Tida fyk og eg er sein med oppdatering av bloggen!
Eg har hatt ei travel veke, med møter og konferansar både på dagtid og kveldstid. Det skjer mykje spennande her i Sund som vitnar om at Sund er ein god kommune å leva og bu i.
I dag var det oppstart i Klimarådet Hordaland. Opprettelsen av Klimarådet er ein del av handlingsplanen til Hordaland fylkeskommune for å nå klimamål. Etter mitt syn er det ambesiøse klimamål vi har og som også får konsekvensar for blandt anna samferdsel.
Tysdag deltok eg på januarmøtet til Vest næringsråd (VNR). Dette var eit godt arrangement. Ca 150 deltakarar som er ”all time high” i auditoriet til CCB.
Torsdag 12.januar var eg på Stord. Der la Vegvesenet fram ulike alternativ for den planlagde nye kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen. Målet med kystamvegen er å binde regionen tettare saman og få redusert reisetid mellom Bergen og Stavanger til ca 2 timar.
Planen er å få kyststamvegen med i Nasjonal transportplan frå 2014.
Vanlegvis avsluttar eg arbeidsveka i studioet til Radio Sotra med sending på 104,5 Mhz. Men sidan Rolf er på ferie i Thailand og det såleis ikkje blir ordførarprat denne veka oppsummerar eg i bloggen her.
Dette innlegget er også basert på et resymé av samandraget i rapporten frå Opus då dette er samanfallande med mykje av det som kom fram på møtet i dag.
I dagens Vestnytt 6.januar 2011 gjer eg uttrykk for mine bekymringar rundt nord – sør traseen. Bakgrunnen er slik eg opplever det, er tilsynelatande manglande resursar til å lage en teneleg veg frå Kolltveit til Sund, den såkalla nord – sør traseen.
Som ny ordfører i Sund kommune har dette vært en interessant dag for meg. På Radisson SAS Hotell Norge var det samlet over 130 deltakere og mange gode innlegg.