tirsdag 11. januar 2011

Resyme av starten på veke 2

Etter ei travel startpå veke 2 har eg oppsummer litt her.



Det har i den seinare tide vore ytra fleire meiningar om bygdeboka og korleis ein skal skrive boka. Måndag morgon var ingen unntak! Slik eg opplever det, er fagfolk trygg på at den måten som nemnda vil utføre arbeidet på er fagleg forsvarlig. Begge retningane og metodane ein kan nytta, vil slik eg forstår innehalde feil, og spørsmålet vert såleis kva metodikk vert den beste. Det er varierande kvalitet på dei ulike kjeldene serleg før 1790 og dette vanskelig gjer arbeidet. Me kan oppleve til dømes at ein person vart av presten beskrive med ulik namn. Derfor meinar mange at namn må normerast og at debatten som me ser bl.a i Vestnytt er "storm i eit vannglass" For meg er det sers viktig at motivasjonen og engasjementet til dei som på dugnad bidreg i stort monn til at bygdeboka i det heile lat seg realisera ikkje vert satt på spel. I så måte er det sers viktig at vi støttar opp om det valet bygdeboknemnda gjer, og såleis gjev dei arbeidsro. Sund kommune dekkjer også kostnadane for forfattaren, og i så måte må vi også lytte til dei faglege vurderingar han gjer. Eg har stor tiltru til at bygdeboknemnda vil lage eit framifrå verk til stor glede for innbyggarane og til dei som kjem etter oss.

Måndag var det også møte med besøkstenesta i Sund Rødekors. Dei gjer eit imponerande arbeid her i Sund kommune under leiing av Borgny Forland som har leia besøkstenesta i 15 år. Dei bidreg mellom anna til mykje tilrettelegging på Sundheimen når det er arrangement, og dei følgjer eldre til lege etc i tillegg til det at dei besøker brukara i heimen. Frå sentralt hald gjennomførar dei ei rekkje kurs som er nyttige. Nye kurs er kriseomsorg som kjem til nytte ifm dødsfall og andre dramatiske hendingar. Toft Mesterrør AS har støtta dei økonomisk og det set dei stor pris på. Dei har årsmøte 20 februar. 14.april er det planlagt eit større arrangement for dei som i ei årrekkje har arbeida dugnad i besøkstenesta.  Den store frivillige innsatsen til besøkstenesta i kommunen som her vert ytt, er av uvurderlig nytte for brukarane og Sund kommune.

Seinare på dagen var det styringsgruppe møte i Kysteventyret. Her er det full fokus på reiselivsmessa som er å finne stad i Bergen 21 – 23 januar. Siste førebuing til konferansen ”Kysteventyret – frå eventyr til suksess” må også handterast. Denne konferansen skal vera 9.februar i Liaskjershallen. Det er også tid for evaluering av ”Bondens marknad” som er et konsept som ønskes vidareført. Derfor er evalueringa viktig for å få frem evt behov for justeringar. Mot slutten av april planlegger Kysteventyret visningstur til vårt ”Kysteventyr” og regionen her ute. Då satsar vi på å invitere journalistar, bransjepersonell og andre som kan bidra til å formidle vår fantastiske region her vest!

Tysdagen starta med møte med aktørar innan marin næring. Kommunen vil søkje å bidra til at me får behalde konsesjonen på visningsanlegget som er gjeve til Austefjorden Smolt As her i kommunen. Deretter bar det nordover til Straume i den verste snøvêret. Først var det generalforsamling i Sotra ASVO AS. Selskapet er vedtatt nedlagt og dei midlane som er att som er ca 150000.- meinar ordførarane i regionen her vest at vi kan nytta til OL turen til Nest Sotra http://vestnytt.no/forside/nest-sotra-united-til-ol/
Me ønskjer at alle deltakarane kan få reise. Dette vert ei stor oppleving for alle.
Etter generalforsamlinga var det møte om Sotrasambandet. Her fekk eg formidla Sund sitt syn pr.dd. Fjell gav status for prosessen og utfordringane knytte til sambandet. Fjell visar vilje til å finne løysingar som Sund kan akseptere, og vi vart einige om at vi skal sjå på alternativ til det som pr.dd er lagt fram som løysing på Nord – Sør traseen. Det vert lagt opp til eit tettare samarbeid i tida som kjem med bland anna felles kommunestyremøte. Dagen vart avslutta med møte på Nordsjøfartsmuseet. Der hadde eg statusmøte med direktør for Museum Vest Bjørg Christoffersen og Driftsansvarlig for Nordsjøfartsmuseet Jenny Heggvik. Som ordførar i Sund er eg styreleiar i eigarstyret for Nordsjøfartsmuseet og styremedlem i Museum Vest. Ei viktig oppgåve framover vert å bidra til at den økonomiske plattforma vert sikra. Fylket har til no spela ei nøkkelrolle og har stått for driftsfinansieringa av Nordsjøfartsmuseet. Dette må følgjast opp!

helsing
Ove



1 kommentar:

  1. Takk for informativ oppsummering!
    Flott du har fått til ein betre dialog med Fjell om Nord/Sør. Felles kommunestyremøte blir bra!

    Ha ei god veke fortsatt.

    SvarSlett