lørdag 29. januar 2011

Rapport og inntrykk veke 4

Tida fyk og eg er sein med oppdatering av bloggen!
Eg har hatt ei travel veke, med møter og konferansar både på dagtid og kveldstid. Det skjer mykje spennande her i Sund som vitnar om at Sund er ein god kommune å leva og bu i.

Førre Laurdag var det reiselivsmesse i Bergen og Kysteventyret vant pris for beste stand! Gratulerer! Då eg var på standen var det mykje folk innom. Det var kjekt.
Måndag morgon var det ny veke og nye mogeligheiter. Dagen starta med møte med Hero som driv asylmottaket på Klokkarvik. Som ny ordførar ønskjer eg kunnskap om korleis det går med drifta på mottaket og korleis det går med asylsøkjarane. Tilbakemeldingane eg får frå dagleg leiar er gode. Dei fleste av asylsøkjarane føl godt opp og ønskjer naturlegvis at sin søknad vert innvilga. Statistikken visar at få får asyl, slik at nokre reiser frivillige tilbake. Dagleg leiar opplever at samarbeidet med kommunen, innbyggjara og politi er godt. Som ordførar set eg pris på slike tilbakemeldingar. Eg var ein av dei som var skeptisk i starten og då er det kjekt å sjå at det går bra. Asylsøkjara er naturligvis store brukara av helsetenester og det legg press på kommunen, men vi føl opp så godt som vi har resursar til. Vi har vedtak på å søkje om ein ny legeheimel og vi skulle så gjerne fått på plass eit nytt helsehus. Det vi eg arbeide politisk for å få på plass.

Måndag var det også møte i Planutvalet/Forvaltningsstyret. Ikkje alle sundsoknara får det slik som dei ønskjer. Arbeidet med byggjesaker kan vera krevjande. Det er mange omsyn som skal ivaretakast. Vernet i strandsona og i det såkalla LNF området er sterkt og det er såleis uråd å gjere alle til lags som søkjer om tiltak. To naust vert kravd ombygd både av kommune og Fylkesmann då dei meir ber preg av å vera hytte enn naust. Den kommande kommuneplanen var også oppe til handsaming. Den går vidare til kommunestyret før den vert lagt ut på høyring. Meir info om kommuneplanarbeidet kan du lesa om i eigen blogg om nokre dagar. Så vart saka om kommunedelplan for Skogsskiftet endeleg behandla att. Den er klar for endeleg vedtak i førstkommande kommunestyre 8.februar. Når den er vedtatt vert det monneleg lettare å byggje og utvikle området i Skgosskiftet.

Tysdagen var det Strategikonferanse i regi av Kommunanes Sentralforbund. Dagen starta med diskusjonar kring temaet rekruttering til offentleg sektor. Offentlig sektor slit med rekruttering innan fleire fagfelt. I 2030 vil samfunnet etterspørje betydelig meir helserelaterte tenester enn i dag, og vi vert 2,5 arbeidsføre pr. pensjonist! Dette kan verkelig kallast ei eldrebølgje. Dei temaa som engasjerte mest på seminaret fekk eg inntrykk av var om forholdet mellom Stat – Kommune, og ikkje minst utfordringane knytt til Barnevern. Ført ute i ”ringen” var Fylkesmann Lars Sponheim. Han har jo i den seinare tid fått mykje kritikk for korleis han tolkar sitt oppdrag og funksjon. Lars Sponheim forklarte korleis han har til hensikt å følgje opp Statlig politikk frå 12 departement og 8 direktorat. Det er ikkje hans politikk, men Storting og regjering sin politikk. Den nye plan og bygningslov gjer også mykje ny makt og innflytelse til Fylkesmannen. Det kom fram ein del synspunkt men mitt inntrykk er at kommunane no ser på Lars Sponheim som ein tydelig Fylkesmann, som vil følja opp statlig politikk i det store utan å henge seg opp i detaljar. Han tar også tak i sitt eige embete – omorganiserar og har til hensikt å få til eit betre samarbeid og gode prosessar med kommunane. Han har klare forventningar til at kommunane i framtida er mindre ambisiøse i sine arealplanar og planlegg i større grad ihht det nye regelverket. Han ber også om at kommunane i mykje større grad syt for ei berekraftig utvikling med omsyn på økonomi, miljø og sosial berekraft. Dagen blei avslutta med temaet Barnevern. Det er kommunane som har ansvaret for at alle barn sine rettar vert ivareteke ihht barnelova. Likevel er ansvaret delt mellom det statlege Bufdirektorat, Bufetat, regionkontor, fagteam på den eine sida og det kommunale apparatet på den andre sida. Dei 40000 barna i Noreg som får hjelp av barnevernet blir etter mitt syn fort kasteballar i eit slikt system der kommunane fattar for eksempel vedtak om institusjonsplass og Bufetat overprøver vedtaket grunna…kanskje manglande økonomi…og kommunane må finne tiltak som kommunane må finansiere. Kommunane har ansvaret for at barna vert ivaretekne ihht lovverket og vert kontrollert av staten på det, så her er det bare å følje opp for kommunane sjølv om oppfølgjinga i den aktuelle sak er eit ansvar for Bufetat. Denne endeløse ”ørkenvandringa” lir barn under. I Hordaland er det no teke initiativ til ein eigen avtale mellom kommunane og det statlege Bufetat. Vi får håpa at det betrar seg slik at vi totalt sett for ivareteke barna på best mulig måte og at kostnadane mellom kommune og stat vert rett fordelt. Etter mitt syn må heile organiseringa av barnevernet sjåast på i ein større samanheng. Dette kjem eg å følje opp.

Onsdagen var det LivOG Lyst konferanse. Ein konferanse for lokal utvikling og entreprenørskap i Hordaland. Bak denne konferansen står Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Noreg. Fokuset var retta mot kommunane si rolle som utviklingsaktør innan utvikling av kulturnæring. Sund kommune har fått støtte til prosjektet Plan Pereferi som er leia av Kathrine Kallestad. Dette er eit 3-årig prosjekt som skal gjennom samarbeid, entreprenørskap og bygdeutvikling skape bu lyst og trivsel. Formålet er å få fram berekraftige prosjekt. Slik eg ser det har Plan Pereferi mange gode idear! Vi har også prosjekt ”landskapspark” som bl.a Trygve Nipen arbeider med. Eg vil støtta begge prosjekta så langt eg strekk til. Dette blir spennande!  
Det blei også drøfta kommunane si generelle rolle som samfunnsutviklar og tilbakemeldingane frå ein forskar er at kommunane i for liten grad fokuserar på utvikling av dei kommunale tenestene. Her trengs det både nyskaping og entreprenørskap er bodskapet! Kommunane må i større grad sette dagsorden og være innovative. Dette vil eg invitere både politikara og tilsette til å fokusera på i den omorganiseringa vi har vedteke å starte med i Sund.

Foto: Willy Haraldsen, touristphoto.no





Torsdag var det møte med daglig leiar i Gode Sirklar AS. Eg fekk ein innføring i status på aktivitetane i Sund og generelt om selskapet. Gode Sirklar AS driv aktivt på strategisk nivå for at eigarkommunane Fjell, Sund og Øygarden med å utvikla eit innovativt og bærekraftig næringsliv. Det er eit ønskje frå eigarkommunane at Askøy vert invitert med. Mitt syn er at det er greitt, men dei må bli med på same vilkår som dei kommunane som allereie er med.   
Vi hadde også eit statusmøte i Konjic prosjektet i Bosnia. Kommunen har tidligare godkjent søknad om eit nytt 3-årig prosjekt. Dette har staten innvilga. Den endelege prosjektplanen er ikkje ferdig og godkjent av kommunestyret. Engasjementet i Konjic vert avslutte etter dette 3-årige prosjektet.

Landbruksnemnda godkjent lanbruksplanen, og den vert oversendt kommunestyret for endeleg godkjenning. Dette er ein felles plan for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. I høyringsrunden her i Sund fekk vi mange gode innspel og dei aller fleste er teke med i landbruksplanen. Det er kjekt å sjå at innspela frå innbyggarane vert teke omsyn til i planen som går til godkjenning.

I møtet som saksgruppe næring vart det lagt planar for ein ”næringslivsdag”.   Ein ser for seg at  næringslivet får presentert seg for politikara, innbyggere, elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande. Saksgruppa ser for seg at denne dagen kan arrangerast til hausten. Det tar noko tid å planlegge eit så stort arrangement. Det skjer mykje positivt i næringslivet i regionen og Sund kommune kom svert god i nærings nm som NHO arrangerte i 2010. Dette er svært bra!

Fredag så var det styringsgruppemøte i utredninga av brannvernet. Det går mot slutten på dette utredningsarbeidet og vi skal ha siste møtet i styringsgruppa i slutten av februar. Deretter skal styret, representantskapet og kommunestyra behandle saka. Korleis framtidas brannvern vert sjåande ut er for tidleg å seia, men politikara i både Fjell og Sund er opptekne av å ha eit godt brannvern med ein god beredskap. Tryggleiken til innbyggarane skal verta ivareteken! Det  to siste brannane i denne veka på Bjelkaræy og Kleppe vitna om kor viktig det er å ha eit godt og velfungerande brannkorps.

Eg rakk også eit møte i Porsvika med dei aktørane som driv der. I Vestnytt har vi sett at det er ønskje om meir areal for å utvikle verksomheita på ein berekraftig måte. Både politisk og administrativt vil vi arbeide for at alle som driv i Porsvika skal få utvikla bedriftene sine. Vi ser positivt på dette og håpar at vi får godkjent kommuneplanen med dei behova som er i Porsvika. 

Dagen vart avslutta med nokre drøftingar og tankar om Sotrasambandet – Kan Fjell kommune si handtering av Sotrasambandet få konsekvens for både val av løysing og framdrift?
Fjell har tidlegare avvist ei regional tenking som kan gi samband både i nord og sør, ringveg gjennom regionen og to innfallsportar til Bergen. Det vil undra meg mykje om ikkje den totale mangelen på ei regional heilskapstenking er det som til slutt kan splitta kommunane og bli det nye Sotrasambandet si bane. Frå Vestnytt denne veka forstår eg det slik at politikarane i Fjell si løysing på kø utfordringane og regionen sitt behov for strakstiltak er å prioritere 170 parkeringsplassar på Straume!
Også denne saka vil truleg avføda sterke reaksjonar frå ”Fjellfolket” i vest, det vil seia på Storesotra, frå Sundsokningane og frå folket i Øygarden.

I dag er det Laurdag morgon og eg står på farten og skal til Askøy. I dag er det Ungdommens kulturmønstring! Dette er eit fellesarrangement for kommunane Sund, Fjell, Øygarden og Askøy. Min gode ordførarkollega Knut Hanselmann skal opne arrangementet og eg skal vere ein av dei som set i juryen. Dette er ikkje ein konkurranse men ei mønstring der ein skal vektleggje nyskaping, formidling, orginalitet og kunstnarisk kvalitet mm. Det vert såleis spanande å sjå kven som går vidare til fylkesmønstringa i Hordaland.

Ha ei riktig god helg
Helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar