onsdag 19. januar 2011

Får klimaplanen i Hordaland konsekvens for Sotrasambandet - Intrykk frå Klimarådet

I dag var det oppstart i Klimarådet Hordaland. Opprettelsen av Klimarådet er ein del av handlingsplanen til Hordaland fylkeskommune for å nå klimamål. Etter mitt syn er det ambesiøse klimamål vi har og som også får konsekvensar for blandt anna samferdsel.

Første del av dagen var det ein samling av både administrativt personell og politikara. Fylkesrådmannen opna møtet og tok til ordet for at arbeidet måtte gi resultat. Klimaspørsmålet angår alle og utsiktene er dystre i følgje forskarmiljø. Vi veit at endringar tar tid derfor er det viktig at vi tar grep no. Ambisjonane er vedtatt av fylkestinget og beskreve  i klimaplan og handlingsprogrammet for Hordaland.



Byråd Lisbeth Iversen innleia på vegne av klimabyen Bergen. Det er blant mykje anna vedtatt i handlingsprogrammet at utslepp frå bil skal reduserast med 30% innan 2030. Bergen har ei luftforureining som er ekstra krevjande på kalde dagar. Dette grunna at kald luft sig ned i Bergen og dreg/sug til seg forureina luft med klimagassar frå områda rundt. Årsaka til klimagassane fordel seg slik:

Bil 55%, forbrenning 22%, prosess 12% andr kilder 11%

I følge handlingsplanen skal 70% av alle personreiser i Bergensregionen i 2030 skje med bruk av kollektivtransport eller ved bruk av fornybar energi. Vi må bli litt ”tøffe i trynet” og kollektivtransport må ta veksten hevdar Lisbeth Iversen.

Min første tankar var:

Kva får dette for konsekvensar for Sotrasambandet?

Eg stilte spørsmålet i det politiske klimarådet etter lunsj, men fekk ikkje noko fullgodt svar. Klimasjef Eva Britt Isager i Bergen meinte at vegplanar og samferdselsambisjonar måtte stå i samsvar med klimaplanar og målsettingar. Det skal såleis bli interessant å følgje Bergen si handtering av Sotrasambandet i tida som kjem.


Klimarådet skal medverke til å nå nasjonale og globale klimamål, måla i Klimaplan for Hordaland og måla i dei kommunale klima- og energiplanane i kvar einskild kommune i Hordaland.
Klimarådet skal vere ein møteplass for politikarar i Hordaland – for å drøfte felles innsats og satsingar, og ein stad for utveksling av idear og erfaringar med klimaarbeid. Det skal medverke til synergieffektar på tvers av kommunegrenser og forvaltingsnivå og gjere klimafylket Hordaland endå meir synleg, slagkraftig og resultatretta i klimaarbeidet. Det kan verta eit krevjande arbeid dersom ein skal nå målsettingane.
Vi skal utveksle erfaringar, syte for at døme på ”best practice” smittar frå ein kommune til ein annan og forhåpentlegvis og verte premissleverandørar for ein meir offensiv nasjonal klimapolitikk.


Klimarådet er sett saman av politiske leiarar:

Hordaland fylkeskommune:              Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Bergen kommune:                            Byråd Lisbeth Iversen
Bergensalliansen:                             Ordførar Terje Søviknes, Os kommune
Hardangerrådet:                              Ordførar Jon Larsgard, Jondal
Regionrådet Nordhordland:              Ordførar Håkon Matre, Masfjorden
 Ordførar Ole Lysø, Austrheim
Regionrådet Vest:                            Ordførar Olav Martin Vik, Øygarden kommune
 Ordførar Ove Trellevik, Sund kommune
Samarbeidsrådet for Sunnhordland:  Ordførar Liv Kari Eskeland, Stord kommune
 Ordførar Harald Rydland, Fitjar kommune
Voss kommune:                               Varaordførar Sigbjørn Hauge, oss kommune

Administrative:
Bergen kommune                             klimasjef Eva Britt Isager
Hordaland fylkeskommune               fylkesrådmann Paul M. Nilsen
 regionaldirektør Jan Per Styve

helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar