fredag 14. januar 2011

Ny kyststamveg eit alternativ for Sund?

Torsdag 12.januar var eg på Stord. Der la Vegvesenet fram ulike alternativ for den planlagde nye kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen. Målet med kystamvegen er å binde regionen tettare saman og få redusert reisetid mellom Bergen og Stavanger til ca 2 timar.
Planen er å få kyststamvegen med i Nasjonal transportplan frå 2014.


Eit av alternativa går over Austevoll og Sund med ei hengebru over Korsfjorden. Dette er eit spenstig alternativ. Kostnadene er høge ca 17 milliardar, på tid konkurrerer dette alternativ godt og ein vil bruke her 53 minuttar frå Leirvik til Bergen. Alternativet via Fusa er berekna til  9 milliardar og gjer ei reisetid på 65 minuttar mellom Leirvik og Bergen. Det er også lanser nokre alternativ over Bjørnefjorden ref artikkelen i BT, men eg trur vegen om Fusa er det mest realistiske dersom samfunnet vel å legga det rimeligaste alternativet til grunn som også gjev ferjefri kyststamveg.
I dette prosjeket har Vegvesenet vore serdeles framsynte og villige til å sjå på ny teknologi noko eg har savna i Sotrasambandet når debatten om tellnesalternativet var oppe!






Ha ei fin fin helg
Ove


1 kommentar:

  1. Det ytre altenativet over Austevoll-Sund vil jo vera drømmealternativet for Austevoll! Her blir dei jo landfast både i Sør og Nord! I tillegg får Sund (Sotra) eit skikkelig samband sørover og ikkje minst nytt fastlandssamband mot Bergen i tillegg til Sotrabrua. Samfunnsøkonomisk kan jo dette altenativet bli billegast av desse 4 alternativa, fordi ein då kan skrinlegga ny Sotrabru,(Sotrasambandet) og bruka pengane frå dette prosjektet her. Austevoll har ønskt seg fastlandssamband lenge, og dette er kanskje einaste måten det kan bli realisert på pga det blir for dyrt som sjølvstendigt prosjekt. Her bør både Sund og Austevol gå saman og kjempe!

    SvarSlett