søndag 10. april 2011

Austevoll feirar 125 år som eigen kommune

Laurdag 9.april feira Austevoll sin 125 årsdag som sjølvstendig kommune. Før det var dei ein del av Sund kommune.  Som ordførar frå Sund var det kjekt å få kunne delta på dette arrangementet saman med masse feststemte Austevollara!


På Bekkjarvik Torg var det familiearrangement med underholdning og god stemning. Mykje folk var til stades og det var arrangement for store og små.
Lokale kulturaktørar underhalte frå scenen. I tillegg til underholdning frå scenen, var det familieaktivitetar som ansiktsmaling, klovn og mykje moro på senteret.
Austevoll nytta også muligheita til å takka kommunelegen Finn Dyngvold av etter 43 års teneste i Austevoll som kommunelege. Han blei heidra for sin store innsats gjennom alle år. Han fekk også utdelt kongen sin fortenestemedalje for sin innsats både som kommunelege, men også som aktiv borgar som har arbeida på mange felt bl.a med skriving av lokalhistorie.

Om kvelden var det stor fest i Idrettshallen på Storebø. Det blir stort show med Ausekarane, og det blir dans og moro utover heile kvelden i ein festpynta hall. Dette var eit kjekt arrangement. Ordføraren på Tysnes var også gjest og vi fekk halde ei lita tale, i tillegg til Austevoll sin eigen ordførar!

Her er materialet for mi tale:

Gratulerer med 125 årsdagen Austevoll!
Det er en vanlig historisk missoppfatning at land har knytt menneskjer saman, og hav har stengt mellom menneskjer. Mellom Sund og Austevoll har det på mange vis vore motsatt, men i 1886 skilte vi altså lag.

Dette feires her i dag!  Men,..I Sund er vi kanskje ikkje så glad for at vi skilte lag!

Vi har sidan Austevoll blei eigen kommune sett opp til dåke austevollingar! Det har litt med haldningane dåkas å gjere!
Dåke har alltid hatt eit ønskje om å få ting til! Og det har de klart til gangs!
Det er ikkje grenser for kva Austevoll kan visa til når det gjeld innovasjon og utnytting av ressursar frå havet både innan marin og maritim næring og ikkje minst - bygging av bruer!

Havet har vore ein utfordring for oss i uminnelige tider her vest, og Sund og Austevoll har sterke band her. I 1720 fekk vi felles losvesen på strekninga Bømlo – Telavåg, men det var dårleg organisert på den tida.

På slutten av 1800 talet forliste fleire losskøyter i vårt distrikt, 2 av dei frå Austevoll. I 1891 under bording kolliderte ei losskøyte frå Stolmen med Ragnvald Jarl som jekk i rute mellom Bergen – Newcastle, og i 1896 forliste ei losskøyte frå Kalve. Nord om fjorden hadde vi også fleire forlis.
Det resulterte i Korsfjorden Felleslosing i 1901. Dei fleste tilsette på losstasjonen på Viksøy har gjennom tidene vore frå Sund og Austevoll.

Så sjølv om Austevoll vart eigen kommune i 1886 var det omfattande samarbeid her vest i havet gjennom heile 1900 talet, og vi hadde felles prestegjeld fram til 1918. Me hadde felles lensmannsdistrikt fram til 1964, felles kommunelege til i 50 åra, og ikkje minst Sund og Austevoll Sparebank som også eg huskar godt.

To tidligare ordførara og fylkespolitikara Peder Kalve ordførara i Austevoll og Even Evensen, ordførar i Sund, og som begge arbeida som losar på Viksøy – dei hadde mange gode ”Losvakter” saman! Dei fekk visjonar om ein tunnel over Krossfjorden! – men det vart kun ein visjon –

Men i ein periode var vi heldige som fekk ferjesamband til Austevoll, men også her viste det seg at Austevollarane var gode strategar, og når ferja endeleg var på plass over Korsfjorden! – la dåke ned det flotte fergjesambandet til Sund - for å få  ferjeavløysingsmidlar - til å bygge bruer her i Austevoll!

Men vi har no enda nokre gode Austevolls anar igjen i oss i Sund  - så vi unnar dåke kvar einaste bru dåke har fått, men vi har eit brennande ønskje om å få på plass eit fergjesamband igjen over fjorden. Det er fleire som kryssar fjorden dagleg, næringslivet i Austevoll er for lengst etablert også på Sotra og det set vi pris på. Vi har flotte vidaregåande skular i begge kommunane til stor nytte for ungdommen. Eg har sjølv budd her i Austevoll og har mange gode minner frå dei glade 80 åra!

Vi i Sund takkar for det gode samarbeidet vi har hatt gjennom generasjonar, og vi ønskjer eit godt samarbeid i framtida.

Eg vil på vegne av Sund ønskja dykk alle til lykke med dagen
-         og eg spår - eit langt og lykkeleg liv - for 125 åringen!  
-         Gratulerer med dagen! 

Takk for oppmerksamheita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar