fredag 4. februar 2011

Oppsummering veke 5

Då er endå ei spanande arbeidsveke snart over, nokre problemstillingar er løyst og nokre nye er avdekka. Det er mykje å ta fatt i og mykje spennande som skjer. Også denne veka har vert prega av bl.a samferdsel, møter, nye idear og høgt tempo.


Måndagen hadde KS (Kommunanes Sentralforbund) invitert til møte mellom ordførarane i Hordaland og ”hordalandsbenken” på Stortinget. Slike møter er nyttige  for at stortingspolitikkarane våre kan arbeide tverrpolitisk for å fremme kommunane sine felles interesser. Det oppsette temaet var den nye E-39 langs kysten (sjå egen blogg). Alle er einige om at vi må arbeide for å få på plass en ferjefri kyststamveg uavhengig av val av trase. Andre tema vart også diskutert, alt frå rassikring i Hardanger, til master i Hardanger og Nordhordaland. Eg gav uttrykk for mitt syn på staten sin manglande oppfølging ifm NAV reforma og barnevernet sin statlege del Bufetat. Slik staten utfører sin del av det felles ansvaret me har skyv staten den økonomiske kostnaden over på kommunane. I den kommande samhandlingsreforma meinar eg at overføring av oppgåver mellom spesialist helsetenestene og kommunane må ikkje forserast før skriftlege avtaler er på plass og finansiering ordna. Staten iverkset for mange reformer utan at økonomiske midlar føl med.

På tysdag var det med den politiske leiinga i fylkeskommunen, samferdselssjefen og fylkesrådmannen. Vi fekk diskutert sambandet Lerøy – Bjelkarøy. Fylke lovde å følgja opp spørsmål om alternativ ferje som skal settast inn i trafikk har tilstrekkeleg kapasitet til å ta med brannbil etc. Sjølve fastlandsambandet til øyane skal opp til behandling i  Fylket i Kultur og ressursutvalet, og i samferdselsutvalet no februar. Fylkesutvalet skal også ha saka til behandling på sin samling 23 - 24.februar. I denne omgang skal det slik eg forstår kun seiast noko om traseval og ikkje om sjølve sambandet lar seg realisera. Dersom fylkespolitikarane no peikar på ei kostnadskrevjande løysing kan det ta lang tid før dette sambandet lar seg realisera. I forbindelse med at Kystverket skal utbetra skipsleia i Vatlestraumen er det forventa betydelige mengder stein som må fraktas vekk. Sund kommune har teke initiativ mot Kystverket for at denne steinen kan nyttast som ein tidleg start på vegen mellom Lerøy og Bjelkarøy. Kystverket meinar at denne ideen er god og eg har vidareformidla dette til leiar i samferdselsutvalet i Fylket. Dette prosjektet ligg ikkje inne i noko økonomiske planar dei første 10 åra.  I følgje leiinga i fylket er det mange samferdselsprosjekt i kø som ”konkurrerar” om dei same resursane.
Vi inviterte samferdsel sjefen til kommunen og vi ønskjer også å invitera samferdselsutvalet på synfaring til våren. Vi har fått mykje til her i kommunen når det gjelder veg og ”spleise prosjekt”, men det står ein del att som vi ikkje må gløyme. Spesielt Eide – Glesvær er etter mitt syn av dårlig standard. Sotrasambandet vart også drøfta og eg gav uttrykk for min usikkerheit om kor mykje av nord – sør traseen som vil verta realisert. Fjell ønskjer ein svært kostnadskrevjande løysing i nord på bekostning av noko av traseen vegvesenet tilrår frå Kolltveit og sørover til Sund. Fylkesrådmannen vil ta initiativ og følgje dette opp overfor Fjell. På neste kommunestyremøte 8.februar kjem Sotrasambandet AS for å presentera planane for kommunestyret. Eg er spent på kva reaksjonar kommunestyret har!

Tysdag kvelden var det styremøte i Musseum Vest. Dette er ein stiftelse som har driftsansvaret for Herdla Museum, Nordsjøfartsmuseet, Fjell festning, Det Hanseatiske Museum, Kystmuseet i Øygarden og Noregs Fiskerimuseum. Dette er ein omfattande stiftelse med store ambisjonar og som ønskjer å tiltrekke seg nye publikumsgrupper. Museum Vest er avhengig av offentleg støtte og drifta er som følgje av dette stram. Vi har engasjerte og flinke tilsette som gjennom sitt virke gjev oss gode museum. Nordsjøfortsmuseet har for eksempel nyleg starta ein digital utstilling som du kan sjå frå din pc.

Det hopar seg fort opp på kontoret når ein er mykje på møte. Store delar av onsdagen blei det kontorarbeid før eg hadde møte med Solhaug sjukeheim om ettermiddagen. Dei slit med lite areal til parkering etc. Dei ønskjer å starte ein reguleringsprosess for å dekkje parkeringsbehova samtidig som ein får regulert areala slik at bedrifta kan utvikla seg vidare. Dei føreslegne planar er ihht både eksisterande og ny kommuneplan slik eg ser det.

Onsdagskvelden var det møte på Kleppe med grunneigara. Vegvesenet krev at det vert regulert eit område ved hovudvegen slik at ein i framtida kan lage sikker vegkryssing i form av undergang eller bru for fotgjengarar og syklistar. I den forbindelsen er det naturlig at me regulerer naudsynt område for gang og sykkelsti langs den kommunale vegen også. Grunneigarane i området var positiv til regulering og meinar at ein i ein slik prosess har muligheita til å ivareta alle grunneigara sine interesser på best mogeleg måte. I vedtatt reguleringsplan for bustadbygging i området er det eit rekkefølgje krav at utbyggar skal ta kostnadane ved gang og sykkelsti. Som ordførar er eg oppteken av at alle grunneigara i området skal bli hørt og at deira interesse vert ivareteken på ein god måte.

Torsdagen gjekk med til interne møter bland anna om den kommande organisasjons gjennomgang og endring. I hovudtrekk er målet å utforma ein toppleiarstruktur med kapasitet til å følja opp einingane og drifta i kommunen. Me skal også utvikle robuste einingar og teneleg nivå på teneste og støttefunksjonar. Den økonomiske analyse delen skal gje oss ei vurdering av kva mulige grep Sund kommune kan ta for å bringe kommunen sin økonomi i balanse. Det vert ein krevjande prosess. Det er svert mange dyktige og flinke tilsette i organisasjonen som har mange gode og konstruktive innspel, så eg trur at vi i fellesskap skal få til positive endringar til det beste for innbyggarane og tilsette. Vi må få kontroll med utgiftsauken i kommunen. Torsdag kveld var det gruppemøte i Høgre. Her gjennomgjekk me kommunestyresakene og fordelte saker og oppgåver. Det ser ut til å verta eit spennande møte sidan Sotrasambandet skal drøftast. Du kan følgja kommunestyremøte direkte på Radio Sotra på 104,5 Mhz kl 1630 på Tysdag.

Eg kjem tilbake med ein eigen blogg på onsdag i neste veke om kommuneplanen og resultatet av drøftingane om Sotrasambandet i kommunestyret!

I dag er det fredag og snart helg og eg lyt starte arbeidet med å førebu kommande veke som innehelt både formannskapsmøte og kommunestyremøte, samt forberede taler og innlegg til ulike arrangement.

So håpar vi vinden løyar!

Ha ei fin fin helg.

Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar