lørdag 12. mars 2011

Veke 10. Sotrasambandet i fokus!

Då er det helg!
men eg er på Stord Hotell og er på årsmøte i Hordaland Høgre denne helga!
Denne veka var det møtet med Fjell om Sotrasambandet, men det har vore ei veke med også andre drøftingar som t.d framtida til Luftskipet, vegutbedring til Forland samt besøk på skulen og barnehagen på Klokkarvik. Eg har også fått nokre tilbakemeldingar på mine utspel om kommunestruktur!


Sotrasambandet
I Vestnytt 8.mars seier styreleiar at val av løysing på fastlandssambandet Storavatten - Kolltveit ikkje gjer meir veg sørover. Det er feil!

Det er riktig som det hevdes at statlige og fylkeskommunale tilskott ikkje kan miksast i saman, men det kan bompengar til ein viss grad. Det finst mange døme på dette. Føresetnaden er at ein held seg innanfor gjeldande regelverket. Det finst også mogeligheiter for ulike rabattordningar som gjer at "kryssubsidiering" er mogeleg. Sotrasambandet AS planlegg til ein viss grad med dette og det set vi i Sund stor pris på. Eg ønskjer at vi utnyttar denne mogeligheita. Eit anna alternativ er å redusere investeringane på den statlige delen frå Kollteveit til Arefjord og redusere bompengane, samtidig som ein aukar investeringane på den fylkeskommunale vegen frå Ågotnes til Austefjorden og aukar bompengane på nord – sør traseen. Summen av bompengar vert lik!
Det vi ser så langt er at Fjell og Sotrasambandet har vist ein betydelig større vilje til å investere pr ÅTD (kjørte bil) på strekninga frå Kolltveit til Storavatten enn på vegen på vegen nord – sør på Sotra. Dette kan det gjerast noko med då kommunedelplanane på strekninga Kolltveit – Storavatten endå ikkje er vedtatt.

Mitt råd til styreleiar i Sotrasambandet AS er at han tek tak og finn alternative og løysingar saman med Fjell kommune framfor å argumentere for at resultatet skal verte slik ”nokon har bestemt” utan at Sund har delteke i beslutningsprosessen. Slik haldning set sambandet og framdrifta i fare!

Det er slik å forstå at den totale kostnaden for heile sambandet er nesten 9 mld kroner. Dette inkludert ny veg frå Austefjorden til Ågotnes og ny 4 - felts bru og tunnelar på bysida.
Skal prosjektet realiserast med ein akseptabel bompengekostnad som rådmannen i Fjell foreslår til 35/20 må investeringane ned til ca 6,5 mld i fjølge rådmannen i Fjell. Dette medfører at Bergen må ”fire” på tunnelkrava sine, Sund må ”fire” på krava sine om veg heilt til Austefjorden samt akseptere noko utbetringar framfor ny veg på deler av strekningane, bybaneforsterkningar på brua utgår etc etc, men så langt er det lite reduksjonar å sjå i Straumeområdet og på vegen til Ågotnes!.
Vegen til Ågotnes har også svært kostnadskrevjande løysingar som kan gjerast rimeligare. På strekninga Kolltvet – Arefjord finst det også rimeligare løysingar, for eksempel det som ligg i konsept J. Bare dette tiltaket aleine kan gje kostnadsreduksjonar på eit nivå som kan løysa floka på Fjell gard.

Det er muligheiter dersom vi ønskjer!

På møtet måndag 7. februar vart Sund og Fjell einige om at Fjell skal sjå på alternative løysingar kring Fjell gard, evt finne finansiering til tunnel bak Fjell gard. Vi blei elles einige om at vi må få Bergen til å akseptere delt planprogram slik at dette vert lagt ut på høyring, og at det er viktig å verta einig med Bergen om ei løysing. Dette må ha prioritet enten det vert 2 eller 4 felt som vært løysinga for brua.

Fram til vi finn løysingar kring Fjell gard, er min påstand med dei vegalternetiva og berekningane som ligg føre at det er 2 felts bru som totalt gjer 4 felt som er det realistiske alternativet av økonomiske årsaker, men samstundes trur eg at det fins løysingar som kan gje oss både ny 4-felts bru som gjer 6 felt som også gjer løysing utanom Fjell gard utan at det skal få for store konsekvensar for bompengesatsane. Dette krev at Fjell er villig til å omprioritere og finne rimeligare løysingar på nokre av sine trasear. Eg trur at vi kan finne løysingar i lag, og eg opplevde møtet som positivt!

Det blir spanande å sjå kva forslag Fjell kjem med i neste møte!

Kommunesamanslåing
Ikkje uventa blei det nokre tilbakemeldingar frå både politikara og innbyggjara på mitt utspel om kommunestruktur både her på bloggen og i oppslaget i Vestnytt. Ein ting er dei økonomiske stordriftsfordelane ein kan vinna på å slå saman kommunar, ei anna ting er demokrati og den prioritering Sund vil kunne oppnå i ein stor kommune. Fleire tilbakemeldingar frå innbyggjara visar at mange er bekymra for kva prioritering vi i Sund vil få i ein slik storkommune. Fleire oppfattar at Fjell i fleire saker visar liten vilje til å akseptere vekst og utvikling på vestsida av kolltveittunnelen, og då serleg mot sør. Eit eksempel er handteringa av park & ride anlegget på vestsida av Kolltveittunnelen.

Sund er eigentleg eit ”utsillingsvindauga” på mange vis meinar fleire. Eksempla er mange sjå berre for eksempel  på utviklinga i alle bygdene våre innan veg, vatten og avlaup, internert og fiberutbygging. Eg forstår frykta for at Sund skal hamna i ”bakevja” og at dette gjer at mange er skeptiske.

Sund Høgre kan med ”handa på hjarta” trygt arbeide til det beste for innbyggarane i Sund. Fjell har ein veg å gå før det fristar både politikara og innbyggarane i Sund slik at ein meinar at kommunesamanslåing er til det beste for innbyggarane her i Sund! Eit samband i sør freistar fleire, men det er  ikkje sikkert det er alt som skal til! 

Eg har også fått tilbakemeldingar på min skepsis til "Luftskipet" som er den orange "pølsa" som er plassert rett nord for Fjell gard. Det ser ut som om det er god grunn for min bastante meining som eg gav utrykk for i Vestnytt Torsdag. På gruppemøtet i Høgre på Torsdag var det ingen som såg for seg at vi skulle satse ytterligare på dette Luftskipet, og eg fekk støtte for mitt syn i saka. 

Besøk på Klokkarvik skule og i barnehage
Tysdagen var eg på besøk på skulen og i barnehagen på Klokkarvik. Det var både kjekt og nyttig. Arbeidet med utbetringa av vegen forbi skulen ser ut til å gå mot slutten. Her blir det viktig at sluttresultatet ivareteke behova for trafikkring på ein god måte. Eg trur sluttresultatet blir bra! I gymsalen var eletrikkar i full sving med å henge opp varmovnar. Det var kaldt i gymsalen så det var behov for varme!
Skulen har i dag ikkje ein rektor i heiltidstilling. Odd Jarle Hatland har funger som rektor i kombinasjon med anna stilling i kommunen. Han gjer ein god jobb, men forståeleg nokk ønskjer dei tilsette og elevane at rektor er meir tilgjengeleg på sjølve skulen. Eg rakk også å helsa på elevane i integrasjonsklassen. Dette er ein klasse med elevar få Polen, Latvia, Kasaksthan, Kongo og Etiopia. Dei song og var kjempeflink. Dei kjem frå ulike bygder i Sund men går i same klasse på Klokkarvik. Dette såg ut for meg til å være ei god løysing, og gjer muligheit til å ha eit sterkt fokus på norsk undervisning.  

Etter møtet med skulen besøkte eg barnehagen. Der var det ”liv og røre” med 82 barn. Dei tilsette gjer ein god jobb, og har gode idear om den framtidige utviklinga av barnehagen. Kjekt med kreative, engasjerte og flinke tilsette som tek tak og har initiativ. Eg trur både barn og foreldre går spanande tider i møte med barnehagen på Klokkarvik!

Forlandsvegen
Onsdagen hadde eg og rådmannen møte med Hilleren Prosjektering. Dei representerar ein utbyggar som har ein godkjent reguleringsplan for eit større bustadfelt i Forland. I føresegnene til reguleringsplanen er utbyggar pålagt å lage ein gangveg frå innkjørselen ned mot vågen til krysset oppe med butikken i hovudvegen. Det er eit ønske at sjølve vegen vert utvida slik at to bilar kan passere samtidig med at ein får laga denne gangvegen. Me har hatt kontakt med vegvesen, fylkeskommune, grunneigar, næringsliv og utbyggar i håp om at me kan få til eit spleiselag for å få realisert dette. Slik det ser ut no så kan dette la seg realisere men alle avtalane er endå ikkje heilt på plass. Eg kjem attende med meir informasjon om dette prosjektet i slutten av mars, og då er forhåpenligvis alle avtalane på plass!

Servicebussen
Torsdag fekk eg melding om at Samferdselsdepartementet ville støtta servicebussen vår i kommunen med 50000.-, da følgjer også Hordaland fylkeskommune opp med 50000.- . Dette er gode nyheiter. Det er mange eldre som setter stor pris på denne tenesta. Med den støtta vi no får kan vi vidareutvikla denne tenesta slik at også fleire bygder kan få dette tilbodet.

Hordaland Høgre
Fredag ettermiddag var det samling her på Stord for høgrepolitikara frå Sund, Samnanger, Os, Fjell, Øygarden og Askøy. Her blei det diskutert saker vi har felles interesse av i  regionen vår. I dag og i morgon er det årsmøte for heile Hordaland Høgre her på Stord. Det er kjekt å treffe partifellar frå dei andre kommunane. Det store temaet i år er naturligvis kommunevalet og fylkestingsvalet til hausten. I helga skal mykje av Hordaland Høgre sin politikk formast for kommande valperiode!



Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar