lørdag 26. mars 2011

Veke 12. Regionråd, Forvaltningsstyre, Formannskap og andre viktige møter

Det er lørdag morgon, nydelig dag med klår immel og sol! Det er tid for oppdattering av Bloggen!
Eg står på farten og skal på seminar i helga. Eit seminar for 1.kandidatane til Høgre. Det blir kjekt!
Veka som har gått har vore travel med mange spanande og viktige møter - der målet er å bidra til at Sund kommune fortsatt skal være ein god og framtidsretta kommune å bu og leva i for oss alle!


Regionrådet Vest
Måndag starta dagen med møte i regionrådet. Her var ordførarane og rådmenna frå Askøy, Fjell, Øygarden og Sund samla. Til dette møtet var styret i Vest Neringsråd (VNR) invitert. Regionen her vest er ein av dei leiande næringsregionane i landet. Utfordingane slik VNR ser det er å få til ein samordna marknadsføring av regionen, eit forsinka Sotrasamband, kompetent og kvalifisert arbeidskraft og eit breiare samansatt næringsliv. Etter at VNR var ferdige kom HOG Energi (interesseorganisasjon Hordaland olje og gass). Dei presenterte sitt arbeid for at Hordaland fortsatt skal være ein av dei fremste regionen i Europa energi sektoren også i framtida. For oss her vest vil dei ha ein serlig fokus på utviklinga i Statoil og framtida til Stureterminalen. Dei vil arbeida for fortsatt drift her vest.

Etter presentasjonane frå dei inviterte organisasjonane fortsette møtet med ein kort drøfting kring prosjektet Felles Ansvar. Det får no ei form som kommunane er i stand til å handtere både praktisk og politisk og kanskje økonomisk. Målet er å få til eit felles førebyggjande prosjekt for ungdom der både frivillige organisasjonar, næringsliv og det offentlige er med å tar ansvar. Vi diskuterte oppretting av eit felles forliksråd, og vi vart einige i at konsekvensane må utgreiast nærare for ein går vidare med dette prosjektet til politisk behandling i kommunane. Staten har i lengre tid arbeida med å redusere talet på skattekontor i Noreg. For regionen her betyr det at det kontoret vi har på Straume og på Askøy står i fare for å bli nedlagt. Vi vart einige om at vi i fellesskap må få regionen til å stå saman ovafor Staten i å krevja at regionen skal ha eit felles skattekontor. Saka blir fremma for kommunestyra.

Regionrådet har tidligare vedtatt å få utarbeida ein rapport om korleis samarbeidet i regionen kan utviklast og forbetrast. Regionrådet har no motteke rapporten. Rapporten frå Agenda utvikling blir oversendt frå regionrådet til kommunane for orientering og bruk i den enkelte kommune. Regionrådet vil bruke rapporten for å utvikle samarbeidet i regionen.

Regionråde har fått tilsegn frå Fylkesmannen i støtte til ei prosjektstilling med det formål å starte eit forprosjekt for å utrede ei integrering av sakshandsaming av byggesaker, plansaker og kart- og oppmålinstenester i regionen.

Forvaltningsstyret - Planutval
Måndag kveld var det møte i Forvaltningsstyret – Planutval. Møtet starta med synfaring til Kleppevik. Her har det vore ei sak som har pågått i fleire år. Saka gjeld legging av veg for bygging av hus. Det har vore diskusjonar om vegrettar, eigendomsgrenser og jordskiftedom. Sivilombudsmannen har også fatta vedtak i deler av saka heile tre gangar tidligare. På synfaring fekk politikarane ei verbal framstilling frå grunneigara og naboboar for å belysa saka best mogeleg. Innstillinga frå administrasjonen er positiv i den forstand at dei tilrådde at vegen vart lagt slik den er søkt om, og forvaltningstyret godkjende legging av veg slik. Det var også fleire søknader som inneber dispensasjon ift kommuneplanen. Desse sakene må sendast Fylkesmannen for klagevurdering.

Museum Vest
Tysdag var det styremøte i Museum vest. Møtet var på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg. Her vart strategiplanen for dei 6 musea som inngår i Museum Vest vedteken. Målet er å knytta reiselivet sterkare opp til drifta for å auka besøkstala og inntektene r til musea. Andre planar som forvaltningsplan og formidlingsplan for drifta av musea vart gjennomgått og vedteken. Vi fekk også ein status på sjølve drifta ved dei ulike musea og oppfatninga frå musea er at dei driv med knappe ressursar. Det økonomiske resultatet frå 2010 var likevel betre enn for 2009.

Formannskapet
Onsdagen var det formannskapsmøte. Den store saka på agendaen her er saka om skulen på Stranda. Vi feklk ein kort gjennomgang av dei ulike tilbytte skulane. Det vart diskutert både prosess og sjølve skulane sine romløysingar. Tilbodet frå Sartor Maskin AS er rangert som nr 1 av arbeidsgruppa som har evaluert tilboda. Varaordføraren meinte at skulen hadde for mange små rom og for få store og at heile konseptet fortona seg som ein ”base skule” noko som no er ei undervisningsform ein går vekk frå. Plan konsulenten framheva at det som er tilbydt av skulebygg er i samsvar med det kommunen har etterspurt,  og som kommunen har beskrive som sin pedagogisk plattform. Ein kan ha forståing for varaordføraren sitt syn. Fyller ein opp dei store romma er det plass til over 40 elevar i eit rom, og det er i overkant av det eg oppfattar som ein optimal klassestorleik, men utforminga og alle dei mindre grupperomma gjer at vi får ein serdeles god og framtidsretta skule som gjer mogeligheit til fleksibilitet og endringar. Saka blei sendt vidare til kommunestyre med ei anbefaling frå formannskapet om at kommunen inngår kontrakt med Sartor maskin AS. Formannskapet føreset då at dei juridiske konklusjonane konkluderer med at dette er rett. Formannskapet drøfta også prosjektet ”Betre Saman” som er eit barnevernsprosjekt i samarbeid med nabokommunane. Formannskapet vedtok å anbefale kommunestyret å gjennomføra prosjektet. Vi har fått løyvingar frå Fylkesmannen om støtte til prosjektet og vi har god tru på at departementet vil støtta prosjektet. Målsettingane med prosjektet er å sikra barn sin rett til hjelp og MOT til å handle. Ein skal gje tidleg hjelp og kunne omprioritere ressursar og innsats. Målet er vidare å tydeliggjere ansvar på tvers av aktørane som er involvert. Dette skal gje oss eit samla og heilskapeleg barnevern som har og TAR ansvar for tenestene. I dag er dette i for stor grad delt mellom kommunane og det statlege Bufetat. Erfaringane herfrå er at kommunane får ikkje dei tenestene frå staten som ein treng ihht vedtak i barnevernet lokalt. Formannskapet tilrådde også at ordføraren prøver å forhandle den økonomiske fordelingsnøkkelen mellom kommunane i regionråd Vest. Formannskapet opplever det som urimeleg at Sund kommune skal betale 50% av det fjell og Askøy gjer når vi har ca 6 tusen innbyggjara og dei ca 4-5 gangar fleire innbyggjara.

Saksgruppe Næring og utvikling
På Onsdagskvelden var det også møte i saksgruppe Næring og Utvikling. Daglig leiar i Fiskeriforum Vest Tanja Hoel var invitert for å presentera kva dei dreiv med og kva dei kunne bidra med innan den marine næringa i Sund. Eg oppfattar det slik at dei kan bli ein god støttespelar no når vi skal utvikla og leggje forholda til rette for den marine næringa i kommunen. Fiskeriforum vest har gode relasjonar og har god kunnskap om den marine næringa her på vestlandet. Me diskuterte korleis me kan støtta og vidareutvikla den marine  industrien på Skaganeset og elles i kommunen slik at det kjem meir aktivitet knytt til denne næringa. Vi kjem i framtida til å ha fleire møter med Fiskeriforum Vest og næringa i Sund.

Gode Sirklar
Torsdag var det førebuing til styremøte og generalforsamling i Gode Sirklar AS som skal være i neste veke. Eg hadde møte med daglig leiar og rådmannen her i sund. For meg er det viktig at Gode Sirklar AS utviklar seg i ein retning som kommunestyret her i Sund ønskjer. Vi skal på styremøtet ha eit sers fokus på strategien for selskapet dei kommande åra. Etter min oppfatning må selskapet sine driftskostnader ned og vi må spissa satsinga meir målretta mot færre satsings områder.

Sund omsorgsbygg AS
Fredag var det møte med Sund Omsorgsbygg AS som eig Sundheimen. Dette var eit nyttig møte. Eg har ikkje møtt eigarane tidligare. På møtet var også leiinga ved Sundheimen. Vi diskuterte den generelle statusen på bygget og såg på mogeligheiter for å gjere enkelte mindre endringar for å forbetre funksjonalitet for brukara og tilsette. Vi diskuterte også mogeligheitene og utfordringane for eventuelle tilknytingar av for eksempel omsorgsbustadar opp mot Sundheimen. Pr dags dato er det ingen planar om tilbygg eler nybygging av omsorgsbustadar, men det er for min del greitt å kjenne til kva mogeligheiter ein har her i framtida.



Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar