lørdag 11. juni 2011

Veke 23. Utbyggjingsplanar, økonomi og organisering, eigarmøte i BRB og BIR

Utbyggjingsplanar på Vorland, økonomi - organisering i Sund kommunetur med elevar frå Sotra Vidaregåande skule, eigarmøte i BRB og BIR i fokus.



Reguleringsplan Vorland
Forvaltningsstyret – Planutval har hatt ei sak i ei tid om etablering av eit nytt bustadområde. I kommuneplanen er området satt av til bustadformål. Eigaren Vorland Tersse AS har starta opp ein reguleringsplanprosess. Dei ønskjer å byggje blokker. Det har vor ein del skepsis til dette utbyggings prosjektet og eg har hatt innbyggara på besøk på kontoret,  og eg har vore på synfaring med innbyggarane på Vorland. Det planlagde omfanget er etter mitt syn og fleire andre sitt syn omfattande og stort i ei lita bygd.

Blokkene verkar høge og dominerande i eit etablert einebustad miljø. Planutvalet utsette saka i sist møte. Dei ville at utbyggaren i reguleringsplanen skulle svara på fleire utfordringar knytt til veg, vernesonar, omfang etc før reguleringsplanen blir sendt ut på offentleg høyring. Måndag var det møte med utbyggaren. Dei vil søkje å svara på utfordringane på best mogeleg måte. Eg fremja mitt syn som eg oppfattar fleire også delar mhp at omfang og estetikk. Utbyggjar vil ta ut nokre av blokkene og erstatte dei med einebustadar og tomannsbustadar før saka kjem opp att i Forvaltningsstyret - planutval. Eg håpar saka etter kvart kan leggjast ut til offentleg ettersyn slik at alle partar, interessentar og offentlege instansar kan fremje sitt syn.

Tur med elevar på Sotra Vidaregåande skule
Tysdag inviterte kultureininga i kommunen meg med på ein tur med elevar frå tømrarlinja på den vidaregåande skulen. Dei har laga ein portal til den gamle gravplassen i Tælavåg. Flott arbeid! Den gamle gravplassen i Tælavåg har ein spanande historie. Den vart mest brukt på 1800 talet. Her er også mannskap gravlagt frå skipsforlis. Gravplassen har også vært nytta til innspeling av filmen Hud. Ein kan få ein føling av mystikk når ein er der. Fleire av gravene vitnar om at mange vart gravlagde som unge.
Vi var også og såg på den restaurerte kverna og selstø buene. Mykje interessant historie er her ivareteken på ein flott måte. På båtturen heim fekk vi oppleve havørnsafari! Ein kjekk dag med flott ungdom!

Styringsgruppemøte organisasjonsgjennomgang og Formannskapsmøte
Onsdag var det bramma møter for å drøfta vidare framdrift av organisasjonsgjennomgangen og rapporten vi har motteke frå KS konsulent. I førre veke vedtog styringsgruppa at vi skulle ha eit nytt møte der rådmannen skulle leggje fram sitt inntrykk av rapporten. Rådmannen oppsummerte sin oppfatning og
Styringsgruppa ønskjer i det vidare at rådmannen legger fram ein handlingsplan for vidare framdrift. Saka skal diskuterast i fyrstkommande kommunestyre. Eg antar at hausten 2011 vil gå med til administrative endringsprosessar og politiske drøftingar, prioriteringar og vedtak. Målet må være slik eg oppfattar det å få på plass ein robust og framtidsretta organisasjon som imøtekjem dei behov vi har, og at fleire prosessar vert forbetra. Balansen på drifta for budsjettet for 2012 må også komma i positivt netto driftsresultat. Vi lyt såleis også gjere politiske prioriteringar for kva nivå vi ønskjer på enkelte tenester.

På formannskapsmøtet blei årets budsjett foreslått saldert. Rådmannen foreslår at deler av renter og avdrag på pågåande prosjekt inngår i investeringsramma framfor driftsbudsjettet slik vi har budsjettert. Dette er ikkje uvanleg. Det er svært mange kommunar som legg alle kostnader ved bygging og investeringar inn i investeringsramma. Dette er vanleg både i offentleg og privat sektor. Argumentet er at desse kostnadane har ikkje noko med drifta å gjere, men har med sjølve investeringsobjektet. Skulle vi kjøpt det ferdig – utan å byggje sjølv ville desse kostnadane vore ein del av kjøpesummen.

 Vi har også redusert noko på lønsutgiftene ved å halda stillingar ubesatt. Her har rådmannen og hans stab gjort ein god jobb og spart inn over 1 mill. meir på lønsbudsjettet enn det vi har budsjettert. Utfordringane vi såg tidligare knytt til barnehagane er ikkje så ille som forventa. Netto betring av budsjettballansen er ca 1,4 mill. totalt sett i forhold til det vi la til grunn når vi vedtok budsjettet. Det er positivt, men det er fleire faktorar som kjem til å påverke års resultatet som vi ikkje kan påverke. Det er skatteinngangen og den største delen av lønsoppgjøret. Signala finansdepartementet er slik at rådmannen meiner vi ligg ann til å kunne gå i null ved året slutt. Saka skal også drøftast i kommunestyret Tysdag 14.juni.

Business Region Bergen AS. (BRB)
Torsdag var det Generalforsamling og eigarmøte i Business Region Bergen AS. (BRB)
Sund kommune eig 20 aksjar i dette selskapet. Dei fleste kommunar rundt Bergen er medeigar og Bergen kommune og Hordaland Fylkeskommune er dei største eigarane.
Den overordna målsettinga for Business Region Bergen er at Bergensregionen innan 2025 skal være leiende i Noreg på kunnskapsbasert, bærekraftig næringsutvikling innan dei næringane kor regionen har spesielle føremon.

Business Region Bergen skal drive regional næringsutvikling og marknadsføring av regionen. Visjon er: Saman skal vi skape ein dynamisk vekstregion

Business Region Bergen skal være ein partipolitisk nøytral, aktiv part som saman med offentlige myndighetar og private aktørar skal realisere visjon og målsettingar.
Regionens prioriterte næringar er: energinæringane, marin verksemd, maritim næring, oppleving - kultur og reiseliv, og media.

Møtet gav oss eigarrepresentantar mogeligheit til å gje tilbakemelding på korleis vi opplever selskapet og kva erfaringar vi har. Eigarane er nøgd med BRB, men bør kanskje evaluere og juster litt. Det kom fram at eigarane ønskjer at prosessane knytt til ulike prosjekt er betre forankra hos eigarane, og at eigarane får meir informasjon om dei ulike prosjekt og status på dei. BRB er gode på profilering og marknadsføring. Frå BRB si side ønskjer dei at kommunane er ”krevjande kundar” slik at selskapet utviklar seg og gjer eigarane best mogeleg tenester slik at eigarane når sine målsetjingar.


Møte i bedriftsforsamlinga i BIR AS
BIR AS er flinke på å informere eigarrepresentantane. På møtet Fredag gjekk vi gjennom årsmeldinga og fekk ein status på dei ulike prosjekta dei arbeider med. Det store prosjektet no er bossug i Bergen sentrum. Her er framdrifta i rute. Når anlegget er ferdig er det ønskjeleg at mest mogeleg av nøringslivet nyttar seg av dette tilbodet. Det vil bidra til ein betre økonomisk drift og ein ”reinare by” – noko alle vil tene på!
BIR konsernet går godt. Dei når dei overordna måsettingane til eigarane, men har eit høgt sjukefråvere. Dei oppnådde gode økonomiske resultat i alle dotterselskap. I BIR Privat AS som hentar bosset til husstandane har det vore gjennomført ein konkurranse på transporten. Ny kontrakt er inngått og kostnader er redusert. Det bidrar til at renovasjonsgebyret som alle husstandar ikkje vert auka vesentleg til neste år! Dette er gode nyheiter for oss alle!

No skal eg ut å mala hus!

Ha ei fin fin pinse helg!

Ove



Solnedgang sett frå altanen min på huset mitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar