 1280,-
Opningstid frå 07.30 - 16.30.
Vi har ledige plassar, er du interessert ta kontakt med rektor Åsgeir Litlere på Skogsvåg skule. Tlf. 908 73 923 el. 56 32 77 31


Kommunestyret
Tysdag ettermiddag var det kommunestyremøte med mange saker, er eit utdrag av dei:

Årsmelding Sund kommune
Formannskapet behandla årsmeldinga 24 mai og meinte at årsmeldinga var lettlest med grafar og gav eit godt og dekkjande bide av den kommunale verksemda i 2010.
Uttalen frå kontrollutvalet ligg i neste sak (Kommuneregnskapen) Dei peikar på moment som plan og tiltak for å sikre høg etisk standard og likestillingstiltak som moment som kan betrast.
Årsmeldinga for Sund kommune vart vedteken.

Kommuneregnskapet 2010
Regnskapet visa reit mindreforbruk på 46.291.- Utfordringa for drifta vår ligg i eit driftsunderskottet på 5,4 mill. Rådmannen konstanterar i årsmeldinga at vi ikkje kan halda fram slik. Men med utgangspunkt i KS rapporten er vi i ein prosess for å betra dette.
Vedlagt saka var det også ein utale frå Kontollutvalet på årsregnskapen og årsmeldinga. Kontrollutvalet ser med uro på den økonomiske utviklinga.

Vedlagt var også ein revisjonsrapport frå Deloitte. Dei godkjenner regnskapet med atterhald om føringa av det ekstraordinære BKK utbyttet. Fylkesmannen har uttalt at det uansett ikkje skal ha tilbakeverkande kraft for år 2010, så vi kan etter min oppfatning godkjenne regnskapet for 2010. Kommunestyret godkjende regnskapet for 2010.

Reguleringsplan Kausland kyrkjegard
Handsama i forvaltningsstyret 23 mai. Arne M. Engelsen orienterte om planframlegget. For meg ser det ut til at vi får ein flott gravplass. Det er nyleg motteken tilbod på sjølve arbeidet. Evalueringa av tilboda er ikkje ferdig og kommunestyret delegerte fullmakt til Formannskapet til å tildele kontrakt innafor ei ramme på 20 mill +/- 5 %. Torsdag hadde eg og rådmannen eit møte med prosjektleiinga. Dei presenterte tilboda og det kan sjå ut som om den vedtatte finansieringsramme kan verta knapp. Saka skal drøftast i kommande formannskapsmøte neste veke.

Seniorpolitikk
Budsjettmøtet i fjor terminerte gjeldande seniorpolitikk. Det blei i vedtaket stilt krav om at ny seniorpolitikk skulle leggjast fram for kommunestyret i juni 2011. Den vi har i bordet no er både arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida samde om. Den gjer ein kostnad – mykje mindre enn den gamle ordninga – men vi trur at den er sjølvfinansierande!
Den er vedtatt i amu, admutval og formannskapet.  Kommunestyret vedtok saka, men berre fut 2011. For 2012 så må dette sjåast i samanheng med budsjettet.

Nærversprosjektet i Sund
Arbeid med sjukefråvere har vore ei vanskeleg, men prioritert oppgåve i Sund kommune gjennom fleire år.. I Adm utvalet har det vore diskutert ulike forslag – alt frå økonomisk bonus dersom ein ikkje har fråver til dette som i dag ligg i bordet no. Dette går ut på tett og systematisk oppfølging av den enkelte – både på rettigheitar og pliktar. Det stiller store krav til tett leiing.

Det er ofte 365 dagar eigenmelding som pregar overskriftene i desse prosjekta – i praksis så er det ei tru på at dersom ein sjølv tar ansvar og ikkje brukar sjukemelding som ”alibi frå legen” vil ein få fråveret ned. I Mandal har ein fått dette til!, men det er ingen garanti for at vi greier det – men fråveret vårt eg svert høgt så eg meiner at dette kan vere vegen å gå.

Målet er å få sjukefråveret ned i 7,5% innan 2 år frå prosjektstart 01.01.2012.
Kommunestyret godkjente at kommunen søkjer dispensasjon for å kunne starte dette prosjektet.

Samhandling mellom Askøy, Fjell, Sund, Øygarden og Helse Bergen om Utvikling innan lindrande behandling

I saka ligg det at vi i interkommunalt samarbeid opprettar 4 sengeplassar på Askøy. Dette er eit ledd i samhandlingsreforma om overføring av tenester frå spesialhelsetenesta til kommunehelsetenesta.
Saksgruppe levekår og nærmiljø samt formannskapet vedtok dette. Det same gjorde kommunestyret.

Søknad om fri skuleskyss for elevar Berge - Stranda
Det er mottatt ein søknad om fri skuleskyss. Mi meining er at sidan det er kommen opp mur langs vegen er vegen like farleg som Hammersland Eide. Dei mjuke trafikkantane har i praksis ingen plass å ”gå/sykle” på deler av strekket. Men utfordringa er at slike eksempel på vegstandard finn ein ved alle skulane i Sund. Kommunestyret vedtok fri skuleskyss ut året 2011, og ønskjer å sjå den vidare satsinga på fri skuleskyss opp mot budsjett og behov.

Bustadområde  Spilde – Kårevik Gnr 41, Brn 2 og gnr 42 brn 3.
Reguleringsplan – dispensasjon frå rekkefyljekrav
2 regulerte områder for bustadbygging er ikkje starta opp. Ei vidare utbygging i området gjer ikkje press på skulen på kort sikt. Har gjeve dispensasjon i Fiksnesvika i ei tilsvarande sak. Kommunestyret gav også dispensasjon i denne saka.

Bustadfelt Fiksnesvika/Kleppe Gnr 14 brn 4 og 87
Dispensasjon frå rekkeføljekrav i reguleringsplan
Her er det gjeve dispensasjon til bygging av 16 hus. Saka gjeld dispansasjon for bygging av gang/sykkelveg. Kommunestyret har tidligare vedtatt at dette skal byggjast trafikksikring før det blir gjeve bruksløyve til dei 16 husa. Arbeidet med grunnspørsmål har teke lang tid og pågåande reguleringsplanprosess vil ta tid. Difor vert det søkt om dispensasjon.
Kommunestyret valde å ikkje dispensere for dette rekkjefølgje kravet.

Bustadfeltet Skuggen på Forland Gnr 15 brn 321
Søknad om dispensasjon frå rekkjefølgjekravet i reguleringsføresegnene
Søknaden gjeld kravet om fortau/gangveg FØR bustadområdet kan byggjast ut. Utbyggjar treng massar for å realisere fortau og auka vegbredde. Ved å samtidig realisere tomter i feltet kan ein frigjere massar til å lage fortau/veg parallelt. Kommunestyret valde å dispensere for dette rekkjefølgje kravet slik at trafikksikringstiltaka vert realisert parallelt.

Eg har også fått tilbakemelding frå vegvesen og fylkeskommunen at dei vil vera med å finansiere økt vegbredde ned til Forland samstundes som det vert  laga gang og sykkelsti.

Organisasjons gjennomgang 2011 – rapport
Tanken min her var at kommunestyret skulle formelt få denne rapporten oversent – og ikkje realitetsbehandle sjølve rapporten. Noko av rapportens innhald kan vi umiddelbart iverksettje som betre budsjett disiplinen, syta for inndekning på utgiftsaukingar, tettare samspel i budsjettprosessen etc.

Når det gjeld dei organisasjonsmessige utfordringar som er i organisasjonen som er rådmannen sitt ansvar meiner eg og styringsgruppa at rådmannen må få ei mogeligheit til å ”svara på utfordringane” – så får vi diskutere politiske korleis vi meiner framtidas organisasjon skal sjå ut – eg oppfattar også rådmannen til å ønskje eit konstruktivt samspel å desse områda. Når det gjeld samspel politikk og administrasjon har vi eit ansvar alle.

Når det gjeld dei økonomiske mogeligheitene for å redusere driftsnivået vårt så ligg noko av tiltaka som blir nemnd i rapporten som rammar i økonomiplanen. Alle er samd i at aktivitetsnivået må reduserast for 2012. Arbeidet med å redusera utgiftsnivået for 2012 kjem såleis truleg ikkje i gong før til hausten når budsjettarbeidet startar.

Budsjettoppfølging 2011
Her er det gjort ein saldering. Rådmannen har spart 1 mill meir i løn enn det som vi såg for oss ved årsskiftet – det er svært bra!
Barnehage kostnadene er ikkje blitt så stor som først frykta.
Nettoen på budsjettbalansen er betra med nesten 1,4 mill. Dvs dersom alt anna går som budsjettert så endar vi på 1,5 i pluss i budsjettet.

Vi har budsjettert med 100000 i pluss. MEN det er fortsatt usikkerheiter bl.a skatteinngang – lønsoppgjør etc. Men rådmannen meiner vi kan gå mot 0.- Difor har eg ikkje ønskje om å gjere store endringar i organisasjonen før kommunestyret ber om det. Dersom kommunestyret meiner at formannskapet skal starte ein prosess med å redusera driftsnivået i inneverande år - ut over det som ligg i budsjettet – må formannskapet få eit eintydig oppdrag frå kommunestyret. Det fekk vi ikkje.

Stranda Skule
Torsdag kveld var eg, kommunalsjefen og Kåre Bjorøy frå Sartor Maskin AS på Stranda skule for å informera om den nye skulen. Tilsette og foreldre som møtte fram likte skulen som blei presentert. Det blir etter min oppfatning ein skule for framtida! Det blir oppstart av gravemaskiner så snart skuleferien tek til.

Klimarådet
Fredag var det møte i Klimarådet. Vi hadde besøk av ENOVA og følggjande vart drøfta: 
  1. ENOVA bør få enno betre verkemiddel for private som vil gjennomføre energieffektviseringstiltak
  2. ENOVA sin tilskottsordning for gjennomføring av ENØKtiltak i borettslag .Forslag om at ENOVA opprettar ein trappetrinnsmodell til borettslag som vil oppnå lavenergi- eller passivhusstandard gjennom fleire rehabiliteringar.
  3. I følgje Arnstadutvalget vil trengst 60000 nye arbeidsplassar for å gjennomføre klimatiltak i eksitserandre bygningar. Kvar skal vi få så mange fagpersonar frå?
  4. Justering av ENOVA sine støtteordningar for energioppgradering av eksisterande bygg slik at fleire bustadeigarar kan samarbeide om felles søknad og gjennomføring
  5. Husbanken bør gis finansielle virkemidler for å supplere Enova med lokal kunnskap og kompetanse.
Energieffektivisering er det viktigaste tiltaket for å redusere klimagassutslippa globalt. Lavenergiutvalget viste at det er muleg å halvere energiforbruket i bygg innan 2040. Då er det mange små tiltak som må gjennomførast. Enovas generelle arbeid er i dag retta mot dei store tiltaka med krav om innsparing på meir enn 100 000 kWh. Tiltak i hushald er ein minimal del av Enovas støtteordningar. I 2010 ble det sett av 40 millionar til tilskuddsordninga for hushald. Hausten 2010 blei personar som var interesserte i å søkje om støtte, møtt med eit rødt flagg på Enovas heimesider og informasjon om at pengane var brukt opp.

Posten i statsbudsjettet er merka ”elektrisitetssparing i husholdningene”, men det er ikkje slik ordninga er innretta. Tilskottet er primært retta mot energiomlegging. I dag blir einskilde teknologiar valte ut ifrå behovet for å medverke til å utvide marknaden. Dette blir imidlertid ikkje oppfatta av sluttbrukarane. Desse ser tilskottet som eit klapp på skulderen frå staten for å velgje de rette løysingane. Dermed blir nye tekniske forsyningsløysingar framheva framfor godt kjende løyingar for å redusere energibehovet. Det blir gitt eit inntrykk av at dei tiltaka som blir støtta er vurderte som spesielt smarte, og at dette er tiltak myndigheitene tilrår. Men det er mange andre smarte tiltak som ikkje blir støtta. Enova har køyrt store informasjonskampanjar om energisparing. For å få betre effekt av desse bør Enova gi støtte til slike tiltak. Sjølv om nedbetalingstida for fleire av tiltaka kan vere kort, er det likevel naudsynt med ekstra støtte for at dei skal bli gjennomførte.


Regionsentrum StraumeVNR og Gode Sirklar hadde invitret til seminar om "Menneske og miljø" eit seminar om utvikling av Regionsentrum. Eg var invitert til å halde eit innlegg om Sund kommune sin visjon for eit felles regionssentrum på Straume.

Frå mi side la eg vekt på Sund kommune sin eigenart og kvalitetar, samt kva vi manglar av tenestetilbod som eit regionssenter kan tilby. Innafor samhandlingsreforma er det mykje vi i felesskap med resten av regionen kan få til. I tillegg vil eit sterkt regionssenter kunne trekke til seg spesialistar innan anna offentleg og privat tenesteyting. I Sund er vi opptekne av å vidareutvikle bygdene våre og da er det viktig at det er eit godt samspel i utviklinga av regionen. Eit regionssenter kan tilby det utbane vi kanskje manglar i Sund og som vi i dag reiser til Bergen for å oppleve. Vårt særpreg i Sund må bevarst og syrkast slik av vi i framtida også kan ha eit desentralisert tilbod og vidarefører og styrkjer bl.a det gode klulturlivet i Sund.

 Ha ei fin fin helg

No reiser eg til Stord på Hordakysstemne!
(Synd det kolliderar med opning av Oceana i Os i kveld, Torgdag lørdag og trebåtfestival i Hardanger.)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar